Høyring - Forslag om endringar av reglane om ventetid i dagpengeordninga - folketrygdloven § 4-9

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om å endre ventetidsreglane i dagpengeordninga.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 10.08.2023

Vår ref.: 23/1816

I høyringsnotatet foreslår departementet å erstatte dei gjeldande reglane om ventetid på tre dagar innanfor ein referanseperiode på 15 dagar før dagpengeutbetalingane starter, med ei ventetid i form av ein eigenandel som svarar til tre gongar dagpengesatsen til den enkelte. Denne eigenandelen blir trekt i den eller dei første dagpengeutbetalinga(ne). Bakgrunnen for forslaget om endringar er at det etter dei gjeldande reglane kan ta lang tid å få avvikla ventetida dersom dagpengemottakaren tar arbeid eller ikkje fyller vilkåret om å vere «reell arbeidssøker» i deler av referanseperioden. I mange tilfelle fører det til tap av dagpengar for den enkelte. I tillegg er reglane kompliserte og vanskelege å forstå for brukarane, og krevjande for Arbeids- og velferdsetaten å rettleie om og å administrere.

Omsynet til både arbeidsinsentiva i dagpengeordninga, til forenkling og automatisering taler for at dei gjeldande ventetidsreglane blir oppheva. Det er likevel argument for å behalde ein eigenandel i dagpengeordninga. Ei enkel løysing er å gjere ventetida om til ein rein eigenandel som blir trekt i den eller dei første dagpengeutbetalinga(ne).

Med den foreslåtte endringa vil dei som får eit kortvarig arbeid like etter at dagpengane er innvilga, ikkje lenger risikere tap av dagpengane som følgje av at dei må fremje ein ny dagpengesøknad fordi ventetida ikkje er avvikla. Dermed vil det i større grad lønne seg å ta arbeid også i byrjinga av ein dagpengeperiode. Den foreslåtte endringa inneber i tillegg ei forenkling som vil lette saksbehandlinga, både ved å leggje betre til rette for digitalisering og å redusere talet på brukarar som treng rettleing om reglane frå Arbeids- og velferdsetaten eller som klager.

Frist for å sende inn høyringssvar er 10. august 2023.

Høringer er åpne, og alle kan sende innspill til oss. Vi ber om at høyringssvar sendes inn digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no

 

Med helsing 

Cathrine Opstad Sunde 

avdelingsdirektør 

                                                                             Else Pernille Torsvik 

                                                                             fagdirektør 

 

Akademikerne

Alle departementa

Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeidsgiverforeningen Spekter

Garantikassen for fiskere

Hovedorganisasjonen Virke

KS

Landsorganisasjonen i Norge - LO

NHO – Næringslivets hovedorganisasjon

Trygderetten

Unio

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund  - YS