Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Det norske språket er berar av den norske kulturhistoria. Dei to skriftspråka og dei mange dialektane våre er heilt avgjerande for den kulturelle identiteten vår og for samhaldet i det norske samfunnet. For kvar enkelt av oss er morsmålet det viktigaste verktøyet vi har for tenking, kreativitet, læring, samtalar og deltaking i det offentlege ordskiftet. Det norske språket er ein av dei aller viktigaste ressursane vi har.

I dag er norsk framleis eit livskraftig språk. Men målt opp mot engelsk, som er det dominerande verdsspråket, er det svært lite. Om lag 1 milliard menneske meistrar engelsk, mens berre i overkant av 6 millionar meistrar norsk. I ei verd der kommunikasjonen strøymer mykje raskare enn før, ikkje minst digitalt, må vi forvente at den globale engelskspråklege dominansen vil få enda større kraft framover. Det må vi handtere med ein kraftfull og målretta språkpolitikk.

Fagspråket som blir brukt på norske institusjonar for forsking og høgare utdanning, har mykje å seie for kommunikasjon, samhandling og deltaking i resten av samfunnet. Gjennom forsking og høgare utdanning blir det utvikla fagtermar og eit akademisk språk som pregar den offentlege samtalen, profesjonell terminologi, skuleverket, arbeidsspråket i norske verksemder og kvardagsspråket vårt. Akademisk språkbruk har derfor høg prioritet i språkpolitikken til regjeringa.

Norsk fagspråk i akademia har allereie vore diskutert i fleire tiår. Sidan 1990-talet har Stortinget fleire gonger understreka at det norske fagspråket må bevarast og vidareutviklast parallelt med ei ønskt og nødvendig internasjonalisering, og uttrykt uro for kor sterk auken i bruk av engelsk har vore. Særleg dei siste ti åra har det vore sett i verk ulike språkpolitiske tiltak. Men den negative utviklinga for norsk fagspråk i akademia har berre halde fram (sjå nærare omtale nedanfor).

Formålet med denne handlingsplanen er å setje i verk tiltak som er kraftfulle nok til å gje ei reell styrking av norsk fagspråk, samstundes som domenetapet til engelsk skal motverkast og etter kvart bli snudd. Handlingsplanen lanserer ei rekkje nye tiltak, i tillegg til at han styrkjer og samordnar eksisterande verkemiddel. Planen skal bidra til at ansvaret for norsk fagspråk kjem høgare opp på dagsordenen i akademia, både nasjonalt og ved institusjonane.

1.1 Status

Statistikken syner ein klar nedgang i bruk av norsk fagspråk dei siste tiåra, tydelegast i forskinga, men òg når det gjeld undervisning og læring. Delen av registrerte publikasjonar i det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Cristin som er norskspråklege, er redusert frå 16 prosent i 2010 til 9 prosent i 2021, det seinaste året vi har tal for. Det er store skilnader mellom fagområda: Innanfor naturvitskap og teknologi er det nesten ikkje vitskaplege publikasjonar på norsk, i medisin og helsefag er 5 prosent av publikasjonane på norsk, i humaniora er delen norskspråklege publikasjonar redusert frå 42 til 27 prosent i perioden 2011–2019, og i samfunnsvitskap er delen redusert frå 33 til 24 prosent i den same perioden.1

På dei statlege universiteta og høgskulane har delen undervisningsemne med norsk som planlagt undervisningsspråk gått ned frå 85 prosent i 2010 til 72 prosent i 2021, medan engelskdelen har auka om lag tilsvarande, frå 15 prosent til 28 prosent. I den same perioden har delen studentar på emne med norsk som planlagt undervisningsspråk gått ned i alle fagområde. Når det gjeld mastergradsoppgåver, syner statistikken òg at delen som er skriven på engelsk, aukar. I 2021 var delen engelskspråklege oppgåver om lag 45 prosent.2

Talet på norskspråklege doktorgradsavhandlingar har lege nokolunde stabilt på kring 100 dei siste 20 åra, om lag 10–15 av dei på nynorsk, medan talet på engelskspråklege har auka frå 1323 i 2012 til 1450 i 2022. Såleis var om lag 93 prosent av avhandlingane på engelsk i 2022, ein auke på 2–3 prosentpoeng sidan 2010, medan om lag 7 prosent var på norsk. Det blir omtrent ikkje skrive avhandlingar på andre språk i Noreg.3

Utviklinga i bruken av norsk og engelsk heng saman med internasjonaliseringa av dei vitskaplege stabane, som har vore sterk dei siste tiåra. Delen forskarar med utanlandsk bakgrunn ved norske universitet, høgskular, helseføretak og forskingsinstitutt har auka frå 18 prosent i 2007 til 32 prosent i 2021. Innanfor naturvitskap og teknologi er delen heile 49 prosent.4 Delen utanlandske studentar har ikkje vakse vesentleg.

Hausten 2022 gjennomførte Rambøll ei undersøking om norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høgskulesektoren for Språkrådet og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.5 Undersøkinga syner at det er få av dei vitskapleg tilsette som oppgjev at dei blir oppmuntra til å skrive fagtekstar på norsk, medan det er ei tydeleg oppmuntring til å skrive fagtekstar på engelsk. I den same undersøkinga meiner nesten halvparten av dei spurde at norske faguttrykk manglar i nokon eller i større grad innanfor faget deira.

Graf som viser utviklinga i forholdet mellom norsk og engelsk.

1.2 Utfordringar

Moderne forsking er i stor grad ei global verksemd. Forskarar i dei aller fleste fag er avhengige av å publisere i internasjonale kanalar for å få forskingsresultata sine vurderte mot den internasjonale forskingsfronten og for å leggje til rette for forskingssamarbeid. I mange fag er dette ein føresetnad for høg kvalitet. At mykje norsk forsking i dag blir publisert på engelsk, er derfor ikkje i seg sjølv eit problem. Val av publiseringsspråk er dessutan omfatta av den akademiske fridomen, og ligg til den enkelte forskaren.

Samstundes er det òg ei rekkje fagområde der viktig fagleg debatt går føre seg i eit norskspråkleg miljø, til dømes i forskinga på spesifikt norske eller nordiske tema, eller knytt til profesjonsutøving i det norske samfunnet. Denne forskinga må sikrast publiseringskanalar av høg kvalitet og må bli verdsett ut frå kor viktig ho er, til liks med den engelskspråklege.

Utfordringane er meir presserande innan høgare utdanning. Som vist ovanfor har det vore ein sterk auke i delen av undervisninga på universiteta og høgskulane som går føre seg på engelsk, på både bachelor- og masternivå. Institusjonane skal sjølvsagt kunne tilby engelskspråklege emne retta mot internasjonale studentar, men rapportar frå sektoren tyder på at overgangen til engelsk ofte skjer utan at det er teke fagleg grunngjevne val om dette, og ofte utan at studentane på førehand kan lese det ut av emneomtalen. Årsaka kan vere undervisarar som ikkje kan norsk, eller at det syner seg at studentgruppa inneheld ikkje-norskspråklege studentar.

Om norsk fagspråk skal bli ført vidare, er det avgjerande at undervisarane meistrar norsk språk. Internasjonalt rekrutterte undervisarar må få språkopplæring slik at dei kan undervise på norsk etter nokre år. Dei må òg kunne rettleie studentane i oppgåveskriving på norsk, bidra som sensorar, delta fullt ut i den administrative og kollegiale verksemda ved institusjonane og delta i det norske samfunnslivet.

Dei som skal undervise på norsk, treng eit godt utvikla norsk fagspråk og norske termar. Dette er òg noko studentane treng når dei skal skrive oppgåver. Innspela til arbeidet med handlingsplanen tyder på at det i mange fag er vanskeleg å få oversyn over terminologien på norsk. I nokre fag heng bruken av engelske ord og uttrykk saman med at det rett og slett manglar norske termar. Målet må vere at terminologien skal vere lett tilgjengeleg på engelsk og norsk (bokmål og nynorsk) for dei som treng han, både innanfor og utanfor akademia. Det er fagfolka i akademia som må utvikle denne terminologien, og han bør gjerast breitt tilgjengeleg gjennom den digitale Termportalen ved Universitetet i Bergen.

Når stadig meir kommunikasjon, samhandling og oppgåveløysing skjer digitalt, må vi leggje til rette for at dette kan skje på norsk. Den seinaste utviklinga innan kunstig intelligens, som til dømes samtaleroboten ChatGPT, syner kor avgjerande dette vil bli for bevaring og utvikling av det norske språket og for at teknologien skal fungere optimalt i ein norsk samanheng. Akademia er ein viktig aktør som ein stor brukar av språkteknologiske verktøy, og som ein premissgjevar for utviklinga gjennom forsking, undervisning og deling av data.

Norsk fagspråk er òg avgjerande for at forskarane skal kunne formidle forskinga si til det norske samfunnet. Demokratiet vårt og den offentlege samtalen er avhengig av slik formidling for at vi skal kunne drøfte aktuelle saker i tida, som til dømes klima- og miljøspørsmål eller kunstig intelligens. Kierulf-utvalet, som greidde ut om ytringsfridomen i akademia, tilrådde at formidlingsarbeidet i sektoren bør styrkjast, noko regjeringa har slutta seg til. Då treng vi norskspråklege tidsskrift, fagleg solide leksikon, lærebøker og andre fag- og sakprosabøker på norsk der fagspråket blir brukt i lengre, samanhengande tekstar. I tillegg treng vi samandrag på norsk av doktoravhandlingar og masteroppgåver og av funna i engelskspråklege forskingsprosjekt.

Institusjonane er tidlegare blitt pålagde å utarbeide språkpolitiske retningslinjer eller språkstrategiar, og det dåverande Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) publiserte i 2021 ein rapport som vurderte språkarbeidet ved institusjonane. Oppsummeringa var at dei aller fleste institusjonane hadde utarbeidd språkstrategiar, men at det var stor variasjon i kor viktige dei var for institusjonane, og i kva grad institusjonane hadde forsøkt å implementere dei.

Fotnoter

1.

Forskingsrådet (2020) Indikatorrapporten 2020.

2.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) (2022) Tilstandsrapport for høyere utdanning 2022.

3.

SSBs statistikk om forskarpersonale (doktorgradsavhandlingar etter språk).

4.

SSBs statistikk om forskarpersonale.

5.

Rambøll (2023) Undersøkelse om norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høyskolesektoren.
Til forsiden