Høring - Forslag om ny forskrift om stønader til dekning av utgifter knytt til å komme i eller å behalde arbeid, ny forskrift om tiltakspengar og enkelte andre endringar

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 14.06.2013

Vår ref.: 13/901


Det går fram av Stortingsmelding nr. 9 (2006-2007) Arbeid, velferd og inkludering at det skal vere personen sitt behov for bistand som skal avgjere kva for eit arbeidsretta tiltak han eller ho skal få tilbod om. Regelverket om dekning av visse utgifter som følgjer av tiltaksdeltakinga, t.d. naudsynte utgifter til reise og bustad, bør støtte opp under dette. I meldinga blei det derfor m.a. signalisert at departementet ønskjer å sjå nærare på om det er mogeleg å utforme eit felles regelsett for alle tilskot og stønader til å dekke slike utgifter uavhengig av regelverket for livsopphaldsytingane. I dette høyringsnotatet blir det foreslått at alle stønadene til dekning av utgifter i samband med deltaking på arbeidsretta tiltak og for å fremje mobilitet i arbeidsmarknaden blir harmoniserte og samla i ei ny forskrift.

Det blir og foreslått ei ny forskrift om stønad til livsopphald til tiltaksdeltakarar, dvs. basisytinga i den såkalla ”individstønaden”, som i dag er regulert i forskrift om arbeidsmarknadstiltak. Det blir dessutan foreslått at stønader til studiereiser skal tas inn i, og bli gitt som ein del av, opplæringstiltaket i forskrift om arbeidsretta tiltak. Dette inneber at utgifter til studiereiser må dekkjast innanfor kostnadstaket i § 7-4 i forskrift om arbeidsretta tiltak.

Høyringsnotatet er også tilgjengeleg på heimesida til Arbeidsdepartementet: www.regjeringen.no/ad.

Høyringsfristen er fredag 14. juni 2013. Vi ber om at svar blir sende til Arbeidsdepartementet, Postboks 8019 Dep., 0030 Oslo og til ebb@ad.dep.no.


Med helsing


Sara Bruvoll (e.f.)
avdelingsdirektør
 

Eldrid Byberg
 seniorrådgjevar

  • Alle departementer
  • Statsministerens kontor
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
  • Akademikerne
  • Unio
  • Næringslivets hovedorganisasjon
  • Kommunesektorens organisasjon KS
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Trygderetten
  • Skattedirektoratet
  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
  • Virke
  • Sámediggi - Sametinget
  • Velferdsalliansen
  • Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Norges Blindeforbund
  • Kreftforeningen
  • Rådet for psykisk helse
  • Statens råd for likestilling av funksjonshemmede
  • Aleneforeldreforeningen
  • Foreningen 2 foreldre