Høring - Rapport frå Statens vegvesen ("Fra sams og samling") om konsekvensar ved overføring av fylkesvegadministrasjon frå Statens vegvesen til fylkeskommunane 1.1.2020
Høring | Dato: 16.05.2018 | Samferdselsdepartementet
Høring av rapport frå Statens vegvesen ("Fra sams og samling") om konsekvensar ved overføring av fylkesvegadministrasjon frå Statens vegvesen til fylkeskommunane 1.1.2020
Ved handsaming av Prop. 84 S (2016 – 2017) Ny inndeling av regionalt forvaltingsnivå, jf. Innst. 385 S (2016 – 2017), gjorde Stortinget oppmodingsvedtak om at regional vegadministrasjon skal overførast til regionalt folkevald nivå. Vedtaket lyder:
Stortinget ber regjeringen sørge for at regional vegadministrasjon, som har ansvar for planlegging og drift av fylkesveiene, overføres fra Statens vegvesen til regionalt folkevalgt nivå.
Vegdirektoratet fekk i brev frå Samferdselsdepartementet av 30. november 2017 i oppdrag å greia ut spørsmål om å overføra til fylkeskommunane den delen av vegadministrasjon i Statens vegvesen som utfører oppgåver for fylkeskommunane etter veglova. Frist for å levera rapport vart sett til 15. mai 2018.
Oppdraget til Vegdirektoratet var fleirledda. For det første skulle det kartleggja dei oppgåvene som ligg til sams vegadministrasjon i dag. Vidare skulle det vurdera kostnader og konsekvensar av ei overføring for Statens vegvesen og fylkeskommunane. Siste del av oppdraget var å laga skisse(r) til modell(ar) og framlegg om korleis ei overføring av den delen av sams vegadministrasjon som gjeld fylkesvegane kan gjennomførast.
Vegdirektoratet leverte 15. mai rapporten: "Fra sams og samling.
Konsekvenser ved overføring av fylkesvegadministrasjon fra Statens vegvesen til fylkeskommunene fra 1.1.2020, og vurderinger av alternativer". Rapporten ligg ved dette brevet. Utgreiinga byggjer på fleire delutgreiingar og andre underlagsdokument, lista opp side 77 i rapporten. Dokumenta er tilgjengelege for høringsinstansar på førespurnad til Statens vegvesen.
Samferdselsdepartementet bed med dette om synspunkt på rapporten, med utgangspunkt i mandatet for oppdraget og framlegga i rapporten.
Samferdselsdepartementet bed om at KS sender rapporten til aktuelle prosjektleiarar der to eller flerie fylkeskommunar skal slå seg saman.
Frist for å levera merknader er 22. juni 2018, men det er ønskeleg med merknader så snart råd der. Høringssvar skal sendast elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høringssvar (under "Send inn høringssvar" på denne sida). Unntaksvis kan høringssvar sendast Samferdselsdepartementet postmottak@sd.dep.no.
Med helsing
Hans Einar Nerhus (e.f.)
avdelingsdirektør
Dag Namtvedt
underdirektør
Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Hedmark fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
KS
LO Stat
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune - Byrådet
Rogaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Østfold fylkeskommune