Høyring – Utkast til endringar i forskrift om film og videogram
Høyring | Dato: 05.03.2012 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Høyring – Utkast til endringar i forskrift om film og videogram
Kulturdepartementet syner til forskrift av 20. desember 1999 nr. 1515 om film og videogram.
Departementet gjer med dette framlegg om endringar i kapittel 3 Avgift til Norsk kino- og filmfond §§ 3-2 og 3-3.
Endringsforslaga inneber at dei årlege avtalane mellom departementet og Film & Kino vert erstatta av ei oppdatert liste (jf forskrifta § 3-2) over kva midlane i Norsk kino- og filmfond (NKFF) skal nyttast til. Framlegget inneber òg at departementet, etter framlegg frå NKFF, skal kunne peike ut særleg prioriterte satsingsområde for kvart enkelt år.
Departementet ber høyringsinstansane vurdere om notatet bør leggjast fram for eventuelle underliggjande organ. Organ og andre som ikkje er førte opp på høyringslista, kan òg gi høyringsfråsegn.
Høyringsnotatet er lagt ut på internett, sjå http://www.regjeringen.no/kud.
Vi ber om at høyringsfråsegner blir oversendt både skriftleg og elektronisk til e-postadresse postmottak@kud.dep.no innan 20. april 2012.
Bakgrunn
Norsk kino- og filmfond (NKFF) vart skipa av Kommunale Kinematografers Landsforening (no Film & Kino) i 1970. Fondet blei lovheimla i 1987 då avgifta til fondet vart inkludert i lov om film og videogram (filmlova). Avgifta vart òg utvida til å omfatte video. Forskrift om film og videogram inneheld detaljar om fondet og bruken av midlane. Det er Film & Kino som styrer fondet innanfor dei rammene forskrifta gir, og landsmøtet i organisasjonen vedtek budsjett for fondet.
Bruken av midlane i fondet blei drøfta i St.meld. nr 22 (2006-2007) Veiviseren. Bakgrunnen for drøftinga var den sterke auken i inntektene til fondet og at det statleg oppnemnde Einarsson-utvalet hadde gjort framlegg om å nytte nokre av midlane i fondet til finansiering av norsk film. Departementet var ikkje einig i framlegget frå utvalet, men foreslo i staden at delar av avgifta skulle nyttast til andre oppgåver på filmområdet. Departementet foreslo vidare at det vart innleia drøftingar med Film & Kino om bruken av midlane. Stortinget slutta seg til departementet sitt forslag.
Frå 2008 har desse drøftingane mellom Film & Kino og departementet ført til årlege avtalar om kva for oppgåver som skulle bli overført frå staten til Film & Kino, og kva beløp som skulle nyttast til desse oppgåvene. Film & Kino har mellom anna overtatt finansiering av regionale cinematek, Kortfilmfestivalen i Grimstad (knutepunkt) og filmtiltaka i den kulturelle skulesekken. Organisasjonen har òg fått eit auka ansvar for tilskott til barn og unge og filmfestivalar.
Systemet med årlege avtaler mellom departementet og Film & Kino har vore ei mellombels løysing i ein overgangsperiode med drøftingar om kva for oppgåver som skal finansierast av fondet. Departementet meiner at det no er grunnlag for å gå bort frå desse avtalane og å samle styringa av fondet i forskrifta. På bakgrunn av dette foreslår departementet nokre endringar i §§ 3-2 og 3-3.
Departementet syner òg til at inntektene til fondet, som steig raskt fram mot 2007, har vist ein synkande tendens dei siste åra. Dette taler for at oppgåvene som fondet skal finansiere, vert drøfta på nytt i ei offentleg høyring.
Endringsforslag: Bruken av midlane i § 3-2
Departementet foreslår endringar som både inneber forskriftsfesting av nye oppgåver, bortfall av eksisterande oppgåver og nokre presiseringar:
- Støtte til kopiering og distribusjon er fjerna i framlegget. I staden ynskjer departementet å presisere fondet sitt ansvar for import og distribusjon av kvalitetsfilm. Det er eit faktum at denne typen film, som m.a. omfattar europeisk film og uavhengig amerikansk film, i hovudsak er avhengig av støtte frå fondet for å bli vist på kino i Noreg. Dette er ei viktig filmkulturell oppgåve.
- Støtte til teksting er fjerna, fordi det med verknad frå 1. januar 2012 er innført krav til obligatorisk teksting av norske kinofilmar som mottek statsstøtte.
- Innsats overfor barn og unge er ein prioritert del av den samla filmpolitikken. I tråd med dette, foreslår departementet at filmtiltak særleg retta mot barn og unge vert prioritert ved bruken av avgiftsmidlane. Dette inkluderer dubbing av film for barn.
- Den nasjonale filmpolitikken skal bidra til å ta vare på og utvikle den samiske kulturen. Bevaring av det samiske språket er ein viktig del av dette. Som eit ledd i dette arbeidet, foreslår departementet derfor å prioritere støtte til teksting og dubbing av film for barn på samisk.
- Departementet meiner bygdekinoen og filmklubbar framleis er viktige alternativ til ordinær kinodrift og foreslår å vidareføre prioriteringa av støtte til desse tiltaka.
- Cinematek utanfor Oslo er ein alternativ arena for framsyning av historisk og kunstnarisk verdifull film i dei største byane. Oppgåva er grunna i ansvaret Film & Kino/ NKFF har for framsyning av film og for eit breitt repertoar på kinoane.
Departementet gjer framlegg om at § 3-2 fyrste ledd skal lyde:
Avgiftsmidlane skal nyttast til ulike tiltak innan film- og videogramsektoren, m.a:
- bygdekinoen,
- import og distribusjon av kvalitetsfilm,
- filmtiltak for barn og unge medrekna dubbing av film for barn,
- teksting og dubbing av film for barn på samisk,
- filmfestivalar,
- cinematek utanfor Oslo,
- støtte til Norsk Filmklubbforbund og barnefilmklubbar.
Endringsforslag: Prioritering av midlane og styringa av Norsk kino- og filmfond, §§ 3-2 og 3-3
Forvaltninga av midlane i NKFF er drøfta i eit heilskapeleg perspektiv i Veiviseren, og må sjåast på som ein del av det samla statlege verkemiddelapparatet på filmområdet. Forskrifta bør ta høgde for at feltet utviklar seg både kunstnarisk og teknologisk. Difor bør forskrifta gi fleksibilitet for særlege prioriteringar både innanfor og utover dei tiltaka som er særskilt nemnt i fyrste ledd av den nye § 3-2, utan at ein må foreta nye forskriftsendringar. Departementet foreslår difor eit nytt andre ledd i paragrafen:
Departementet kan kvart år peike ut særleg prioriterte satsingsområde eller slå fast at særskilte omsyn skal vektleggast ved forvaltninga av avgiftsmidlane.
Departementet ynskjer at desse prioriteringane skal bli gjort etter framlegg frå fondet, som vil ha sakkunne til å gi råd om kva område som treng særskilte tiltak. Departementet vil vurdere desse framlegga i lys av gjeldande filmpolitikk. Departementet foreslår difor eit nytt andre ledd i § 3-3:
Norsk film- og kinofond skal kvart år, innan utgangen av januar månad, leggja fram eit forslag til prioritering av oppgåver for departementet.
Departementet har behov for å følgje opp og kontrollere bruken av midlane i fondet andsynes forskrifta og dei årlege prioriteringane. Det er difor naudsynt med endringar i forskrifta § 3-3, som mellom anna omhandlar tilhøvet mellom departementet og Norsk kino- og filmfond.
Ifølge gjeldande forskrift skal budsjettet leggjast fram for departementet seinast to månader før NKFFs årsmøte (i praksis Film & Kino sitt landsmøte). Vidare heiter det at årsrekneskap og årsmelding skal leggjast fram for departementet - utan nærare tidsfastsetting. Departementet ynskjer at budsjett, rekneskap og årsmelding skal leggjast fram samla, slik at departementet kan gå gjennom korleis avgiftsmidlane har blitt nytta i samband med forslaget til nytt budsjett. Dette vil gi departementet den naudsynte kontroll med bruken av midlane, som ein del av den samla filmpolitikken.
Departementet foreslår difor følgjande justeringar:
§ 3-3 noverande andre ledd går ut.
§ 3-3 siste ledd skal lyde:
Budsjettframlegget, årsrekneskapen og årsmeldinga til Norsk kino- og filmfond skal kvart år leggjast fram for departementet i rimeleg tid før Norsk kino- og filmfond sitt årsmøte.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget er ei forskriftsfesting av oppgåver som i dag ligg i avtalene mellom Film & Kino og departementet, og i tillegg ei presisering av oppgåver som Film & Kino utfører i dag. Det har difor små økonomiske og administrative konsekvensar.
Med helsing
Ellen S. Tauland e.f.
avdelingsdirektør
Lars Brustad
underdirektør
Vedlegg
Høyringsinstansar:
Kommunane
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Barnefilmfestivalen i Kristiansand
Bergen internasjonale filmfestival
Cinemateket i Bergen
Cinemateket i Kristiansand
Cinemateket i Lillehammer
Cinemateket i Stavanger
Cinemateket i Tromsø
Cinemateket i Trondheim
Den norske filmfestivalen i Haugesund
Film & Kino
Film fra Sør
Filmkraft Rogaland
Filmreg
Finansdepartementet
Hørselshemmedes landsforbund
Internasjonalt samisk filmsenter
Kortfilmfestivalen i Grimstad
Kosmorama filmfestival
Midtnorsk filmsenter
Nordnorsk filmsenter
Norges blindeforbund
Norsk filmforbund
Norsk filminstitutt
Norsk filmklubbforbund
Norsk skuespillerforbund
Norske dramatikeres forbund
Norske film- og TV-produsenters forening
Norske filmbyråers forening
Norske filmregissører
Norske kinosjefers forbund
Norske kommuners sentralforbund
Sametinget
Sørnorsk filmsenter
Tromsø internasjonale filmfestival
Vestnorsk filmsenter
Østnorsk filmsenter