Høyring- forslag til lov om ERIC-organisasjonsform (Europeisk forskningsinfrastruktur)
Høring | Dato: 21.04.2015 | Kunnskapsdepartementet
Alminnelig høring - ERIC-lov
Kunnskapsdepartementet sender med dette høyringsnotat med forslag til lov om ERIC-organisasjonsforma på allmenn høyring.
Lovforslaget er eit ledd i gjennomføringa av ERIC-forordning (forordning (EF) nr. 723/2009 om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-konsortium). Forordninga er nærare omtalt i Prop. 80 S.(2014-2015) som vart lagt fram 27. mars.
Innlemminga av forordninga sikrar eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i det europeiske forskingsinfrastruktursamarbeidet, på lik linje med dei andre statane som deltek i EUs rammeprogram for forsking (Horisont 2020). For å kunne bruke ERIC-forma for felles europeisk forskingsinfrastruktur som er basert i Noreg, så må ERIC-organisasjonsforma regulerast i norsk rett. Dette er bakgrunnen for vedlagde lovforslag.
Høyringsfrist er måndag 8. juni 2015.
Med helsing
Live Haaland (e.f.)
avdelingsdirektør
Kari Bjørke
seniorrådgjevar
Arbeids- og sosialdepartementet
Finansdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Utanriksdepartementet
Brønnøysundregistra
Noregs forskingsråd
Skattedirektoratet
Riksrevisjonen
NTNU
SINTEF
Universitets- og høgskolerådet
Forskningsinstituttenes fellesarena
Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste AS
Forskerforbundet
Landsorganisasjonen
YS
Næringslivets Hovedorganisasjon
Spekter