Høyring — etterkontroll av reglane om kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 01.02.2006

Vår ref.: 200503873 ES KES/an

 

Deres ref

Vår ref

Dato

 

200503873 ES KES/an

03.11.2005

Høyring – etterkontroll av reglane om kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vart oppretta ved lov 15. juni 2001 nr. 63 og har virka sidan 1. januar 2004. Kommisjonen avgjer krav om gjenopptaking av straffesaker.

Då forslaget om å opprette kommisjonen vart vedteke, blei det fastsett at reglane skal etterkontrollerast om lag eit år etter at lova tok til å gjelde. Departementet har i samråd med kommisjonen greidd ut om det er gagnleg å endre lova, og sender med dette på høyring fleire forslag til lovendringar.

For det første blir det gjort framlegg om at krav om gjenopptaking skal kunne trekkjast inntil ei ny hovudforhandling har teke til, og når motparten samtykkjer, inntil ho er avslutta. I dag finst det ikkje reglar om dette i lova.

For det andre ber departementet om synet til høyringsinstansane på eit forslag om å nekte ein som krev gjenopptaking og forsvararen hans innsyn i opplysningar når innsyn vil kunne føre til fare for eit alvorleg brotsverk mot liv, helse eller fridom.

Departementet går vidare inn for å presisere i lova at salæravgjerdene til kommisjonen skal vere endelege, og å gje kommisjonen høve til å nemne opp støtteadvokat for den som er krenkt i saka.

Endeleg blir det foreslått å endre krava til grunngjeving i saker der kravet blir forkasta fordi det openbert ikkje kan føre fram, og å gje lovheimel for å skrive ut politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemene og dei tilsette i kommisjonen.

Departementet kan ikkje sjå at framlegga vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Ei liste over adressatane er lagd ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsbrevet ved å vende seg til Lovavdelinga i Justisdepartementet, tlf. 22 24 53 99 / 61.

Departementet ber om svar innan 1. februar 2006.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sendt per e-post til: straffelov@jd.dep.no.

Med helsing

Knut Erik Sæther e.f.
avdelingsdirektør

 

Anita Neraas
sekretær

1. Oversyn over forslaga
I høyringsnotatet her gjer departementet framlegg om fleire endringar i reglane om kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.

For det første blir det gjort framlegg om at krav om gjenopptaking skal kunne trekkjast inntil ei ny hovudforhandling har teke til, og når motparten samtykkjer, inntil ho er avslutta. I dag finst det ikkje reglar om dette i lova.

For det andre ber departementet om synet til høyringsinstansane på eit forslag om å nekte ein som krev gjenopptaking og forsvararen hans innsyn i opplysningar når innsyn vil kunne føre til fare for eit alvorleg brotsverk mot liv, helse eller fridom.

Departementet går vidare inn for å presisere i lova at salæravgjerdene til kommisjonen skal vere endelege, og å gje kommisjonen høve til å nemne opp støtteadvokat for den som er krenkt i saka.

Det blir gjort framlegg om å endre krava til grunngjeving i saker der kravet blir forkasta fordi det openbert ikkje kan føre fram, og å gje lovheimel for å skrive ut politiattest for leiaren, nestleiaren, medlemene og dei tilsette i kommisjonen.

Departementet kan ikkje sjå at framlegga vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar. Framlegget om å endre krava til grunngjeving vil spare kommisjonen for arbeid, men innsparinga lèt seg ikkje talfeste.

2. Bakgrunn
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vart oppretta ved lov 15. juni 2001 nr. 63 og har verka sidan 1. januar 2004. Om bakgrunnen for ordninga, sjå Ot.prp nr. 70 (2000–2001).

Kommisjonen avgjer krav om gjenopptaking av straffesaker. Dersom kommisjonen seier ja, blir saka handsama på nytt av ein annan domstol enn han som fastsette avgjerda. Reglane om gjenopptaking av straffesaker står i straffeprosesslova kapittel 27. Opplysningar om verksemda til kommisjonen det første året er gitt i årsrapporten for 2004. Rapporten er å finne på heimesida http://www.gjenopptakelse.no/.

