Høyring - tilpassing av dagpengereglane til ny trygdeforordning rfo 883/2004

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 04.05.2012

Vår ref.: 12/985

Høyring - tilpassing av dagpengereglane til ny trygdeforordning rfo 883/2004

Arbeidsdepartementet sender på høyring forslag til nytt kapittel i forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpengar under arbeidsløyse, jf. vedlagte høyringsnotat og utkast til forskrift.

Den nye trygdeforordninga, rfo. 883/2004, erstattar den gjeldande trygdeforordninga, rfo. 1408/71. Dette gjer det nødvendig å revidere forskrift 4. desember 1992 nr. 884 om dagpenger under arbeidsløshet ved tilpassing av EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EØF) nr. 1408/71 kap. 6) og EFTA-konvensjonen vedlegg K artikkel 21, jf. tillegg 2. Forordning 883/2004 medførar ikkje vesentlege endringar for dagpengeområdet, og er i hovudsak ein kodifisering av gjeldande praksis frå EU-domstolen.

Høyringsnotatet og utkast til forskrift er og lagt ut på www.regjeringa.no/ad.
Vi ber om eventuelle merknader til forslaget innan 4. mai 2012. Alle høyringssvar vil bli lagt ut på departementet sine nettsider.


Med hilsen
Rune Solberg (e.f.)
ekspedisjonssjef 

Henriette Munkebye
avdelingsdirektør

 

1. Bakgrunn 

Det er vedteke ei ny trygdeforordning (rfo. 883/2004), som har vore i kraft i EU frå 1. mai 2010. Den nye trygdeforordninga erstattar den gjeldande trygdeforordninga (rfo. 1408/71). Den nye forordninga inneber ikkje nokon store endringar på dagpengeområdet, og er i hovudsak ei kodifisering av gjeldande praksis frå EU-domstolen. Forordninga blir truleg gjeldande for Noreg i 2012.  

Det er derfor nødvendig å revidere forskrift 4. desember 1992 nr. 884 om dagpengar under arbeidsløyse ved tilpassing av EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EØF) nr. 1408/71 kap. 6) og EFTA-konvensjonen vedlegg K artikkel 21, jf. tillegg 2 (EØS-dagpengeforskrifta). 

I all hovudsak gjeld dette presiseringar av gjeldande praksis på området, og reint tekniske tilpassingar til den nye forordninga og ny nordisk konvensjon på trygdeområdet. For at det skal kome klart fram kva særreglar som gjeld i EØS-saker, legg departementet opp til å regulere meir i forskrift no enn i den gjeldande EØS-dagpengeforskrifta frå 1992. For at det skal være lett å finne fram til særreglane som gjeld for EØS-saker, legg departementet vidare opp til å ta reglane inn som eit eige kapittel i den generelle dagpengeforskrifta (forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpengar under arbeidsløyse). 

 

2. Vurderingar og forslag  

Departementet foreslår at det blir presisert i forskrifta at reglane gjeld personar som er omfatta av vedlegg VI nr. 1 og 2 i EØS-avtala (Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004 og Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 987/2009 mv.). Denne ordlyden gjer det klart at mellom anna tredjelandsborgarar som er omfatta av personkretsen i trygdeforordningane via forordning 1231/10, ikkje er med i personkretsen her. I tillegg presiserast det at reglane også vil gjelde for personar som er omfatta av personkretsen i Nordisk konvensjon om trygd.  

Departementet meiner vidare at det er viktig at det kjem klart fram at det i utgangspunktet er dei vanlege nasjonale reglane som gjeld, med mindre noko anna er fastsett, og foreslår å presisere dette i § 13-3.    

