Høyring - endring av yrkestransportlova - Unnatak frå løyveplikt for samkøyring, heving av øvre aldersgrense for å ha drosjeløyve og oppheving av krav om tilslutning til drosjesentral

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Framlegget til endringar er i hovudsak knytt til regelverk som gjeld drosjetransport. Endringane er ein del av eit større arbeid med å revidere drosjeregelverket.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 01.03.2017

Vår ref.: 16/1451

Høyring - endring av yrkestransportlova - Unnatak frå løyveplikt for samkøyring, heving av øvre aldersgrense for å ha drosjeløyve og oppheving av krav om tilslutning til drosjesentral

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

Framlegget til endringar er i hovudsak knytt til regelverk som gjeld drosjetransport. Endringane er ein del av eit større arbeid med å revidere drosjeregelverket. Føremålet med endringane er mellom anna å styrke forbrukerane sine interesser, i tillegg til å leggje til rette for ei effektivisering av drosjenæringa ved å lempe på nokre av dagens krav. Departementet har valt å dele opp regelverksarbeidet i ein lovdel og ein forskriftsdel. Departementet sender no framlegg til lovendringar på høyring og vil følgje opp med framlegg til forskriftsendringar i eit eiget høyringsnotat.

Framlegget frå departementet omfattar for det første ei endring av yrkestransportlova § 20. Framlegget inneber at det ikkje trengs løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som han sjølv, og vederlaget for transporten ikkje overstig kostnadene ved transporten fordelt mellom talet på personar i bilen. Departementet sitt framlegg vil erstatte gjeldande § 20 første ledd i yrkestransportlova som slår fast at transport av grannar og arbeidskollegaer med personbil på nærare vilkår er friteken frå krav om løyve.

Framlegget inneber for det andre ei endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd slik at den øvre aldersgrensa for å behalde eit løyve for drosjekøyring vert heva frå 70 til 75 år.

Framlegget inneber for det tredje ei endring av yrkestransportlova § 9 tredje ledd slik at det ikkje lenger vil vere høve for løyvestyresmaktene til å fastsette ei plikt for drosjeløyvehavar til å vere tilslutta drosjesentral og til å regulere drosjesentralane i løyvedistriktet. Etter framlegget om endring i § 9 tredje ledd vil løyvestyresmaktene kunne gje reglar for drosjeverksemda i løyvedistriktet. Føresegnene kan likevel berre gjerast gjeldande for løyvehavar og førar. Departementet gjer merksam på at ei endring av § 9 tredje ledd vil innebere eit behov for å gjere endringar i yrkestransportforskrifta.

Høyringa er tilgjengeleg på departementet sine nettsider. Vi ber om at høyringssvar vert sendt elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringssvar. Unntaksvis kan høyringssvar sendast Samferdselsdepartementet, fortrinnsvis pr. e-post til
postmottak@sd.dep.no

Departementet ber om tilbakemelding innan 1. mars 2017.


Med helsing


Anne-Lise Junge Jensen (e.f.)
avdelingsdirektør

Børge Helstrøm
førstekonsulent

Abelia
Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Aust-Agder fylkeskommune
Barne- og likestillingsdepartementet
Buskerud fylkeskommune
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT
Fagforbundet
Finansdepartementet
Finnmark fylkeskommune
Forbrukerrådet
Forsvarsdepartementet
Hedmark fylkeskommune
Helse- og omsorgsdepartementet
Hordaland fylkeskommune
Hovedorganisasjonen Virke
IKT Norge
ITS Norge
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kollektivtrafikkforeningen
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Konkurransetilsynet
KS
KS Bedrift
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Miljødirektoratet
Møre og Romsdal fylkeskommune
NHO Transport
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon - NITO
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Olje- og energidepartementet
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune - Byrådet
Pensjonistforbundet
Politidirektoratet
Regelrådet
Regjeringsadvokaten
Rogaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statsministerens kontor
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Utenriksdepartementet
Vegdirektoratet
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Yrkestrafikkforbundet
Østfold fylkeskommune