Høyring - framlegg om fjerning av fritak frå avgift for varesendingar av låg verdi (350-kronersgrensa)
Høring | Dato: 06.06.2019 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i lov og forskrift om meirverdiavgift, forskrift om toll og vareførsel og forskrift om skattebetaling. Føremålet med endringane er å likestille forbrukarkjøp av varer i Noreg med netthandel frå utlandske plattformar, når det gjelder avgifter på varene.
Framlegget inneber at varesendingar av låg verdi frå utlandet til forbrukar i Noreg vert avgiftspliktig, uavhengig av verdien på vara. Departementet meiner at avgiftsplikta ved slik import skal flyttast frå mottakaren som er forbrukar, til den som fasiliterer salget inn til Noreg. Dette vil gjelde uavhengig av om det er ein selgar eller elektronisk markedsplass som fasiliterer salget. Skatteetaten vil utvide ordninga med forenkla registrering, slik at dei som vert avgiftspliktige etter dette framlegget, vil kunne velje mellom å etablere seg i Noreg og registrere seg i det alminnelege Meirverdiavgiftsregisteret, eller å registrere seg i den forenkla ordninga. Nærare detaljar og avgrensingar av ordninga vert beskrivne i høyringsnotatet.
Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet med vedlegg til aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som kan ha interesse av saka, men som ikkje er oppførte på adressatlista.
Frist for å sende inn høyringssvar er 5. august 2019.
Høyringssvar sendast inn digitalt på www.regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Alle kan sende høyringssvar, men merk at svaret som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt blir publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.
Med helsing
Tor Lande e.f.
avdelingsdirektør
Beate Wenes
rådgjevar
Arbeids- og sosialdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bedriftsforbundet
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Direktoratet for økonomistyring
Finans Norge (FNO)
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Posten Norge AS
NHO Transport
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Naturvernforbundet
Natur og ungdom
Norsk Øko-Forum (NØF)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum Statoil ASA v/Anne-Ma Tostrup Smith, juridisk kontor
Tolldirektoratet
Unio, hovedorg. for universitets- og høyskoleutdannede
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS
ØKOKRIM
Økonomiforbundet