For å få dagpengar må ein opphalde seg i Noreg. Dette går fram av § 4-2 i folketrygdlova. Departementet kan gi forskrifter om unntak frå kravet om opphald i Noreg. Etter gjeldande praksis krevjast det ikkje opphald i Noreg for grensearbeidarar som er delvis arbeidslause eller permitterte frå eit arbeidsforhold i Noreg. Det er heller ikkje krav om opphald i Noreg for delvis arbeidslause eller permitterte personar, som under sitt siste arbeidsforhold har vore busett i eit anna EØS-land eller Sveits og ikkje er grensearbeidarar, dersom dei arbeider samanhengande fleire dagar ut over ei veke for deretter å ha fri fleire dagar i strekk og dei reiser heim til busettingslandet i alle friperiodane. For at det ikkje skal være tvil om kva vilkår som gjeld for rett til dagpengar, meiner departementet at desse reglane om unntak frå opphaldskravet bør gå klart fram av forskrifta.  

I skjema for overføring av arbeids- og trygdeperiodar1 er det ikkje nok opplysningar for å kunne ta stilling til om kravet til minsteinntekt i folketrygdlova § 4-4, er oppfylt. Dette skuldast at dei andre landa som er omfatta av forordninga, legg arbeids- eller trygdeperiodar til grunn for opptening av rett til arbeidsløysetrygd, og ikkje arbeidsinntekt, slik som etter dei norske reglane. Det gjeld derfor særlege reglar om at periodar med arbeid i andre EØS-land blir likestilte med arbeidsinntekt når ein overfører trygdeperiodar etter forordninga. Kvalifikasjonskravet for EØS-borgarar er 16 veker arbeid på full tid i siste kalenderår, eller 32 veker arbeid dei tre siste kalenderåra. Dette svarar til den tida ein person med gjennomsnittleg industriarbeidarløn vil måtte arbeide for å tene 1,5 G eller 3 G. Departementet foreslår å vidareføre desse særreglane for utrekning av minsteinntekta.   

Også stønadsperioden blir fastsett på grunnlag av arbeidsinntekta siste kalenderår/tre siste kalenderår, jf. folketrygdlova § 4-15. Dagpengemottakarar får ein stønadsperiode på 104 veker om dei har hatt ei minsteinntekt på over 2 G, og på 52 veker om minsteinntekta har vore under 2 G. I dag er det ikkje gitt særskilte reglar i forskrifta om korleis ein skal fastsette stønadsperioden når denne blir fastsett på grunnlag av arbeidsperiodar frå andre EØS-land. Departementet foreslår derfor at ein, på same måte som ved fastsetting av minsteinntekta, reknar om 2 G til veker med arbeid. For ein person med gjennomsnittleg industriarbeidarløn vil 21 veker med arbeid på full tid svare til ei inntekt på 2 G.  

Etter gjeldande reglar har arbeidslause på visse vilkår rett til å ta med seg norske dagpengar i tre månader mens dei søker arbeid i eit anna EØS/EFTA-land. I den nye trygdeforordninga gjeld det framleis ein tilsvarande rett til eksport av dagpengar i ein periode på tre månader, men det er høve til å forlengje perioden til seks månader. Dei norske dagpengane er relativt sjenerøse i internasjonal samanheng, og blir dessutan utmålte etter norsk kostnadsnivå. Det norske aktiviserings- og kontrollregimet i dagpengeordninga er strengt i internasjonal samanheng, og er noko som mogeleggjer ei relativt sjenerøs dagpengeordning.  Dette fører til at norske dagpengar kan bli svært høge, samanlikna med kostnadsnivået i enkelte andre EØS-land. Insentiva til effektiv arbeidssøking kan derfor bli låg når norske dagpengar blir brukte i andre land enn Noreg. Departementet legg derfor ikkje opp til å forlengje høvet til eksport frå tre til seks månader. Dette er i tråd med kva som er gjort i m.a. Finland og Danmark. 

 

3. Økonomiske og administrative konsekvensar 

Endringa har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar, og vil bli handtert innanfor budsjettramma for arbeidsløysetrygd. 

 

  

Utkast til nytt kapittel i dagpengeforskriften om særskilte regler for overføring av rettigheter innen EØS (+ Norden og Sveits)

 

Kapittel 13. Særskilte regler for overføring av rettigheter innen EØS mv. 

