Høyring Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2025-2026

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Departementet, i samråd med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. I tillegg vurderast forslag om endringar frå universiteta og høgskulane.

Status: På høring

Høringsfrist: 13.09.2024

Vår ref.: 24/2992

Høyring - forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Departementet vurderer årleg, i samråd med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)/Samordna opptak (SO), om det er behov for endringar i opptaksforskrifta. Forslag om endringar frå universiteta, høgskulane og HK-dir som departementet har motteke innan 1. mars, blir vurderte og sende på høyring.

Departementet viser til vedlagde høyringsnotat, utarbeidd av HK-dir på oppdrag frå departementet, der forslag til endringar i forskrifta er omtalte. Mindre tekniske endringar, som endringar i namn på studium og andre språklege endringar, blir ikkje sende på høyring, jf. forvaltningslova § 37 fjerde ledd, bokstav c. Forslag som gjeld tiltak i Meld St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning vil bli følgt opp i departementet sitt arbeid med ny opptaksforskrift, og blir derfor ikkje tatt med i denne høyringa.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id3041173. Det skal sendast kopi av høyringssvara til post@hkdir.no. Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Høyringsfristen er fredag 13. september 2024.


 

 

Med helsing 

Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør                                                        Klo Kwe Moo Kham
                                                                                       fyrstekonsulent

  • Association of Norwegian Students Abroad (ANSA)
  • Barne- og familiedepartementet
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
  • Elevorganisasjonen
  • Fagskoler
  • Fylkeskommunene inkl. Oslo kommune
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)
  • Private høyskoler
  • Statlige universiteter og høyskoler
  • Statsforvalterne
  • Utdanningsdirektoratet
  • Videregående skoler

 

Kopi

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Departementene
  • Forskerforbundet
  • Forum for fagskoler - Abelia
  • Hovedorganisasjonen Virke
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet
  • Lærernes Yrkesforbund
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
  • Norsk Lektorlag
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  • Statens lånekasse for utdanning
  • Unio
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Utdanningsforbundet
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund