Høyring - Rapport om kriteria for fylkeskommunale båtruter i inntektssystemet
Høyring | Dato: 11.02.2020 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Møreforsking Molde og Transportøkonomisk institutt (TØI) har, på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vurdert kriteria for båtruter i inntektssystemet for fylkeskommunane. Møreforsking leverte sin rapport til departementet 29. januar. Departementet ønskjer å få tilbakemelding frå sektoren om innhaldet og tilrådingane i rapporten, og legg no rapporten ute på offentleg høyring.
Oppdraget til Møreforsking og TØI var å komme med innspel til nye kriterium for båtar i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane. Målet var å finne kriterium som er meir treffsikre enn i dagens nøkkel, samstundes som dei i størst mogleg grad er objektive, basert på offisiell statistikk og moglege å oppdatere jamleg.
Møreforsking foreslår ei tilnærming som tar utgangspunkt i dei fylkeskommunale båtrutene som er i drift, og forsøker å estimere nettokostnadene ved å drifte rutene ut frå ein gitt standard. Rapporten presenterer fire ulike variantar av modellen.
Kort om utgiftsutjamninga i inntektssystemet
Gjennom utgiftsutjamninga i inntektssystemet skal fylkeskommunane i prinsippet få full kompensasjon for kostnadsskilnader i tenesteytinga som dei ikkje kan påverke sjølve. Kompensasjonen skjer i praksis gjennom kostnadsnøkkelen, som består av ulike kriterium med vekter. Utgiftsutjamninga er ei rein omfordeling mellom fylkeskommunane. Det som blir trekt inn frå fylkeskommunar med eit berekna utgiftsbehov under landsgjennomsnittet, blir delt ut att til fylkeskommunar med eit berekna utgiftsbehov over landsgjennomsnittet.
Fylkeskommunane skal berre få kompensasjon for kostnadsskilnader dei ikkje kan påverke sjølve, og det er derfor sett visse krav til kva type kriterium som kan inngå i inntektssystemet. Kriteria skal i størst mogleg grad vere objektive (dvs. dei skal ikkje vere moglege å påverke av fylkeskommunane), baserte på offisiell statistikk og moglege å oppdatere jamleg.
Inntektssystemet for fylkeskommunane er omtalt nærare i mellom anna Prop. 113 S (2018–2019) Kommuneproposisjonen 2020.
Prosessen vidare
Departementet vil presentere prosjektet for Stortinget i kommuneproposisjonen for 2021, som blir lagt fram i mai. Eventuelle forslag til endringar i kostnadsnøkkelen vil òg bli presenterte i kommuneproposisjonen.
Høyringsfristen er 24. mars.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Lars Tore Rydland (lars-tore.rydland@kmd.dep.no) eller Max Joseph Korman (max-joseph.korman@kmd.dep.no).
Høyringsuttalar skal leverast digitalt på regjeringen.no ved å trykke på "Send inn høyringssvar" nederst på denne sida. Alle kan kome med høyringsuttale. Høyringsuttalar er offentlege etter offentleglova og blir publisert på regjeringen.no.
Med helsing
Grete Lilleschulstad (e.f.)
underdirektør
Lars Tore Rydland
seniorrådgjevar
Agder fylkeskommune
Innlandet fylkeskommune
Kommunesektorens organisasjon
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Oslo kommune
Rogaland fylkeskommune
Troms og Finnmark fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Vestland fylkeskommune
Viken fylkeskommune