§ 13-1 (Personkrets)

Reglene i dette kapittelet gjelder personer som omfattes av EØS-avtalens vedlegg VI nr. 1 og 2 (Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004 og Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 987/2009 mv.). 

I tillegg gjelder reglene i dette kapittelet for personer omfattes av personkretsen i Nordisk konvensjon om trygd. 

 

§ 13-2 (Forholdet til folketrygdloven kapittel 4)

De alminnelige reglene som følger av folketrygdloven kapittel 4 gjelder med mindre annet særskilt er bestemt i dette kapittelet, eller følger av forskrift (inkorporeringsforskriften).  

 

§ 13-3 (Hvem som skal ha dagpenger fra Norge)

Medlemmer som blir helt eller delvis arbeidsløse eller permitterte fra arbeidsforhold i Norge, har rett til dagpenger fra Norge.

Medlemmer skal likevel ikke ha dagpenger fra Norge dersom de har vært bosatt i et annet EØS-land eller Sveits under sitt siste arbeidsforhold, og har blitt helt ledig fra et arbeidsforhold i Norge, og 

a. anses som grensearbeidere, eller 

b. ikke anses som grensearbeidere og velger å vende tilbake til bosettingslandet og melder seg for arbeidsformidlingen der.

Medlemmer som blir arbeidsløse fra arbeidsforhold i et annet EØS-land eller Sveits, skal ha dagpenger fra Norge dersom de 

a. har vært bosatt i Norge under sitt siste arbeidsforhold, men er blitt helt ledig fra et arbeidsforhold i et annet EØS-land eller Sveits, og de stiller seg til rådighet for arbeidsmarkedet i Norge,

b. vender tilbake til Norge etter de har hatt arbeid i annet nordisk land, og innenfor de siste fem årene har mottatt eller opptjent rett til dagpenger i Norge, og melder seg til Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøker innen åtte uker regnet fra flytting til Norge,  

c. er norske borgere og blir helt arbeidsledige i Sveits etter å ha hatt oppholdstillatelse i Sveits på mindre enn ett år, og ikke fyller vilkårene for ytelse etter sveitsisk lovgivning, og melder seg til Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøker innen åtte uker regnet fra flytting til Norge, eller

d. samtidig har arbeidet i flere land, og har hatt hovedarbeidsgiver i Norge.

Det er i tillegg særlige regler om fra hvilket land det skal ytes dagpenger for nærmere bestemte grupper, som fremgår av artiklene 11 til 16 i forordningen, herunder for personer som samtidig arbeider i flere land, personer i internasjonal transport mv.

 

§ 13-4 (Unntak fra kravet om opphold i Norge)

Unntatt fra kravet i folketrygdloven § 4-2 om opphold i Norge, er medlemmer som

a. har benyttet adgangen til eksport av dagpenger, jf. § 13-9

b. er grensearbeidere som er blitt delvis arbeidsløse eller permitterte fra arbeidsforhold i Norge

c. er delvis eller periodevis arbeidsløse og under sitt siste arbeidsforhold har vært bosatt i annet EØS-land eller Sveits, og ikke anses som grensearbeider, som arbeider sammenhengende flere dager ut over en uke for deretter å ha fri flere dager i strekk (i en regelmessig tilbakevendende turnusordning), og som reiser hjem til bosettingslandet i friperiodene. 

 

§ 13-5 (Om kravet til minsteinntekt)  

Arbeidsperioder utført som arbeidstaker og likestilte perioder i andre EØS-land eller Sveits likestilles med kravet om minste arbeidsinntekt (kvalifikasjonskravet) i folketrygdloven § 4-4. 

Kvalifikasjonskravet anses oppfylt når det kan dokumenteres at søkeren har hatt arbeid eller likestilte perioder tilsvarende fulltid i minst 16 uker siste avsluttede kalenderår eller 32 uker i løpet av de tre siste avsluttede kalenderår før søknad om dagpenger settes frem. 

