Høyring – Forskrift for kompetanse og arbeidskraft i distrikta
Høyring | Dato: 13.12.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Høyringsbrev – forslag til forskrift – Kompetanse og arbeidskraft i distrikta
Kommunal- og distriktsdepartementet sender med dette forslag til forskrift for kap. 553 post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta, på høyring.
Bakgrunn
Kap. 553 post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta blir endra frå 2025. Stortinget har overført ansvaret for finansiering av studiesentra frå Kunnskapsdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og midlane er lagt til nemnde budsjettpost. Framover er det fylkeskommunane som skal forvalte midlane på post 60. Posten inneheld løyvingar til to ordningar, høvesvis Mobilisere til utdanning og kompetanseheving og Tilskot til studiesenter, jf. Prop. 1 S (2024–2025)[1]. Forslag til forskrift gjeld for begge ordningane.
KDD har utarbeida eit forslag til forskrift for post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta i samråd med ei referansegruppe med representantar frå eit utval fylkeskommunar og Direktorat for høgare utdanning og kompetanse. Forslaget til forskrift er med dette sendt på høyring.
Frist for høyringa og innsending
Høyringsfråsegn skal bli gitt digitalt på regjeringen.no. Du gjer dette ved å klikke på «Send
inn svar på høyringa» under. Alle kan gje fråsegn om forslag til forskrift. Høyringsfråsegn er offentlege etter offentlegheitsloven og vil bli publisert på våre nettsider.
Vi sett pris på om mottakarane av høyringsbrevet formidlar informasjonen til andre som kan være interessert. Vi ber særskild om at fylkeskommunar og kommunar informerer aktuelle studiesentera og andre relevante aktørar i eige fylke om at forskrifta no er på høyring.
Høyringa har ein frist på 8 veker. Vi ber om innspel innan 14. februar 2025.
Kontaktpersonar
Ved eventuelle spørsmål kan dykk kontakte:
Birgitte Wohl Sem, e-post: birgitte-wohl.sem@kdd.dep.no, tlf.: 90150981
Benedikte Gyribye Olafsen, e-post: benedikte-gyribye.olafsen@kdd.dep.no, tlf.: 92246754
Avdelingsdirektør Gerd Slinning, e-post: gerd.slinning@kdd.dep.no, tlf.: 92617965
Med helsing
Gerd Slinning (e.f.) avdelingsdirektør
|
Benedikte Gyribye Olafsen rådgjevar |
[1] Prop. 1 S (2024–2025) kap. 553, post 60
Kunnskapsdepartementet
Næringsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Helsedepartementet
Justisdepartementet
Finansdepartementet
Alle Fylkeskommunar
Alle Kommunar
KS - Kommunesektorens Organisasjon
Nasjonalt fagskoleråd
Universitets- og høgskolerådet
Norske utdannings - og studiesentre
Studiesentra
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse