Høyring av forslag til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket
Høyring | Dato: 21.11.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Høyring av forslag til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket
Landbruks- og matdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til ny forskrift om pristilskot og formidling av pristilskot i jordbruket.
Utkastet er meint å avløyse forskrift 19. desember 2008 nr. 1490 om pristilskot i landbrukssektoren (pristilskotforskrifta) og forskrift 19. desember 2008 nr. 1491 om formidling av pristilskot i landbrukssektoren (formidlingsforskrifta). Pristilskotforskrifta og formidlingsforskrifta er fastsett i medhald av lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18. Framlegget er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande føresegner, men inneheld også nokre materielle endringar.
Departementet ber om at høyringsinnspill sendast Landbruks- og matdepartementet innan 1. mars 2023, og at ein nyttar digital innsending ved bruk av skjema for høyringssvar på regjeringen.no.
Høringsdokumentene er publisert på: https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/id2947622/.
Med helsing
Nils Øyvind Bergset (e.f.) |
Arne Oftedal |
Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar
- Animalia AS
- Fatland Ull AS
- Felleskjøpet Agri SA
- Felleskjøpet Rogaland Agder SA
- Fiskå Mølle AS
- Geno AS
- Hanen
- Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund
- Kornbøndenes interesseorganisasjon
- Landbruksdirektoratet
- Lantmännen Cerealia AS
- NHO Mat og Drikke
- Norges Bondelag
- Norgesfôr
- Norgesmøllene
- Norilia
- Norsk Bonde- og Småbrukarlag
- Norsk Fjørfelag
- Norsk Landbrukssamvirke
- Norsk Sau og Geit
- Norsvin SA
- Nortura SA
- Q-Meieriene
- Tine SA
- Tyr