 

§ 13-6 (Beregning)

Når dagpengegrunnlaget fastsettes på grunnlag av arbeids- og trygdeperioder fra et annet EØS-land eller Sveits, skal inntekten medlemmet hadde i sitt siste arbeid i Norge legges til grunn for beregningen. 

Dersom medlemmets siste arbeidsforhold ikke var i Norge, legges inntekten i siste arbeidsforhold i arbeidslandet til grunn, omregnet til norsk valuta.

  

§ 13-7 (Barnetillegg)

Barnetillegg etter folketrygdloven § 4-12, ytes også for forsørget barn som er bosatt i et annet EØS-land eller Sveits, når den andre forsørgeren ikke mottar barnetillegg til dagpenger for samme barn. 

 

§ 13-8 (Antall stønadsuker - stønadsperiode)

Dersom stønadsperioden fastsettes ut fra arbeids- og trygdeperioder fra et annet EØS-land eller Sveits, ytes det hele eller graderte dagpenger i en full stønadsperiode på til sammen 104 uker til medlemmer som har hatt arbeid og likestilte perioder tilsvarende fulltid i minst 21 uker siste avsluttede kalenderår eller i gjennomsnitt av de tre siste avsluttede kalenderår før søknad om dagpenger settes frem. 

Dersom medlemmet har hatt arbeid og likestilte perioder tilsvarende fulltid i mindre enn 21 uker, utgjør full stønadsperiode 52 uker.

 

§ 13-9 (Eksport av dagpenger)

Helt arbeidsløse dagpengemottakere som søker arbeid i andre EØS-land eller Sveits, kan beholde norske dagpenger i inntil tre måneder såfremt de etter å ha blitt arbeidsledige har stått tilmeldt Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøker i minst fire uker før avreisen, med rett til dagpenger etter folketrygdloven kapittel 4. 

Kravet om å være reell arbeidssøker må ha vært oppfylt i minst fire av de siste tolv ukene før avreise. Det kan gjøres unntak fra fireukerskravet i tilfeller der den arbeidsløse skal følge ektefelle eller samboer til et annet EØS-land der denne har tatt arbeid.

For å få rett til dagpenger i hele tremånedersperioden, må medlemmet melde seg som arbeidssøker for arbeidsformidlingen i det landet han eller hun reiser til, og underkaste seg de kontroll- og oppfølgingsrutiner som gjelder der. Melding til arbeidsformidlingen i skal skje innen sju dager etter avreise fra Norge. Arbeids- og velferdsdirektoratet kan i unntakstilfeller forlenge sjudagersfristen.  

Adgangen til å søke arbeid i andre EØS-land eller Sveits med dagpenger er begrenset til én tremånedersperiode per stønadsperiode. 

Den som vender tilbake til Norge innen eller ved tremånedersperiodens utløp, kan fortsette dagpengeutbetalingen fra Norge, dersom han eller hun melder seg for Arbeids- og velferdsetaten innen sju dager og de øvrige vilkårene for rett til dagpenger er oppfylt. 

 

  


1 E 300-serien, som blir avløyst av nye skjema med den nye trygdeforordninga.

 

 

 

  • Alle departementa
  • Statsministerens kontor
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
  • Akademikerne
  • Unio
  • Næringslivets hovedorganisasjon
  • KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
  • HSH - en hovedorganisasjon for arbeidslivet
  • Arbeidsgiverforeningen SPEKTER
  • Fellesforbundet
  • Trygderetten
  • Den norske Advokatforening
  • Den Norske Dommerforening
  • Domstolsadministrasjonen
  • Nei til EU
  • Beskæftigelsesministeriet (Danmark)
  • Styrelsen for Fastholdelse og Rekruttering
  • Arbetsmarknadsdepartementet (Sverige)
  • Inspektionen för arbetslöshetsförsäkringen (IAF)
  • Arbetslöshetskassornas samorganisation (SO)