Høring - forslag til diverse endringar i jordlova mv.

Ot.prp.nr. 75 (2005-2006) Om lov om endringar i jordlova mv. Tilråding av 12.05.06

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 01.11.2005

Vår ref.:
 

 

Deres ref

Vår ref

Dato

 

200501130-/IAA

04.07.05

Høringsbrev - forslag til diverse endringar i jordlova mv.

Departementet inviterer med dette til innan 1. november 2005 å gi uttale til forslag til lovendringar. Forslaga gjeld:

  • oppheving av delingsforbodet, jordlova § 12, del I,
  • oppheving av føresegner om staten sine kjøp av tilleggsjord og føresegner om ekspropriasjon etter jordlova, del II,
  • tilskotsordninga, jordlova § 18, del III,
  • oppheving av nokre uaktuelle lover, del IV.

Del I, II og IV byggjer mellom anna på eit ønske om forenkling. I del I er det også lagt vekt på at det er nødvendig å konsentrera offentleg innsats om verkemiddel som har potensial for å sikre busetjing, næringsverksemd, innovasjon og livskvalitet i distrikta.

Eigedomar og bygningane som står på dei er ein ressurs. For å sikre positiv utvikling i bygde-Norge at må vi verta meir bevisste på korleis ressursane kan takast i bruk for å nå distrikts- og landbrukspolitiske mål. Eigedomspolitikken bør ta vare på ulike omsyn. Det er nødvendig å støtte opp om ei utvikling mot større eigedomar. Dette kan gi grunnlag for ein meir effektiv gjennomføring av landbruks- og tenesteproduksjonen. Samtidig bør innbyggjarane få større fridom til å velje sjølv korleis dei vil bu. Dei som ønskjer å bu på ein gard, men som ikkje hentar inntekta si frå tradisjonelt landbruk, bør få større moglegheit enn i dag til å gjere det. Det må også bli større moglegheit til å få frådelt store tomter i landbruksområde. Det må samtidig takast vare på dyrka jord, og kulturlandskapet må sikrast som grunnlag for rekreasjon. Samla er dette ein politikk som legg til rette for å nytte eiendomsressursane slik at busetjing, næringsverksemd, innovasjon og livskvalitet i distrikta kan sikrast på ein betre måte enn i dag.

Forslaga i del I og II går ut på:

  • at det generelle forbodet mot å dele landbrukseigedom vert oppheva samstundes som det vert fastsett reglar om å søkje delingssamtykke der det er behov for offentleg kontroll med delinga, t.d. ved frådeling av dyrka jord.
  • at eigaren må søke samtykke til deling eller frådeling av dyrka jord med mindre det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, eller der frådelinga gjeld jord som skal seljast som tilleggsjord til eit anna bruk i drift.
  • at tinglysingskontrollen ved frådeling vert oppheva, og at kontroll av om delinga er omfatta av plikt til å søkje samtykke etter jordlova skal gjennomførast i samband med kommunen si handsaming av sak om deling og oppmåling etter føresegnene i plan- og bygningslova og ny lov om eigedomsregistrering.
  • å avvikle ordninga med frivillig statleg kjøp for å sikre tilleggsjord.
  • å oppheve oreigningsadgangen for å sikre tilleggsjord eller rettar og i samband med vanhevd av jord.

Departementet vurderer også:

  • om det bør gjerast unntak frå delingsfridomen dersom frådelinga gjeld bygningar som ligg i eller nær tunet på eigedomen.
  • om kommunane bør få moglegheit til å fastsette lokal forskrift med utvida plikt til å søkje samtykke til deling ut frå lokale tilhøve og prioriteringar eller om det bør innarbeidast endringar i føresegnene i plan- og bygningslova slik at kommunane kan fastsetje føresegner i arealplan.
  • å oppheve oreigningsadgangen i samband med husmanns- og bygselbruk.

Forslaget i del III byggjer på eit ønske om å synleggjera i jordlova § 18 kva for reaksjonar forvaltninga har høve til å nytte overfor tilskotsmottakarar som bryt tilskotsregelverket, og at omsetningsledda har ei rolle i tilskotsformidlinga. Forslaget inneber at forhold som i dag berre er regulert i forskrifter med heimel i jordlova også vert regulert i lov. Forslaget er ikkje meint å innebera endringar i gjeldande rett.

Forslaget i del IV byggjer på eit ønske om å rydde opp i regelverket ved å oppheva lover som har vorte uaktuelle på grunn av samfunnsutviklinga eller som har mista sin reelle funksjon av andre årsaker. Forslaget gjeld oppheving av følgjande lover:

  • Lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige innførselforbud mv.
  • Lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein
  • Lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning av potetmjøl m.m.
  • Lov 13. desember 1946 nr. 23 om omsetning av pelsdyrskinn
  • Lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift og råvareprisutjevning ved eksport (eksportrestitusjon) for produkter framstilt ved bearbeidelse av jordbruksråvarer
  • Lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar 1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Det er utarbeidd eit høringsnotat med grunngjeving og nærare framstilling av forslaga. Der er også forslaga til endringar i lovtekst markerte. Notatet er lagt ut på Landbruks- og matdeparte­mentet sine heimesider http://odin.dep.no/lmd/norsk/dok/hoeringer/bn.html. Dei som ikkje sjølv kan få ut notatet på internet kan ringe Landbruks- og matdepartementet på tlf. 22 24 92 51 eller 22 24 91 49 og be om å få tilsendt utskrift av notatet.

Departementet ber om at uttale vert sendt til departementet innan 1. november 2005. Vi ber om at det i uttalen vert markert særskilt kva for ein del av høringsnotatet merknadane gjeld.

Med hilsen

Ellen Hambro e.f.
ekspedisjonssjef

 

Inger Grette
avdelingsdirektør

  • Den norske advokatforening
  • Departementa
  • Direktoratet for naturforvaltning
  • Friluftsrådenes landsforbund
  • Fylkeskommunane
  • Fylkeslandbruksstyra
  • Fylkesmennene
  • HOFF Norske Potetindustrier
  • Innovasjon Norge
  • Jordskifteoverrettane
  • Kjøttindustriens Fellesforening
  • Kommunane
  • Kommunenes Sentralforbund
  • Nord Trøndelagsforskning
  • Norges Bondelag
  • Norges eiendomsmeglerforbund
  • Norges Naturvernforbund
  • Norges skogeierforbund
  • Norsk bonde- og småbrukarlag
  • Norsk forening for landbruksrett
  • Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
  • Norsk Landbrukssamvirke
  • Norsk Pelsdyralslag
  • Norsk senter for bygdeforskning
  • Norske Reindriftsamers Landsforbund
  • NORSKOG
  • Næringslivets hovedorganisasjon
  • Næringsmiddelbedriftenes landsforening
  • Reindriftsforvaltningen
  • Riksantikvaren
  • Statens kartverk
  • Statens landbruksforvaltning
  • Telemarksforskning Bø
  • Toll- og avgiftsdirektoratet
  • Universitetet for miljø- og biovitenskap Norges Landbrukshøyskole