Kommisjonen var ei nyskaping i norsk straffeprosess. Då forslaget om å opprette han vart fremja, gjekk departementet inn for at lovendringane vart etterkontrollerte, jf. proposisjonen side 50. Formålet med etterkontrollen vart utdjupa slik:

”Målet med etterkontroll vil være å undersøke om ordningen har hatt de virkningene som departementet ønsker å oppnå, dvs. om den viser seg å være egnet til å vekke tillit til behandlingen av gjenopptakelsesbegjæringer, og om kommisjonens arbeid har bidratt til å avdekke forhold som kan tale for gjenopptakelse. Det må også vurderes om det er behov for å endre regelverket om behandlingen av begjæringer om gjenopptakelse av straffesaker, og om beregningene av ressursbehov og kostnader har slått til, eller om det er behov for justeringer.”

Om gjennomføringa av etterkontrollen heitte det:

”Det kan gjennomføres flere former for etterkontroll. Den første etterkontrollen bør trolig finne sted etter at ordningen har virket i ett år, og hovedsakelig ta sikte på å undersøke om beregningene av saksmengde, ressursbehov og kostnader er dekkende, eller om de bør justeres. Også åpenbare svakheter i saksbehandlingsreglene bør avdekkes gjennom en slik kontroll. Denne mindre etterkontrollen, som i det vesentlige må bygge på innrapporteringer fra kommisjonen, bør gjennomføres årlig. På noe lengre sikt, dvs. tre til fem år etter at ordningen blir satt i kraft, bør det vurderes å foreta en mer grundig etterkontroll. En slik etterkontroll behøver ikke å begrenses til en analyse av statistikk om ulike sider ved kommisjonens virksomhet, men kan også omfatte empiriske undersøkelser for å finne frem til faktiske virkninger av kommisjonsordningen. For eksempel kan det vurderes om det skal gjennomføres spørreundersøkelser eller dybdeinterjvuer av dem som berøres av lovendringen, dvs. siktede, forsvarere, dommere og representanter for påtalemyndigheten.”

Stortinget var samd i opplegget for etterkontrollen, jf. Innst. O. nr. 114 (2000–2001) side 9-10.

Kommisjonens behov for ressursar er følgt opp i den ordinære budsjettprosessen. Fordi sakstilfanget har vore klart større enn dei historiske tala for domstolshandsaming av krav om gjenopptaking tilsa, har det vore naudsynt å auke tilskota til kommisjonen. For 2005 vart det opphavlege tilskotet på 7 millionar kroner auka med 2,3 millionar kroner, jf. B. innst. S. nr. 4 (2004–2005) kapittel 468. I tråd med opplegget for etterkontroll i proposisjonen står det att å greie ut om det trengst å endre reglane om sakshandsaminga i kommisjonen.

I brev frå kommisjonen 25. mai 2005, som ligg ved, blir det foreslått endringar i straffeprosesslova og i forskriftene om strafferegistrering. Departementet har vurdert forslaga, og sender dei no på høyring, sjå punkt 3–8 nedanfor.

Arbeidet med å setje i verk den nye tvistelova (lov 17. juni 2005 nr. 90) får innverknad òg på reglane om gjenopptaking av straffesaker. I den nye tvistelova blir uttrykket ”gjenopptakelse” byta ut med ”gjenåpning”, og konsekvensomsyn taler for at endringa òg bør innarbeidast i straffeprosesslova. Det er òg aktuelt å ta rettsmidlet kjæremål ut av straffeprosesslova. Spørsmåla vil bli vurderte av departementet som ledd i arbeidet med ein proposisjon om iverksetjing og sende på ei eiga høyring. Forslaga i høyringsnotatet her vil, om dei blir vedtekne, bli sett i verk tidlegare enn den nye tvistelova, og føregrip difor ikkje endringane i kjølvatnet av den nye tvistelova.

3. Forslag om at krav om gjenopptaking skal kunne trekkjast inntil ei ny hovudforhandling har teke til, og når motparten samtykkjer, inntil ho er avslutta

3.1 Gjeldande rett
Straffeprosesslova seier ikkje kva som skal skje om eit krav om gjenopptaking blir trekt. For anke er det tilsvarande spørsmålet regulert i § 341, som slår fast at den ankande parten kan ta anken tilbake inntil ankeforhandlinga tek til, og når motparten samtykkjer, inntil ho er avslutta.

