Høyring - Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (Oppfølging av forslag frå Pasientovergrepsutvalget)

Helse- og omsorgsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven. Forslaga følgjer opp tilrådingar i ein rapport frå Pasientovergrepsutvalget. Forslaga inneber at Statens helsetilsyn kan ileggje strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell i dei alvorlegaste sakene. Dette er saker der helsepersonell utgjer ein alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Det kan mellom anna vere tilfelle der helsepersonell har utført overgrep eller utvist annan grensekrenkande åtferd overfor pasientar. Lovforslaga er generelt utforma og omfattar også andre typar saker

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 28.06.2023