Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning - endring i dekking av norskkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning mv.
Høyring | Dato: 16.12.2022 | Kunnskapsdepartementet
Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning - endring i dekking av norskkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning mv.
Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.
Departementet vurderer, i samråd med HK-dir/Samordna opptak (SO), normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. Som varsla i nytt rundskriv F-02-22 vil departementet foreslå ei endring av føresegna § 2-2 andre ledd, som følge av at Folkeuniversitetet brått har avvikla Test i norsk - høgare nivå («Bergenstesten»), frå og med hausten 2022. I tillegg forslår vi endringar i § 4-7 tredje og fjerde ledd om spesielle opptakskrav til lærarutdanningane som følge av endringa i første ledd tidlegare i år, der det ble lagt til ein ny alternativ måte for søkjarar å kvalifisere seg på til grunnskolelærar- og lektorutdanningane.
Dei foreslåtte endringane inneber ikkje strengare krav enn dei som gjeld i dag. Derfor meiner departementet at det er rimeleg å sende forslaga på ei forkorta høyringsrunde. Endringar er lagt inn i kursiv og forslag om sletting er lagt inn med overstryking.
Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane om å nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.
Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2951060
Det skal sendast kopi av høyringssvara til HK-dir til post@hkdir.no. Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte.
Høyringsfristen er 27. januar 2023.
Med hilsen
Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør
Katrine Elida Aaland
seniorrådgiver
- Association of Norwegian Students Abroad (ANSA)
- Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Elevorganisasjonen
- Fagskoler
- Fylkeskommunene inkl. Oslo kommune
- Norsk studentorganisasjon (NSO)
- Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)
- Private høyskoler
- Statlige universiteter og høyskoler
- Statsforvalterne
- Utdanningsdirektoratet
- Videregående skoler
Kopimottakere
- Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Arbeidsgiverforeningen Spekter
- Barne- og familiedepartementet
- Forskerforbundet
- Forum for fagskoler - Abelia
- Hovedorganisasjonen Virke
- Justis- og beredskapsdepartementet
- Landsorganisasjonen i Norge
- Likestillings- og diskrimineringsombudet
- Lærernes Yrkesforbund
- Nasjonalt fagskoleråd
- Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
- Norsk Lektorlag
- Næringslivets Hovedorganisasjon
- Rådet for offentlige fagskoler
- Sametinget
- Samordna opptak
- Skolelederforbundet
- Skolenes landsforbund
- Statens lånekasse for utdanning
- Unio
- Universitets- og høgskolerådet
- Utdanningsforbundet
- Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund