Høyring - Forskrift om berekraftig skogbruk

Forskrift om berekraftig skogbruk. Fastsatt 07.06.06

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 04.10.2005

Vår ref.:

Høringsinstansar

Deres ref

Vår ref

Dato

200501215-/BHJ

06.07.2005

Høyringsutkast - Forskrift om berekraftig skogbruk

Eit utkast til ny forskrift om berekraftig skogbruk blir nå sendt på høyring. Forskrifta inneheld føresegner både om miljøomsyn og om tilfredsstillande forynging. Utkastet inneheld også føresegner om tiltak mot skade på skogen. Høyringsfristen er 4. Oktober 2005.

Bakgrunn
I St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø - muligheiter i skogsektoren, foreslo regjeringa at det skulle utarbeidast ei ny lov om skogbruk til erstatning for gjeldande skogbrukslov. Arbeidet skulle ha som mål at den nye lova skulle innehalde klare føresegner om eit berekraftig skogbruk og om langsiktig ressursforvaltning. Ein ønskte at skogeigaren sitt ansvar for å forvalte eigne skogressursar og å ta miljøomsyn skulle stå sentralt i ei ny lov. Under behandlinga av Skogmeldinga streka Næringskomiteen under at lova burde vere ei næringslov som byggjer på prinsippet om fridom under ansvar, og at lova burde gi klare rammer for dei miljøomsyna skogbruket må ta, og som er ein viktig del av skogeigaren sitt forvaltaransvar. I samsvar med denne meldinga og Stortinget si behandling av den la Regjeringa hausten 2004 fram framlegg om ny skogbrukslov, Ot. prp. nr. 28 (2004-2005). I proposisjonen heiter det mellom anna følgjande om ei miljøforskrift;

Departementet meiner at spørsmål som gjeld ei mogleg miljøforskrift må sjåast i samanheng med skogbruket si miljøsatsing elles. Gjennom miljøprosjektet Levende Skog blei det i 1998 fastsett standardar for eit berekraftig skogbruk. Desse standardane blei innarbeidd i eit sertifiseringssystem som no femner mellom 90 og 100 % av avverkinga i det norske skogbruket. ........ Departementet er svært tilfreds med den innsatsen næringa legg i miljøomsyn ved drift og forvaltning av skogressursane, ei satsing som har ført til at det blir teke vesentleg meir miljøomsyn i skogsdrifta i dag enn tidlegare.
Departementet meiner likevel at det er ønskjeleg at skogeigaren sitt miljøansvar, slik dette er formulert i § 4 første ledd også går fram gjennom utfyllande forskrifter til lova. Dette fordi departementet meiner det er eit offentleg ansvar å gi næringa klare rammer for miljøomsyna i verksemda. .......... Reglane vil dessutan kunne fungere som eit sikringsnett dersom arbeidet med den frivillige sertifiseringsordninga skulle svekkast i høve
til i dag. Samstundes legg departementet vesentleg vekt på ikkje å legge nye byrder på skogeigarar som aktivt følgjer opp skogbruksnæringa sitt arbeid med miljøomsyn og miljøsertifisering. Ei forskrift må utformast slik at ho sikrar nødvendige minstekrav utan å svekkje den motivasjonen næringa har for frivillige miljøomsyn, og utan å kaste vrak på det verdifulle arbeidet som er lagt ned gjennom Levende Skog og sertifiseringssystem, kompetansehevingstiltak og anna som ligg i oppfølginga av Levende Skog. Departementet legg til grunn at dei som er tilslutta gjeldande sertifiseringsordning vil tilfredstille dei krava som blir sett i lova, og som vil følgje av den komande forskrifta.

Under behandlinga av Ot. prp nr 28 (2004-2005) om ny skogbrukslov var det ikkje semje mellom partia på Stortinget når det gjaldt spørsmålet om ei slik forskrift. Ap, Sp og Frp var mot ei slik forskrift mens fleirtalet, KrF, H, V og SV støtta forslaget frå Regjeringa.

I forskrifta her har vi samla reglane om miljøomsyn, om forynging og reglane om tiltak mot skade på skog.

Miljøomsyn
Landbruks- og matdepartementet har lagt Stortinget sine merknader til grunn og har derfor også lagt til grunn den miljøsatsinga som er eit resultat av Levende Skog-prosjektet og sertifiseringa som byggjer på dette. Ved utforminga av miljøreglane i forskriftsutkastet har departementet arbeidd saman med Miljøverndepartementet. I utkastet til forskrift er det mellom anna føresegner om krav til miljødokumentasjon og miljøregistreringar, og føresegner knytt til hogst, skogreising, skifte av treslag og bruk av utanlandske treslag. Slik utkastet no ligg føre er det vår vurdering at forskrifta kan fungere som eit sikringsnett utan å gje meir byråkrati og svekkje skogeigarane sin motivasjon for å drive arbeidet vidare med frivillige miljøomsyn.

Tilfredsstillande forynging etter hogst
Av den nye lova går det fram at skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og at skogeigaren skal sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Lova stiller og krav om at skogeigaren skal setje i gang nødvendige tiltak for forynging etter hogst.

Det er mange tilhøve som må leggjast til grunn ved vurdering av om forynginga er tilfreds­stillande; skogen sin produksjonsevne, avstand til veg, klimatilhøve o.l. , og det ligg føre eit grundig og omfattande materiale om dette frå forskinga. I utkastet til føresegner om tilfreds­stillande forynging har departementet lagt vekt på å vise både dei tilrådde plantetala for dei ulike bonitetsklassene og den absolutt nedre grensa som kan utløyse tiltak overfor skogeigaren.

Tiltak mot skadar på skog
Føresegnene i dette kapitlet er i hovudsak i samsvar med gjeldande reglar, men departementet har lagt opp til at dei mest omfattande tiltaka berre skal skje i område der det blir rapportert om fare for insektsverming. Dei viktigaste tiltaka for å forhindre insektsverming er å fjerne daudt trevirke og skadd skog. Samtidig er det bra med slikt virke av omsyn til det biologiske mangfaldet, og dermed legg departementet opp til meir nyanserte føresegner enn det som går fram av gjeldande forskrift.

Avslutning
Departementet har samla alle føresegner om tilsyn, pålegg, straff o.a. i kap 5. Forskrifta inneheld ei rekkje fagtermar og omgrep som ikkje er nærmare definert. Vi ber om høyringsinstansane sitt syn på behovet for ei føresegn som gir nærare definisjon av slike ord. Vi ber om høyringsinstansane sitt syn på forskrifta innan 4. oktober 2005, gjerne elektronisk til: postmottak@lmd.dep.no

Med helsing

Ellen Hambro e.f.
ekspedisjonssjef

Ivar Ekanger
avdelingsdirektør