Høyring om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Kunnskapsdepartementet fastsette 6. januar 2017 forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler. Departementet foreslår no i tillegg endringar i § 4-1 og 7-13 i opptaksforskrifta.

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 01.06.2017

Vår ref.: 16/7356

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning


Kunnskapsdepartementet fastsette 6. januar 2017 forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

Departementet foreslår no i tillegg endringar i § 4-1 og 7-13 i opptaksforskrifta.

§ 4-2 Spesielle opptakskrav til enkelte helse og veterinærfag
Departementet foreslår å fastsetje spesielle krav for opptak til sjukepleiarutdanning i § 4-2 Spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag.

Departementet legg vekt på at skjerpa poeng- og karakterkrav på sikt vil medverke til å styrke rekrutteringa og kvaliteten i utdanninga. Departementet føreset at betre kunnskapar frå vidaregåande opplæring i norsk og matematikk vil kunne føre til auka gjennomføring av slike studiar med til dømes lågare strykprosent i faget medikamentrekning og betre legemiddelhandtering i yrkesutøvinga som sjukepleiar. Departementet er innforstått med at forslaget om skjerpa karakterkrav kan føre til vanskar med å rekruttere nok kvalifiserte søkjarar for enkelte lærestader.

Departementet ber høyringsinstansane vurdere og prioritere dei tre forslaga. Nye krav vil eventuelt vil komme i tillegg til, eller erstatte den godkjende forsøksordninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Forslag 1
Søkjaren må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk vil ikkje gjelde for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

Forslag 2
Søkjaren må dokumentere eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk vil ikkje gjelde for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

Forslag 3
Søkjaren må dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på karakteren 3,0 i norsk (393 timar) og 3,0 i fellesfaget matematikk (224 timar). Karakterkravet i matematikk vil ikkje gjelde for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.

Det blir tatt sikte på at endringa skal tre i kraft frå og med opptaket hausten 2018.

§ 7-13 Rangering på grunnlag av særskild vurdering
Det følgjer av § 7-3 første ledd i opptaksforskrifta at søkjarar kan rangerast ut frå ein særskild vurdering dersom "spesielle forhold gir grunn til å tru at karaktersummen etter føresengene i §§ 7-5 til 7-7 ikkje gir eit rett bilete av kvalifikasjonane til søkjaren".

Sivilombudsmannen har i ei fråsegn sagt at regelen om kva som skal vere grunnlaget for særskild vurdering, ikkje er tydeleg nok. Departementet ser at det er eit behov for ei nærare klargjering av kva som skal vere grunnlaget for særskild vurdering. Det er normalt resultat frå vidaregåande opplæring som er grunnlaget for opptak til høgre utdanning. At ein søkjar legg ved dokumentasjon på spesielle forhold og ber om vurdering på særskild grunnlag, vil ikkje endre på det. Det er viktig å vere merksam på at utdanning utover vidaregåande opplæring, eller andre forhold etter slik opplæring, ikkje skal tilleggjast vekt i ei særskild vurdering knytt til opptak til høgre utdanning. Departementet foreslår derfor ei presisering for å klargjere kva som skal leggjast til grunn for særskild vurdering og foreslår å endre § 7-13 tredje ledd slik (endringa er markert med feit kursiv):

Forhold som dei som er nemnde ovanfor gir ikkje i seg sjølve rett til studieplass. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter §§ 7-1 til 7-12 og 7-14. Søkjaren må sannsynliggjere at dei særskilde forholda har hatt innverknad på resultata frå vidaregåande opplæring. Utdanning og andre forhold utover vidaregåande opplæring skal ikkje tilleggjast vekt.

Det blir tatt sikte på at denne endringa skal tre i kraft frå og med opptak til studieåret 2017-2018.

Høyringsfrist
Høyringssaka er tilgjengeleg på regjeringen.no. Høyringsfråsegner kan sendes elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringsfråsegner på www.regjeringen.no/id2539074 Alternativt kan høyringsfråsegner sendes Kunnskapsdepartmentet; postmottak@kd.dep.no Høyringsfråsegner er offentlege og blir publisert.

Høyringsfristen er torsdag 1. juni 2017.

 

Med helsing

Toril Johansson (e.f.)
ekspedisjonssjef
                                                                                             Lars Arne Aasen
                                                                                             seniorrådgivar

 


Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrivne signaturar.

 

Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Ansgar Teologiske Høgskole
Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Atlantis Medisinske Høgskole
Aust-Agder fylkeskommune
Barne- og likestillingsdepartementet
Barrat Due musikkinstitutt
Bergen Arkitekthøgskole
Bjørknes høyskole
Buskerud fylkeskommune
CERES
Delta
Den Norske Jordmorforening
Den norske legeforening
Den norske veterinærforening
Det teologiske Menighetsfakultet
Dronning Mauds Minne Høgskole for førskolelærerutdanning
Elevorganisasjonen
Fagforbundet
Faglig råd for helse- og oppvekstfag
Finansdepartementet
Finnmark fylkeskommune
Fjellhaug Internasjonale Høgskole
Forskerforbundet
Forsvarsdepartementet
Forum for fagskoler - Abelia
Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
Fylkesmannen i Buskerud
Fylkesmannen i Finnmark
Fylkesmannen i Hedmark
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Nordland
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag
Fylkesmannen i Oppland
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Troms
Fylkesmannen i Vestfold
Fylkesmannen i Østfold
Handelshøyskolen BI
Hedmark fylkeskommune
Helse Midt-Norge RHF
Helse Nord
Helse- og omsorgsdepartementet
Helse Sør-Øst RHF
Helse Vest RHF
Helsedirektoratet
Hordaland fylkeskommune
Hovedorganisasjonen Virke
Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Molde vitenskapelig høgskole i logistikk
Høgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Sørøst-Norge
Høgskolen i Volda
Høgskolen i Østfold
Høgskolen Kristiania
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
Høgskulen på Vestlandet
Høyskolen Diakonova
Høyskolen for Ledelse og Teologi
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
KOMPETANSE NORGE
Kompetanse Norge
KS
Kulturdepartementet
Kunsthøgskolen i Oslo
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Lovisenberg diakonale høgskole
Lærernes Yrkesforbund
Musikkteaterhøyskolen
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
Nettverk for private høyskoler
NLA Høgskolen
Nord universitet
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Dansehøyskole
Norges Handelshøyskole
Norges idrettshøgskole
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
Norges musikkhøgskole
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Noroff høyskole
Norsk barnebokinstitutt
Norsk Gestaltinstitutt AS Høgskole
Norsk høgskole for helhetsterapi
Norsk Lektorlag
Norsk studentorganisasjon
Norsk Sykepleierforbund
NSF-student
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Olje- og energidepartementet
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune
Rogaland fylkeskommune
Rådet for offentlige fagskoler
Samferdselsdepartementet
Samisk høgskole
Skolelederforbundet
Skolenes landsforbund
Skrivekunstakademiet
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statens helsetilsyn
Statens lånekasse for utdanning
Steinerhøyskolen
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Unio
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet
Utdanningsdirektoratet
Utdanningsforbundet
Utenriksdepartementet
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
VID vitenskapelige høgskole
Westerdals - Oslo School of Arts Communication and Technology
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Østfold fylkeskommune
Videregående skoler