Høyring av forslag om innskrenkingar i odelskretsen og endringar i reglane om odelsfrigjering

Landbruks- og matdepartementet sender med dette ut høyringsnotat med forslag om endringar i lov 28.6.1974 nr 58 om odels- og åsetesretten (odelslova). Forslaga er ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken (landbruksmeldinga).

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 06.03.2013

Vår ref.: 13/110

Landbruks- og matdepartementet sender med dette ut høyringsnotat med forslag om endringar i lov 28.6.1974 nr 58 om odels- og åsetesretten (odelslova). Forslaga er ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken (landbruksmeldinga).

I landbruksmeldinga er det foreslått å endre odelskretsen slik at berre barn av eigar med odelsrett kan ha odelsrett. Regjeringa peikte på at når ein eigedom  blir overtatt av ein odelsrettshavar langt ut i odelsrekka, vil det som oftast vere ein person som har liten tilknyting til garden og drifta. Barna veks oftast opp på garden og har tilknyting til han. Det er òg dei som er nærast til å ta over eigedomen.  Departementet bad i brev av 13. mars 2012 om at Lovavdelinga i Justisdepartementet vurderte om forslaget til innskrenking i odelskretsen kunne gjennomførast utan å kome i strid med Grunnlova § 107. Etter Lovavdelinga si vurdering var det ikkje problematisk å fjerne nevøar og nieser frå odelskretsen. Dei var meir i tvil når det gjeld barnebarn av ein eigar. Dersom barnebarnet ikkje har eigen odelsrett, må det stå tilbake for søsken til forelderen. Lovavdelinga meinte at ein her var inne i kjernen av odelsinstituttet som er verna av Grunnlova § 107.

Departementet foreslår å endre odelskretsen slik at berre barn av eigar med odelsrett kan ha odelsrett. Dette gjeld nåverande og tidlegare eigarar. På bakgrunn av uttala til Lovavdelinga i Justisdepartementet  foreslår departementet i tillegg at barnebarn av siste eigar med odelsrett skal ha odelsrett

Som ei oppfølging av landbruksmeldinga foreslår departementet vidare å oppheve odelslova § 31 om odelsfrigjering ved overtaking av tilleggsjord til landbrukseigedom. Dette er særs ressurskrevjande saker for landbruksmyndigheitene, og det er ikkje gitt at ressursbruken kan forsvare dei samfunnsgevinstar som blir oppnådd. I åra frå 2005-2011 blei det behandla om lag åtte søknader om odelsfrigjering i året. Litt over halvparten fekk søknaden innvilga. Dersom odelskretsen blir innskrenka slik som foreslått, må det reknast med at det blir enda færre saker. Omsynet til regelforenkling og ønsket om å redusere offentleg ressursbruk tilseier derfor at denne regelen blir oppheva.  

Høyringsnotatet er kort og gjeld i hovudsak berre to lovendringar. Sidan forslaget er ei oppfølging av landbruksmeldinga, legg departementet til grunn at forslaget er kjend for dei fleste høyringsinstansane. Høyringsfristen er difor satt til seks uker. Departementet ber om uttale innan 6. mars 2013, gjerne elektronisk til postmottak@lmd.dep.no.

Høyringsdokumenta er lagt ut her

Med hilsen 

Inger Grette (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                                          Marianne Smith
                                                                                          seniorrådgiver 

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikke håndskrevne signaturer

  • Departementene
  • Fylkesmennene
  • Fylkeskommunene
  • Kommunene
  • Den Norske Advokatforening
  • Norges Bondelag
  • Bygdekvinnelaget
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Bygdeungdomslaget
  • Den norske Dommerforening
  • Norges eiendomsmeglerforbund
  • Jenter i Skogbruket
  • Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
  • Likestillings- og diskrimineringsforbundet
  • NORSKOG
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Sametinget
  • Norges Skogeierforbund
  • Statens landbruksforvaltning