Høyring - Endringar i meirverdiavgiftsreglane for grensekryssande handel med fjernleverbare tenester
Høyring | Dato: 21.03.2025 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om endra reglar om meirverdiavgift på fjernleverbare tenester.
Fjernleverbare tenester er «tjenester der utførelsen eller leveringen etter tjenestens art ikke eller vanskelig kan knyttes til et bestemt fysisk sted», jf. merverdiavgiftsloven § 1-3 første ledd bokstav i. Fjernleverbare tenester er til dømes rådgjeving, marknadsføring og IKT.
Meirverdiavgift ved internasjonal handel byggjer på prinsippet om at retten til skattlegging ligg til det landet der forbruket av vara eller tenesta skjer (destinasjonsprinsippet). Det betyr mellom anna at kjøp av tenester utanfor Noreg som er til bruk i Noreg, skal skattleggjast i Noreg.
I dag er reglane tolka og anvende slik at internasjonale føretak, til dømes eit selskap med hovudkontor i Sverige og ein filial i Noreg, kan unngå meirverdiavgift på tenester som er til bruk i Noreg. Viss tenestene er til bruk i aktivitet i Noreg som ikkje er omfatta av merverdiavgiftsloven, oppnår føretaka ei innsparing. Det kjem av at det ikkje vert gitt frådrag for inngåande meirverdiavgift på anskaffingar til bruk i aktivitet som ikkje er omfatta av merverdiavgiftsloven. Reint nasjonale føretak må derimot betale meirverdiavgift ved kjøp av tilsvarande tenester til bruk i slik aktivitet.
Situasjonen i dag bryt med grunnleggjande omsyn, og gjev dei internasjonale føretaka ein fordel samanlikna med norske føretak. Dette vert særleg utnytta av internasjonale selskap som omset finansielle tenester i Noreg.
Høyringa har tre delar. Den fyrste delen er eit framlegg om å utvide plikta til å berekne meirverdiavgift på fjernleverbare tenester som internasjonale føretak kjøper utanfor Noreg og som er til bruk i Noreg, sjå framlegg om endring av merverdiavgiftsloven § 3-30 andre ledd. Dette vil gje likebehandling av internasjonale og norske føretak ved kjøp av fjernleverbare tenester som er til bruk i Noreg.
Etter framlegget skal plikta til å berekne meirverdiavgift vere avgrensa til tilfelle der tenesta er heilt eller delvis til bruk i aktivitet som ikkje er omfatta av merverdiavgiftsloven. Det betyr at føretak som bruker tenesta fullt ut i aktivitet som ville gitt rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift, ikkje treng å berekne meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven § 3-30 andre ledd.
Den andre delen er eit framlegg om å utvide retten til frådrag der internasjonale selskap kjøper tenester i Noreg som er til bruk utanfor Noreg. Denne delen av framlegget er viktig for å hindre at internasjonale føretak får ei endeleg meirverdiavgiftsbelasting i Noreg på tenester som er til bruk utanfor Noreg.
Det er tilrådd at desse endringane trer i kraft 1. januar 2026.
Den tredje delen er eit framlegg om ein særregel for å sikre likebehandling mellom selskap som sel finansielle tenester til norske kundar direkte frå utlandet, og selskap som sel finansielle tenester til norske kundar frå ei etablering i Noreg. Det er tilrådd at denne delen trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.
Den einskilde høyringsinstansen vert oppmoda til å vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar mv.
Høyringsfristen er 21. juni 2025. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publisert på nettsidene våre.
Med helsing
Frédéric Wilt (e.f.)
avdelingsdirektør
Lars Rønningen Sandbu
lovrådgjevar
Energidepartementet
Norsk Økrimforening
Akademikerne
Regelrådet
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges Bank
Norges Bondelag
Den norske Revisorforening
Skattedirektoratet
ØKOKRIM
Økonomiforbundet
Norges Kommunerevisorforbund
Storbedriftenes skatteforum
Tolletaten
Huseiernes landsforbund
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Verdipapirfondenes forening
Norsk Bonde- og småbrukarlag
Eiendom Norge
Barne- og familiedepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Norges Hytteforbund
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Verdipapirforetakenes Forbund
Norske Boligbyggelags Landsforbund SA
Norske kredittopplysningsbyråers forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteforsk – Centre for Tax Research
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Norges Fiskarlag
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Statistisk sentralbyrå
Hovedorganisasjonen Virke
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Entreprenørforeningen - Bygg og anlegg (EBA)
Finans Norge
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Kunnskapsdepartementet
Norges Rederiforbund
SMB Norge
Domstoladministrasjonen
Norges eiendomsmeglerforbund
Finansieringsselskapenes forening