3.2 Forslaget frå kommisjonen
Kommisjonen foreslår å ta inn eit nytt fjerde ledd i straffeprosesslova § 400. Forslaget lyder slik:

“Er gjenopptakelse besluttet, kan den part som har begjært gjenopptakelse trekke begjæringen om gjenopptakelse tilbake inntil hovedforhandlingen begynner, og når motparten samtykker, inntil den er avsluttet. Avgjørelse om å heve saken treffes av den rett som har saken til behandling når begjæringen trekkes.”

Kommisjonen viser til at spørsmålet om kva som skal skje der eit krav om gjenopptaking blir trekt, har kome på spissen i ei sak som kommisjonen har handsama. Kommisjonen ynskjer at spørsmålet blir regulert i straffeprosesslova. Kommisjonen ser det som praktisk at den domstolen som handsamar saka når kravet blir trekt, får kompetanse til å heve ho. Kommisjonen vil normalt straks sende sine avgjerder til ein domstol slik det står i straffeprosesslova § 400 andre ledd. Om situasjonen likevel skulle vere den at ei melding om å trekkje kravet om gjenopptaking kjem inn til kommisjonen etter at kommisjonen har treft ei avgjerd, men før saka er send til domstolen, bør kommisjonen kunne gjere om si eiga avgjerd. Kommisjonen trur situasjonen er så lite praktisk at det er nok at problemstillinga blir nemnd i førearbeida til dei nye lovendringane.

3.3 Synet til departementet før høyringa
Departementet er samd med kommisjonen i at det er tenleg å endre lova slik at ho gir eit klart svar på kva som skal skje når eit krav om gjenopptaking blir trekt tilbake. Det er ikkje grunn til å leggje ei unødig bør på domstolane, og det bør vere eit vidt høve til å trekkje eit krav om gjenopptaking sjølv etter at det er teke til følgje. Samfunnet har rett nok ei sjølvstendig interesse i at avgjerder som kan vere urette, blir vurderte på ny. Det er likevel best i samsvar med systemet i lova at den som ber om gjenopptaking, har herredøme over spørsmålet, jf. den same regelen i ankesaker (strp. § 341).

Departementet sluttar seg til forslaget til kommisjonen, men går inn for at det blir eit nytt tredje ledd i straffeprosesslova § 400. Tredje ledd, slik det er i dag, heng nøye saman med reglane i andre ledd om kva for ein domstol som skal handsame saka på nytt. Departementet foreslår difor at det som i dag er tredje ledd, blir flytt til andre ledd som eit nytt fjerde punktum.

Departementet er vidare samd med kommisjonen i at det ikkje er ofte at den som har fått kravet sitt om gjenopptaking tatt til følgje, vil ynskje å trekkje kravet før saka er send til domstolen for ny handsaming. Dersom situasjonen skulle oppstå, er det likevel prosessøkonomisk tenleg at kommisjonen kan gjere om si avgjerd i staden for at saka må sendast til domstolen og bli heva der. Departementet meiner retten til å gjere om avgjerda bør gå fram av lova, til dømes i eit fjerde punktum i straffeprosesslova § 399, som kan lyde slik:

”Dersom den som har satt frem begjæringen om gjenopptakelse ber om det, kan kommisjonen inntil saken er oversendt til retten omgjøre sin avgjørelse om å tillate en sak gjenopptatt.”

4. Forslag om å nekte den som krev gjenopptaking og forsvararen innsyn i opplysningar når innsyn vil kunne føre til fare for eit alvorleg brotsverk mot liv, helse eller fridom

4.1 Gjeldande rett
Straffeprosesslova § 398 andre ledd seier at “[d]ersom kommisjonen under saksforberedelsen innhenter eller mottar opplysninger av betydning for avgjørelsen, skal siktede og påtalemyndigheten gjøres kjent med opplysningene og få uttale seg om dem”. Unnatak frå plikten til å informere den som er sikta gjeld for opplysningar han ikkje har rett til å gjere seg kjend med etter § 264, jf. § 267. Etter tredje ledd gjeld reglane om dokumentinnsyn i §§ 28, 242, 242 a, 264 og 267 på same måte. Kommisjonen kan gjere unnatak frå innsyn i dokument som kommisjonen har utarbeidd for si interne sakshandsaming.

4.2 Forslaget frå kommisjonen
Kommisjonen foreslår eit nytt tredje ledd i § 398. Forslaget lyder slik:

“Kommisjonen kan nekte domfelte og forsvareren innsyn i opplysninger når det, om innsyn gis, vil være nærliggende fare for at det vil begås en alvorlig forbrytelse som krenker eller utsetter for fare noens liv, helse eller frihet. Før avgjørelsen treffes, innhentes uttalelse fra politiet.”

Forslaget gjer unnatak frå prinsippa om innsyn og kontradiksjon. Kommisjonen grunngjev det med at det i einskilde saker er naudsynt å verne vitne, og at reglane i dag ikkje i tilstrekkelig grad gjev rom for dette sjølv om straffeprosesslova § 242 a òg gjeld for sakshandsaminga til kommisjonen, jf. § 398 tredje ledd. Etter § 242 a kan den som er sikta og hans forsvarar blant anna nektast innsyn dersom det, om innsyn blir gjeve, kan vere fare for eit alvorleg brotsverk mot liv, helse eller fridom. Men denne føresegna gjeld berre for opplysningar som påtalemakta ikkje vil gjere gjeldande som prov i saka. Dersom retten ikkje gjev påtalemakta medhald i kravet om å nekte innsyn etter § 242 a, kan påtalemakta fråfalle tiltala. Noe slikt høve har ikkje kommisjonen.

Kommisjonen gjev som døme at ein som er domfelt krev gjenopptaking og gjer gjeldande eit nytt vitne som han meiner vil forklare seg slik at saka må takast opp att, jf. straffeprosesslova § 391 nr. 3. Ved avhør av vitnet kan det vise seg at forklaringa ikkje støtter kravet om gjenopptaking. Situasjonen kan til og med vere den at forklaringa taler for at den som er domfelt er skuldig i det han vart dømd for. Det finst vidare opplysningar i saka som tilseier at dersom den som er domfelt får innsyn i forklaringa til vitnet, kan det føre til fare for eit alvorleg brotsverk mot livet, helsa eller fridomen til vitnet. Kommisjonen meiner han i slike tilfelle bør ha høve til å nekte innsyn. Etter forslaget frå kommisjonen skal politiet/påtalemakta vurdere trusselen, og uttale seg om han til kommisjonen. Kommisjonens foreslår vidare at avgjerda om å nekte innsyn skal vere endeleg.

4.3 Synet til departementet før høyringa
Som departementet har peika på blant anna i Ot.prp. nr. 24 (2002-2003) side 5, tyder mykje på at lovbrytarar i større grad enn før er valdelege mot dei som har opplysningar i straffesaker, eller truar dei med vald. Det er ikkje overraskande at denne utviklinga viser seg òg under kommisjonen si handsaming av krav om at ei straffesak skal takast opp att. Straffeprosesslova § 242 a om unnatak frå retten til innsyn og provføring gjeld òg for kommisjonen, men gjev ikkje like godt vern i saker om gjenopptaking som i vanlege straffesaker. Føresegna gjeld berre for opplysningar som påtalemakta ikkje vil gjere gjeldande som prov i saka, og gjev påtalemakta høve til å fråfalle tiltala dersom dei ikkje får medhald i kravet om å nekte innsyn. Kommisjonen har ikkje høve til å fråfalle ei sak om gjenopptaking, og opplysningane som vitnet sit inne med vil i einskilde saker vere eit prov av verd for avgjerda til kommisjonen. Å nekte innsyn kan i nokre saker vere det einaste viset å verne vitna på. Samstundes må ein ikkje gløyme at retten til innsyn og kontradiksjon er grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp som ein skal vere varsam med å gjere innhogg i. Innsynsretten gjev høve til å kontrollere om opplysningar er riktige og fullstendige, og kjennskap til dei relevante dokumenta er ein føresetnad for å kunne ta til motmæle. Det må òg takast omsyn til at avgjerder om gjenopptaking berre kan bli overprøvde ved eit sivilrettsleg søksmål, noko som taler for å vise atterhald når det er spørsmål om å gjere unnatak frå andre rettstryggleiksprinsipp. Til dette kjem at eit unnatak frå retten til innsyn ikkje alltid vil gje eit effektivt vern for den som forklarer seg.

Når ein skal vege omsyna mot kvarandre, kan det vere lettare å forsvare unnatak frå prinsippa om innsynsrett og kontradiksjon i ei sak om gjenopptaking enn under den ordinære rettargangen. Kommisjonen har eit særleg ansvar for å syte for at saka blir opplyst best mogleg òg når det gjeld forhold som kan underbyggje kravet om gjenopptaking, og skal sjølv gje den hjelpa som ein som er sikta treng.

Departementet ber om synet til høyringsinstansane på om dei omstenda kommisjonen nemner, kan forsvare ei føresegn som gjev høve til å gjere unnatak frå retten til innsyn, og om det eventuelt bør gjelde strengare vilkår enn dei som går fram av forslaget til kommisjonen. Departementet ber òg høyringsinstansane om å vurdere om eit vitne kan gjevast eit betre vern på anna vis enn ved å snevre inn retten til innsyn. Til dømes kan vernet etter straffelova § 132 a om motarbeiding av rettsstellet utvidast til òg å gjelde ein som forklarer seg for kommisjonen, jf. andre ledd bokstav b. Det kan òg vere grunn til å gi same vern til ein som arbeider eller utfører teneste for kommisjonen, jf. andre ledd bokstav c.

5. Forslag om å presisere at kommisjonen sine avgjerder om salær er endelege

5.1 Gjeldande rett
Kommisjonen kan nemne opp offentleg forsvarar for ein som er sikta når særlege grunner tilseier det, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd. Det går fram av føresegna at “[r]eglene i §§ 101-107 gjelder (…) tilsvarende”. Straffeprosesslova § 107 slår fast at “[o]ffentlig forsvarer skal ha godtgjørelse av staten. Om godtgjørelsen gjelder reglene i § 78 tilsvarende”.

Etter straffeprosesslova § 78 andre ledd “fastsetter retten en slik godtgjørelse etter nærmere regler som blir gitt av Kongen, om det ikke er bestemt en fast lønn. Rettens fastsetting kan påkjæres etter reglene i rettshjelpsloven § 28 a”. Lova gjev ikkje i dag noko klart svar på om det har til følgje at òg avgjerdene til kommisjonen om fastsetting av salær kan påkjærast. Etter straffeprosesslova § 395 tredje ledd kan kommisjonens avgjerder berre påkjærast der lova klart seier så. Førearbeida til føresegna kan vere slik å forstå at ei generell tilvising som seier at andre regelsett gjeld tilsvarande, ikkje er nok til å grunngje ein rett til å setje fram kjæremål, jf. Ot.prp. nr. 70 (2000-2001) side 47-48 og 73.

5.2 Forslaget frå kommisjonen
Kommisjonen foreslår å endre straffeprosesslova § 397 andre ledd slik:

“Kommisjonen kan oppnevne offentlig forsvarer for siktede når særlige grunner tilsier det. Reglene i §§ 101-107 gjelder i så fall tilsvarende, likevel slik at kommisjonens beslutninger etter § 78 annet ledd er endelige.”

Forslaget gjer det klart at kommisjonen si fastsetjing av salær til offentlege forsvarar ikkje skal kunne påkjærast. Slik kommisjonen ser det er verken forvaltningsklage eller kjæremål egna til å gjelde for slike avgjerder. Ein rett til å klage avgjerda inn for Justisdepartementet ville bryte for mykje med den uavhengige stillinga til kommisjonen. Kjæremål ser ikkje kommisjonen som noko alternativ, då det ikkje finst nokon domstol som er overordna kommisjonen. Kommisjonen gjer difor gjeldande at deira avgjerder etter straffeprosesslova § 78 andre ledd og salærforskrifta bør vere endelege.

5.3 Synet til departementet før høyringa
Ordninga med ein uavhengig kommisjon for å vurdere om ei straffesak skal takast opp att har som premiss at domstolane berre skal kunne overprøve avgjerdene til kommisjonen som følgje av eit sivilrettsleg søksmål. Det er ikkje lagt opp til ein alminneleg straffeprosessuell kjæremålsrett over avgjerdene til kommisjonen; det er naudsynt med reine linjer for at kommisjonen skal kunne stå fram som eit uavhengig korrektiv til domstolane. Det einaste unnataket lova beintfram gjer slik at avgjerda til kommisjonen kan overprøvast etter reglane om kjæremål, er avgjerd om vitneforklaring etter straffeprosesslova § 118, sjå § 398 a andre ledd siste punktum. Departementet ber om synet til høyringsinstansane på om ei avgjerd om salær står i ei slik stilling at ho kan grunngje eit tilsvarande unnatak.

6. Forslag om at kommisjonen skal kunne nemne opp støtteadvokat for den som er krenkt i saka

6.1 Gjeldande rett
Den krenkte i saka har rett til støtteadvokat òg etter at sjølve straffesaka er avslutta, jf. Rt. 1999 s. 254 og Rt. 1999 s. 2005. I den siste avgjerda sa kjæremålsutvalet at “[d]ersom det er naturlig og rimelig, kan det unntaksvis oppnevnes bistandsadvokat òg etter at selve straffesaken er avsluttet, se straffeprosessloven § 107 c første ledd 2. punktum, jf. Rt. 1999 s. 254. Kjæremålsutvalget kan ikke se at lagmannsretten har fortolket straffeprosessloven § 107 a jf. § 107 c uriktig når retten har lagt til grunn at A ikke hadde noen ubetinget rett til å få oppnevnt bistandsadvokat.”

Ut frå dette er det grunn til å tru at den som er krenkt i saka i visse tilfelle har rett til støtteadvokat òg når det er sett fram krav om at saka skal takast opp att. Dei nærare vilkåra for ein slik rett er ikkje avklara i rettspraksis.

6.2 Forslaget frå kommisjonen
Kommisjonen foreslår eit nytt siste ledd i straffeprosesslova § 398. Forslaget lyder slik:

“Kommisjonen kan oppnevne bistandsadvokat for fornærmede. Reglene i §§ 107 a-d gjelder i så fall tilsvarende så langt de passer.”

Kommisjonen viser til Ot.prp. nr. 70 (2000-2001), der departementet seier at den som er krenkt i saka bør ha høve til å kome med sitt syn og få sjå dokumenta i saka i tråd med straffeprosesslova § 242. I nokre saker kan det òg vere naudsynt å avhøyre den som er krenkt i saka. Då kan oppnemning av støtteadvokat vere aktuelt.

Kommisjonen legg til grunn at den som er krenkt i saka kan ha rett til støtteadvokat òg når det er sett fram krav om gjenopptaking av ei straffesak. Formålet med forslaget til lovendring er å gje kommisjonen kompetanse til å nemne opp støtteadvokat. Når spørsmålet om gjenopptaking er flytta frå domstolen til kommisjonen, ser kommisjonen det som naturleg at han òg har kompetanse til å nemne opp støtteadvokat i desse sakene. Kommisjonen har allereie kompetanse til å nemne opp forsvarar for den som er domfelt i saka, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd.

Kommisjonen er i tvil om føresegna bør takast inn i § 398 eller om ho hører heime ein annan plass i lova. Forslaget om å plassere føresegna i § 398 er grunngjeve med at spørsmålet om å nemne opp støtteadvokat ofte vil oppstå i samband med dokumentinnsyn og opplysning av saka.

6.3 Synet til departementet før høyringa
Under straffesaka nemner retten opp støtteadvokaten, jf. straffeprosesslova § 107 b første ledd, når det er ”naturlig og rimelig”, jf. Rt. 1999 side 254. Tidlegare var det domstolen som sa dommen som avgjorde om saka skulle takast opp att. Fordi det nå er kommisjonen som avgjer det, er det tenleg at kommisjonen òg nemner opp støtteadvokat. Departementet sluttar seg difor til forslaget frå kommisjonen.

Departementet vil ikkje utelukke at føresegna bør takast inn i § 397 andre ledd i staden for i § 398 slik kommisjonen foreslår. Retten til å nemne opp støtteadvokat heng nær saman med retten til å nemne opp forsvarar, som går fram av § 397 andre ledd med vidare tilvising.

Departementet ber om synet til høyringsinstansane.

7. Forslag om å endre krava til grunngjeving for avgjerda til kommisjonen i saker der kravet blir forkasta fordi det openbart ikkje kan føre fram

7.1 Gjeldande rett
Straffeprosesslova § 397 tredje ledd gjev leiaren av kommisjonen eller nestleiaren kompetanse til å forkaste nokre krav utan særleg handsaming. Dette gjeld dels krav om å ta opp att avgjerder som etter si art ikkje kan takast opp att eller som ikkje inneheld nokon grunn som etter lova kan føre til gjenopptaking (tredje ledd første punktum), dels krav som av andre grunnar openbert ikkje kan føre fram (tredje ledd andre punktum). Ordninga er grunngjeve med prosessøkonomiske omsyn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2000-2001) side 37:

“Både kapasitetshensyn og hensynet til en forsvarlig bruk av kommisjonens ressurser tilsier at slike begjæringer ikke behandles like grundig som andre begjæringer. Også erfaringene til den engelske kommisjonen tilsier at det etableres en slik ordning.”

I praksis blir høvet til ei enklare handsaming ofte nytta, og er naudsynt for at kommisjonen skal kunne bruke sine ressursar på ein god måte og unngå store restansar. I løpet av 2004 fekk kommisjonen til saman 232 krav. Av dei 61 sakene som vart avslutta i 2004, vart 38 krav forkasta fordi dei ikkje høyrde inn under kommisjonen (sivile dommar, straffesaker som er lagde bort, forvaltningsvedtak, utanlandske dommar), jf. § 397 tredje ledd første punktum. Ytterlegare 18 av krava som vart handsama vart forkasta fordi dei openbert ikkje kunne føre fram, jf. årsrapporten for 2004 side 4 og § 397 tredje ledd andre punktum.

7.2. Forslaget frå kommisjonen
Kommisjonen foreslår eit nytt tredje ledd i straffeprosesslova § 397. Forslaget lyder slik:

“Gjelder begjæringen en avgjørelse som etter sin art ikke kan gjenopptas, eller inneholder den ingen grunn som etter loven kan føre til gjenopptakelse, kan kommisjonen uten nærmere behandling forkaste begjæringen. Det samme gjelder hvor begjæringen av andre grunner åpenbart ikke kan føre frem. Avgjørelsen kan tas av kommisjonens leder eller nestleder, den treffes etter reglene om kjennelse, og kan begrunnes etter reglene i straffeprosessloven § 387 a første ledd”

Kommisjonen viser til at straffeprosesslova § 391 tredje ledd er grunngjeve med at kapasitetsomsyn og omsynet til ein forsvarleg bruk av ressursane til kommisjonen taler for ei enklare handsaming av krav som openbert ikkje kan føre fram. Likevel er plikta til å grunngje slike avgjerder i prinsippet den same som plikta til å grunngje dei andre avgjerdene som kommisjonen treff. Kravet er i båe tilfelle at avgjerda skal ha grunnar. Lova inneheld ikkje nærare reglar for kor mykje som skal til for å oppfylle grunngjevingsplikta i høve til dei avgjerdene som kommisjonen skal treffe. Det vil difor vere ei føremon om ein kan sleppe denne uvissheita. I motsett fall kan ein lett risikere at krava til grunngjeving for å vere heilt sikker vil bli tolka såpass strengt at krava nærmar seg krava til grunngjeving for dommar.

Dei same omsyna som ligg bak utforminga at § 391 tredje ledd kan etter kommisjonen sitt syn tale for at ein òg kan stille eit redusert krav til grunngjevinga i saker der kravet openbert ikkje kan føre fram. Slike saker utgjer ein nokså stor del av kommisjonen sine saker (ca. 61 % av dei sakene som er avslutta til nå i 2005). Forslaget går ut på at avgjerda i slike saker kan grunngjevast etter reglane i straffeprosesslova § 387 a første ledd.

Kommisjonen skriv at den er klar over at straffeprosesslova § 387 a krev at domarane er samde om avgjerda, medan ei avgjerd etter § 392 tredje ledd vert treft av ein person. Tanken bak forslaget om å la § 397 tredje ledd vise til grunngjevingskrava i § 387 a første ledd er likevel å få nokre minimumskrav til grunngjevinga i dei heilt openberre sakene. Ei slik lovfesting av minimumskrav vil sjølvsagt ikkje avskjere leiaren/nestleiaren i kommisjonen ifrå å gje ei meir utfyllande grunngjeving der dette er naturleg.

Kommisjonen har óg peika på rettleiingsplikta, og at kommisjonen som ei følgje av denne plikta vil leggje brett på å forklare munnleg for den domfelte kvifor kravet blir forkasta.

7.2 Synet til departementet før høyringa
Omsyna bak reglane i § 397 tredje ledd taler for at òg grunngjevinga for avgjerda bør kunne gjerast stutt. Departementet kan utan vidare støtte ei løysing etter mønster av § 387 a for avgjerder etter tredje ledd første punktum. Slike saker byr ikkje ofte på tvil – det kan for eksempel dreie seg om eit krav om gjenopptaking av ei sivil sak, som fell utanfor verkeområdet til kommisjonen. Noko meir tvil kan knytte seg til om ei like summarisk grunngjeving bør kunne gjevast for avgjerder etter tredje ledd andre punktum. Andre punktum gjeld krav som fell innanfor verkeområdet til kommisjonen, og som inneheld ein grunn som etter si art kan føre til gjenopptaking, men der det er klart at kravet må forkastast fordi det ikkje er hald i det som blir gjort gjeldande til fordel for gjenopptaking. I slike saker kan det vere naudsynt med ei meir konkret vurdering før kravet eventuelt blir forkasta, og det kan vere tenleg å få ei betre grunngjeving enn ei naken tilvising. Departementet ber om synet til høyringsinstansane.

8. Forslag om å gi heimel for å skrive ut politiattest

8.1 Gjeldande rett
Politiattest kan skrivast ut til bruk utanfor strafferettspleia, jf. strafferegistreringslova § 5. Det følgjer dels av strafferegistreringsforskrifta og rundskriv frå Justisdepartementet, dels av spesiallovgjevinga når og til kva for føremål slik attest kan skrivast ut.

Strafferegistreringsforskrifta § 12 nr. 1-4 listar opp ei rekke døme på når politiattest kan skrivast ut. Etter § 12 nr. 5 kan “[p]olitidirektoratet (…) samtykke i at det også i andre tilfelle utferdiges politiattest”. Samtykke blir gjeve i rundskriv.

8.2 Kommisjonens forslag
Kommisjonen foreslår å endre § 12 nr. 4 m i strafferegistreringsforskrifta. Forslaget lyder slik:

“til vedkommende tilsettingsmyndighet i forbindelse med utnevning/tilsetting av dommere, dommerfullmektiger, utredere/kontorpersonale i sekretariatet til Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker og embets- og tjenestemenn i påtalemyndigheten, samt i forbindelse med utnevning/tilsetting av politiinspektører, politiadjutanter og politifullmektiger som skal tjenestegjøre i embeter/stillinger som ikke er tillagt påtalemyndighet. Det kan kreves uttømmende attest.”

Kommisjonen grunngjev forslaget med at sekretariatet til kommisjonen treng å krevje politiattest ved tilsetjingar på lik linje med andre organ i strafferettspleia.

8.3 Synet til departementet før høyringa
Politiattestar og annan vandelskontroll skal mellom anna førebyggje kriminalitet ved at fysiske eller juridiske personar ikkje får stillingar eller funksjonar dei ikkje er egna til. Det bør vere høve til å krevje politiattest om personar i stillingar som krev tillit.

Departementet støttar forslaget frå kommisjonen, og foreslår òg at politiattest kan krevjast for leiaren, nestleiaren og dei andre medlemmene i kommisjonen. Trongen for å kunne krevje politiattest gjør seg i like stor grad gjeldande for desse personane som for dei tilsette i sekretariatet.

Departementet ønskjer likevel ikkje å ta heimelen for å skrive ut politiattest inn i strafferegistreringsforskrifta. I det siste har det vore fast praksis at krav om politiattest skal heimlast i lova som regulerer verksemda. Praksisen er foreslått ført vidare i NOU 2003: 21 Kriminalitetsbekjempelse og personvern, som nå blir handsama av departementet. Departementet foreslår difor at ein ny heimel for å skrive ut politiattest blir teken inn i andre ledd i straffeprosesslova § 395 som fjerde punktum, med ei slik utforming:

”Det kan kreves utstedt uttømmende politiattest for lederen, nestlederen, medlemmene og de ansatte i kommisjonen.”

Finansdepartementet
Moderniseringsdepartementet
Utanriksdepartementet

Domstoladministrasjonen
Høgsterett
Lagmannsrettane
Oslo tingrett

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Riksadvokaten

Politidirektoratet
Spesialeininga for politisaker

Datatilsynet
Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Forsvarergruppen av 1977
Norsk forening for kriminalreform (KROM)
Politiembetsmennenes Landsforening
Politiets Fellesforbund
Rettspolitisk forening
Straffedes Organisasjon i Norge (SON)