Høyring – framlegg om å føre over oppgåver frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i a-opplysningslova og skatteforvaltingslova.

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 02.02.2018

Vår ref.: 17/1735

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i a-opplysningslova og skatteforvaltingslova. Føremålet med endringane er å minke saksbehandlingstida i Skatteklagenemnda og sekretariatet.

Framlegget inneber at Skattedirektoratet skal vere klageinstans for klager over vedtak om tvangsmulkt etter a-opplysningslova og klager over fastsetjing av meirverdiavgift og skatt på formue og inntekt når klaga gjeld eit lågare beløp.

Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet med vedlegg til aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som kan ha interesse av saka, men som ikkje er oppførte på adressatlista.

Frist for å sende inn høyringssvar er 2. februar 2018. Høyringssvar sendast inn digitalt under «Send inn høyringssvar». Alle kan sende høyringssvar, men merk at svara som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt blir publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.

Med helsing

Henriette Strandskogen Hjort e.f.
avdelingsdirektør

                                                                                Stine Riis Håkonsen
                                                                                rådgjevar

Vedlegg

Justis- og beredskapsdepartementet

Akademikerne

Bedriftsforbundet

Datatilsynet

Den Norske Advokatforening

Den norske Revisorforening

Domstolsadministrasjonen

Finans Norge (FNO)

Finanstilsynet

Hovedorganisasjonen Virke

KS

Landsorganisasjonen i Norge

Norges Bank

Norges Bondelag

Norges Fiskarlag

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

Norges Rederiforbund

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Norsk Øko-Forum (NØF)

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Regnskap Norge

Skattebetalerforeningen

Skattedirektoratet

Statistisk sentralbyrå

Storbedriftenes skatteforum Statoil ASA v/Anne-Ma Tostrup Smith, juridisk kontor

Unio, hovedorg. for universitets- og høyskoleutdannede

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS

ØKOKRIM

Økonomiforbundet