Høring – Arbeidsgruppen mot Ulovlige anskaffelser

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 20.08.2003

Vår ref.:

Høringsinstanser

R]

Dykkas ref

Vår ref

Dato

200303371-1

19.05.2003

Høyringsbrev - rapport frå AUDA -
”Arbeidsgruppen mot Ulovlige Direkte Anskaffelser”

Rapport frå Arbeidsgruppen mot Ulovlige Direkte Anskaffelser er lagt ved.

Arbeidsgruppa vart nemnt opp av Nærings- og handelsdepartementet for å vurdere sanksjonar ved brot på regelverket om offentlege innkjøp.

Mandatet innebar å vurdere om gjeldande sanksjonsreglar i lov om offentlige anskaffelser var tilstrekkelege til å motverke ulovlege direktekjøp og eller om nye sanksjonsmekanismar måtte til. Med ulovleg direktekjøp meiner vi tilfelle der innkjøp på over 200 000 kroner ikkje har blitt kunngjort som føresett i forskrift om offentlige anskaffelser.

Eit samandrag av framlegget frå arbeidsgruppa står på s. 11 i rapporten.

Arbeidsgruppa har føreslått følgjande tiltak:

  • Konkurransetilsynet får i oppgåve å føre tilsyn med ulovlege direktekjøp.
  • Alle direktekjøp over ein viss storleik skal førast i innkjøpsprotokollen.
    Fleirtalet i gruppa går inn for ei grense på NOK 50 000, medan to medlemmer meiner at berre kjøp på over NOK 200 000 skal protokollførast.
  • Alle direktekjøp over NOK 200 000 skal kunngjerast på førehand, minst tre verkedagar før avtale blir skipa. I kunngjeringa skal det stå kva unntaksføresegn direktekjøpet fell inn under.

I tillegg har arbeidsgruppa føreslått desse sanksjonane for å motverke ulovlege direktekjøp:

  • Konkurransetilsynet får heimel til å bøteleggje oppdragsgjevarar som visste eller burde ha visst at dei har gjort eit ulovleg direktekjøp.
  • Fleirtalet i arbeidsgruppa går inn for at Konkurransetilsynet skal få kompetanse til å erklære ei avtale for ugyldig i visse avgrensa tilfelle.
  • Konkurransetilsynet får tilsvarande kompetanse til å gi pålegg for å hindre ulovlege direktekjøp som Nærings- og handelsdepartementet har i dag etter innkjøpsforskrifta § 3-11.
  • Fleirtalet i arbeidsgruppa går inn for at domstolane skal kunne døme personar eller føretak til straff dersom dei forsettleg eller grovt aktlaust har gjort eit ulovleg direktekjøp. Straffenorma bør først og fremst rette seg mot manglande kunngjering.


Nærings- og handelsdepartementet bed om innspel på framlegget til tiltak og sanksjonar.

Høyringsfristen er sett til 20. august 2003.

Med helsing

Pål Hellesylt (e.f)
avdelingsdirektør

Kaja Breivik Furuseth
førstekonsulent

Vedlegg 1 (AUDA-rapporten i pdf.format)

EIC Nord/Vinn

Akershus fylkeskommune

Arntzen de Besche adv.firma

Aust-Agder fylkeskommune

BA-HR adv.firma

Bedriftsforbundet

BNL

Buskerud fylkeskommune

Den Norske Advokatforening

EBA

Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg

Euro Info Centre Oslo, Eksportrådet

Fellesforbundet

Haugesund kommune

Hjort DA adv.firma

HSH

Haavind Vislie DA adv.firma

Karmøy kommune

Kluge Adv.firma DA

Konkurransetilsynet

KS

Lillehammer kommune

LO

Lyngdal kommune

NHO

NIMA Utdanning

Nordland fylkeskommune

Norges Juristforbund. Dommerforeningen

OLF

Oppegård kommune

Oslo kommune, Kommunerevisjonen

Registerenhet i Brønnøysund

Regjeringsadvokaten

Riksrevisjonen

Schjødt advokatfirma AS

Simonsen Føyen adv.firma DA

Skedsmo kommune

Skien kommune

SND

Statens Forvaltningstjeneste

Statens vegvesen, Vegdir.

Statsbygg

Statskonsult

Steinkjer kommune

TBL

Thommessen Krefting Greve Lund AS Adv.firma

Universitetet i Oslo, Inst. for privatrett

Vennesla kommune

Wiersholm, Mellbye & Bech Adv.firma AS

Yrkesorg. Sentralforbund

Øvre Eiker kommune

Samtlige departementer

SMK