Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2024-2025
Høring | Dato: 30.06.2023 | Kunnskapsdepartementet
Høyring – forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.
Departementet vurderer årleg, i samråd med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)/Samordna opptak (SO), om det er behov for endringar i opptaksforskrifta. Forslag om endringar frå universiteta, høgskolane og HK-dir som departementet har motteke innan 15. april, blir vurderte og sende på høyring, saman med eventuelle forslag frå Kunnskapsdepartementet. Det vedlagde høyringsnotatet er utarbeidd av HK-dir/SO på oppdrag frå departementet.
Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.
Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2984825.
Det skal sendast kopi av høyringssvara til post@hkdir.no.
Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er fredag 22. september 2023.
Departementet viser til vedlagde høyringsnotat frå HK-dir og forslag til endringar i opptaksforskrifta. Mindre, tekniske endringar, som endringar i namn på studium og andre språklege endringar, blir ikkje sende på høyring, jf. forvaltningslova § 37 fjerde ledd, bokstav c.
I tillegg til forslaga i høyringsnotatet foreslår departementet ei endring som det er gjort greie for under.
1.0 Forslag frå departementet
1.1 Kapittel 2. Generell studiekompetanse
Prop. 126 L (2022-2023) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) har følgande særmerknad til § 11-2 Studiepoeng og studieår: «[…} Utdanning som universiteter og høyskoler tilbyr for å gjøre en person kvalifisert for høyere utdanning, kan ikke gi uttelling i studiepoeng da dette ikke er å anse som høyere utdanning. Dette gjelder for eksempel forkurs for ingeniørutdanning eller norsk språk og samfunnskunnskap for utenlandske studenter.»
Med bakgrunn i dette foreslår departementet å endre ordlyd i opptaksforskrifta § 2-2 andre ledd nr. 3 frå «Bestått studium i høgare utdanning på minst 60 studiepoeng i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar» til «Bestått utdanning i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.»
1.2 Unntaksheimelen for flyktningar vidareførast ikkje
For studieåret 2022/2023 vedtok departementet ei mellombels føresegn i opptaksforskrifta § 3-2, som ga universiteta og høgskulane moglegheit til å gi dispensasjon frå krava til generell studiekompetanse for flyktningar. Føresegna gjaldt berre for studieåret 2022/2023.
Universitet og høgskular har lenge tilbudd utanlandske studentar eit årskurs i norsk språk og samfunnskunnskap for at dei skal dekke språkkravet i norsk. I tilbakemeldingar til departementet, ser vi at institusjonane primært har tilbode flyktningar dette årskurset eller tilsvarande trinnkurs i norsk. Nokre har også gitt tilbod om studieplassar på engelskspråklege bachelorprogram eller emne.
Det er utfordrande for mange flyktningar å kome seg opp på nivåkravet i norsk (B2) og engelsk i løpet av berre eit studieår. Rettleiing for vidare kvalifisering har vore varierande og utfordrande for både flyktningar og institusjonar. Det departementet har fått av rapporteringar tyder på at det er få flyktningar som har blitt kvalifisert for vidare studium i løpet av inneverande studieår, og unntaket frå opptakskrava for flyktningar som ble innført i fjor, har resultert i at det i nokre tilfelle er blitt tatt opp studentar som ikkje hadde dei nødvendige føresetnadane for å delta i eller fullføre ei utdanning.
Departementet har derfor kome fram til at det ikkje vil bli fastsett ei ny unntaksordning for flyktningar for opptak til universitet og høgskular for hausten 2023. Flyktningar bør primært få sin språkopplæring i regi av kommunane sine introduksjonsprogram, som er tilrettelagde for denne gruppa. Flyktningar bør primært bli kvalifisert for studium i høgare utdanning ved å ta fag i vidaregåande opplæring. Studieplassane i høgare utdanning bør fortrinnsvis nyttast til kvalifiserte flyktningar som kan starte på, eller fullføre, gradar der undervisninga er på engelsk, viss ikkje kravet til norskkompetanse er oppfylt.
Departementet presiserer at regelverket ikkje er til hinder for at universitet og høgskular kan gi flyktningar tilgang til å følge undervisning og ta eksamen på visse studiepoenggivande studium, som institusjonen vurderer at den enkelte søkar er i stand til å fullføre. Ei slik ordning inneber likevel ikkje at den enkelte flyktning får opptak til institusjonen, og utteljing i studiepoeng, då slike tilbod først kan krediterast etter at søkaren eventuelt har fått formelt opptak ved institusjonen (forsering).
Med helsing
Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør Katrine Elida Aaland
seniorrådgiver
- Association of Norwegian Students Abroad (ANSA)
- Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Elevorganisasjonen
- Fylkeskommunene inkl. Oslo kommune
- Norsk studentorganisasjon (NSO)
- Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)
- Private høyskoler
- Statlige universiteter og høyskoler
- Statsforvalterne
- Utdanningsdirektoratet
- Videregående skoler
Kopi
- Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Arbeidsgiverforeningen Spekter
- Barne- og familiedepartementet
- Forskerforbundet
- Forum for fagskoler - Abelia
- Hovedorganisasjonen Virke
- Justis- og beredskapsdepartementet
- Landsorganisasjonen i Norge
- Likestillings- og diskrimineringsombudet
- Lærernes Yrkesforbund
- Nasjonalt fagskoleråd
- Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
- Norsk Lektorlag
- Næringslivets Hovedorganisasjon
- Rådet for offentlige fagskoler
- Skolelederforbundet
- Skolenes landsforbund
- Statens lånekasse for utdanning
- Unio
- Universitets- og høgskolerådet
- Utdanningsforbundet
- Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund