Høring - utkast til veileder om taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltningen
Høring | Dato: 15.02.2021 | Justis- og beredskapsdepartementet
Høyring – utkast til rettleiar om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltninga
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til ein tverrfagleg rettleiar om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett i forvaltninga.
Utkastet byggjer på ei utgreiing utført av professor ph.d. Morten Holmboe etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Ei referansegruppe med medlemar frå fleire departement og underliggjande etatar kom med innspel undervegs. Dokumentet har seinare vorte tilarbeidd i samarbeid mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Morten Holmboe.
Målet med denne rettleiaren er å gje uttrykk for gjeldande rett på dette viktige området, og at dette går fram på ein slik måte at dei ulike etatane og enkeltpersonane skal kunne finne ut kva som gjeld for nettopp dei, både av generelle og meir sektorspesifikke reglar. Det er mellom anna lagt vekt på å få fram når det gjeld opplysningsplikt uavhengig av eventuell teieplikt. Sjå elles punkt 1 i utkastet om bakgrunnen for rettleiaren.
Me ber om innspel til om desse nemnde momenta kjem tydeleg nok til uttrykk, og korleis det eventuelt kan seiast meir presist. Vidare ber me særleg om at høyringsinstansane spelar inn om dei mest relevante problemstillingane har kome med, og om det er noko sentralt som manglar. Her gjer me særleg merksam på at rettleiaren skal vera retta mot den handsaminga som skjer i praksis i dei ulike etatane, og difor ikkje kan vera for lang. Det vil difor ikkje vera rom for omfattande tillegg, men tekst kan endrast eller bytast ut.
Utkastet skal vera oppdatert når det gjeld sentrale lovendringar per 1. februar 2021. Framlegg som er eller har vore på høyring, men som til no ikkje er følgde opp med noko lovframlegg, er ikkje eller berre i liten grad omtala. Dette gjeld mellom anna NOU 2019: 5 om framlegg til ny forvaltningslov og høyringsframlegget frå Justis- og beredskapsdepartementet 2. september 2020 om større høve til deling av opplysningar som er omfatta av teieplikt. Eventuelle vedtekne eller fremja lovframlegg her vil bli omtala i den fyrste endelege versjonen av rettleiaren, som vil bli ferdigstilla etter denne høyringa, eller i seinare versjonar av han.
Me ber om høyringssvar seinast måndag 12. april 2021.
Med helsing
Ole Knut Løstegaard e.f.
lovrådgjevar
Maria Edvardsen
seniorrådgjevar
Departementa
Statsministerens kontor
Arbeids- og velferdsetaten (NAV)
Arkivverket
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Tryggleiks- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS)
Digitaliseringsdirektoratet (Difi)
Direktoratet for arbeidstilsynet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for e-helse
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Disiplinærnemnda for advokater
Domstoladministrasjonen
Finanstilsynet
Finnmarkskommisjonen
Forbrukarklageutvalet
Forbrukarrådet
Forbrukartilsynet
Foreldreutvalet for barnehagar
Foreldreutvalet for grunnopplæringa
Forsvaret
Forsvarsbygg
Garantiinstituttet for eksportkreditt
Havforskingsinstituttet
Helsedirektoratet
Helseklage
Husbanken
Innstillingsrådet for dommarar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Jernbanedirektoratet
Justervesenet
Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA)
Kompetanse Norge
Konkurransetilsynet
KORO – Kunst i offentlege rom
Kriminalomsorgsdirektoratet
Kulturrådet
Kystverket
Landbruksdirektoratet
Landinfo
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Lotteri- og stiftingstilsynet
Luftfartstilsynet
Mattilsynet
Medietilsynet
Miljødirektoratet
Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (Nkom)
Nasjonalt tryggingsorgan
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalt folkehelseinstitutt
NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Norad – direktoratet for utviklingssamarbeid
Norec
Noregs forskingsråd
Noregs geologiske undersøkingar
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk akkreditering
Norsk Filminstitutt
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk Polarinstitutt
Norsk Romsenter
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)
Oljedirektoratet
Pasient- og brukeromboda
Patentstyret
Petroleumstilsynet
Politidirektoratet
Regelrådet
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Riksantikvaren
Rikslønnsnemnda
Rådet for teieplikt og forsking
Samordna opptak
Sekretariatet for konfliktråda
Senter for IKT i utdanninga
Senter for internasjonalisering av utdanning
Sentraleininga for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
SIFO – Statens institutt for forbruksforsking
Sivil klareringsstyresmakt
Sjøfartsdirektoratet
Skattedirektoratet
Språkrådet
STAMI – Statens arbeidsmiljøinstitutt
Statens helsetilsyn
Statens innkrevingssentral
Statens jernbanetilsyn
Statens kartverk
Statens legemiddelverk
Statens lånekasse for utdanning
Statens pensjonskasse
Statens sivilrettsforvaltning
Statens strålevern
Statens vegvesen – Vegdirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Statsbygg
Statsforvaltarane
Sysselmannen på Svalbard
Tilsynsrådet for advokatverksemd
Tilsynsutvalet for dommarar
Tolldirektoratet
Trygderetten
UNIT – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høgare utdanning og forsking
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Valdirektoratet
Nord universitetet
Norges miljø- og biovitskaplige universitet (NBMU)
Norges Teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
OsloMet – Storbyuniversitetet
Statlege høgskular
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Sørøst-Norge
Universitetet i Tromsø
Arbeidsretten
Høgsterett
Jordskifterettane
Lagmannsrettane
Tingrettane
Utmarksdomstolen for Finnmark
Noregs institusjon for menneskerettar
Ombodsmannen for Forsvaret
Riksrevisjonen
Sametinget
Sivilombodsmannen
Fylkeskommunane
Kommunane
Longyearbyen lokalstyre
Helse Midt-Norge RHF
Helse Nord RHF
Helse Sør-Øst RHF
Helse Vest RHF
Avinor
Bane Nor SF
Enova SF
Finnmarkseiendommen (Finnmárkkuopmodat)
Innovasjon Norge
Noregs bank
NRK AS
Siva SF
Statnett SF
Statskog SF
Vy gruppen AS
Amedia
Fagpressen
Institutt for journalistikk
Kommunal rapport
Landslaget for lokalaviser
Mediebedriftenes Landsforening
Norsk journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Schibsted
TV2
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Delta
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Den norske kyrkja
Den norske legeforening
Den norske revisorforening
Den norske tannlegeforening
Fagforbundet
Fellesforbundet
Forskerforbundet
Hovedorganisasjonen Virke
Juristforbundet
KS – kommunesektorens interesse- og arbeidgsgiverorganisasjon
LO – Landsorganisasjonen i Norge
Norsk Psykologforening
Norsk Sykepleierforbund
Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)
Private barnehagers landsforbund
SMB Norge
Unio
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund