Høyring - forslag til endringar i menneskerettslova mv.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 01.03.2005

Vår ref.: 200400594 EO HI/bj

Justisdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om

- å ratifisere og inkorporere i menneskerettslova Protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve, og

- å endre menneskerettslova slik at det går fram at det er EMK som endra ved protokollane 11 og 14, som gjeld som lov i Noreg.

Høyringsnotatet som ligg ved gjev meir informasjon om protokollane, og om forslaget til lov.

Eventuelle merknader til forslaget bes sendt til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, N-0030 Oslo, innan1. mars 2005.

Med hilsen

Inge Lorange Backer
ekspedisjonssjef

 

Hilde Indreberg
avdelingsdirektør

1. Protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjonen om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve

1.1 Innleiing

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 21. februar 2002 protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve og opna protokollen for underteikning 3. mai 2002. Protokollen tok til å gjelde 1. juli 2003. Per 1. desember 2004 har 26 av dei 46 medlemsstatane i Europarådet ratifisert protokollen, og ytterlegare 16 statar har underteikna han, mellom dei Noreg.

Protokollen i engelsk originaltekst og norsk oversetting samt ei oversetting av den forklarande rapporten til protokollen som Ministerkomiteen vedtok samstundes med at han vedtok protokollen, følgjer som vedlegg til høyringsnotatet. Den originale utgåva av den forklarande rapporten kan ein finne på http://conventions.coe.int/Treaty/en/Reports/Html/187.htm.

1.2 Innhaldet i protokollen

Protokollen har ein fortale der det mellom anna går fram at avskaffing av dødsstraffa er vesentleg for å kunne verne retten til liv, som er ein grunnleggjande verdi i eit demokratisk samfunn.

Det følgjer av artikkel 1 at dødsstraff skal avskaffast og at ingen må bli dømd til slik straff eller avretta. Artikkel 1 i protokoll nr. 6 til EMK har den same ordlyden.

Artikkel 2 slår fast at forbodet mot dødsstraff ikkje kan fråvikast etter EMK artikkel 15, dvs. heller ikkje under krig eller annan offentleg naudtilstand som truar nasjonen. Protokoll nr. 13 inneber altså, til forskjell frå protokoll nr. 6, eit absolutt forbod mot dødsstraff, både i freds- og krigstid.

Artikkel 3 slår fast at det ikkje er mogeleg for statane å ta atterhald mot enkelte delar av protokollen.

Artiklane 4 til 8 regulerer kvar protokollen skal gjelde, tilhøvet til EMK (protokollen artikkel 1 til 4 skal sjåast som tilleggsføresegner til konvensjonen slik at alle sakshandsamingsføresegner mv. i konvensjonen skal gjelde tilsvarande), kven som kan bli partar (alle Europarådets medlemsstatar), og vilkår for at protokollen skal ta til å gjelde (10 statar må erklære seg bundne).

1.3 Gjeldande rett

Noreg oppheva dødsstraffa for vanlege straffesaker ved straffelova 22. mai 1902 nr. 10. Føresegna i militær straffelov om dødsstraff for handlingar i krigstid blei oppheva ved lov 8. juni 1979 nr. 43. I Ot.prp. nr. 45 (1978-79) blei dette bl.a. grunngitt med at dødsstraff er ein inhuman straffereaksjon, og at ein fullstendig norsk oppheving av dødsstraffa kunne styrke det internasjonale arbeidet mot denne forma for straff. Etter denne endringa av militær straffelov har det ikkje vore høve til å dømme nokon til dødsstraff etter norsk rett, verken i freds- eller krigstid.

Noreg er allereie bunden av protokoll nr. 6 til EMK, som påbyr statane å avskaffe dødsstraff. Til skilnad frå protokoll nr. 13 opnar protokoll nr. 6 for dom på dødsstraff for handlingar i krig eller under krigstrussel.

Noreg er og bunden av valfri protokoll nr. 2 til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP), som påbyr avskaffing av dødsstraff også i krigstid. Ved ratifikasjon av denne protokollen er det mogeleg å ta atterhald om at det likevel skal være høve til å ta i bruk dødsstraff i krigstid som følgje av dom for eit svært alvorleg brotsverk av militær art, jf. protokollen artikkel 2. Noreg nytta ikkje dette høvet til å reservere seg mot det totale forbodet mot bruk av dødsstraff. (Ei oversikt over dei synspunkta som kom fram i debatten om ratifisering av denne protokollen til SP, finn ein i St.prp. nr. 37 (1990-91) og Innst. S. nr. 233 (1990-91) med vedlegg.)

Noreg har dermed allereie forplikta seg folkerettsleg til ikkje å innføre dødsstraff igjen. Den rettslege følgja av norsk tilslutning til protokoll nr. 13 til EMK vil i hovudsak vere at Den europeiske menneskerettsdomstolen (Domstolen) får høve til å avgjere med bindande verking eventuelle klagemål mot Noreg om ikkje-oppfylling av protokollen. Ettersom det ikkje finst føresegner om dødsstraff i norsk rett, er det lite truleg at slike saker vil bli aktuelle.

1.4 Vurdering

Arbeidet for å avskaffe dødsstraff er prioritert i det norske menneskerettsarbeidet, sjå mellom anna St.meld. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum punkt 5.9.2, der det slås fast at dødsstraffa strir mot prinsippet om at livet er ukrenkeleg, og at avskaffing av dødsstraff og vil vere med på å auke menneskeverdet og styrke respekten for dei andre menneskerettane.

Sidan Noreg allereie har oppheva dødsstraffa og er folkerettsleg bunden til å ikkje innføre han igjen, gjer det liten rettsleg skilnad om Noreg ratifiserer protokoll 13 til EMK. Norsk ratifikasjon vil likevel gi eit nytt politisk signal om at Noreg ser på dødsstraff som ein prinsipielt uakseptabel form for straff, og kan verke til å auke presset på dei statane som ikkje har ratifisert protokollen. Noreg tok aktiv del i arbeidet med protokollen, som no er ratifisert av 26 av dei 46 statane i Europarådet, mellom dei Danmark og Sverige. Departementet foreslår derfor at Noreg no, så snart som råd, ratifiserer protokollen.

Departementet foreslår jamvel å inkorporere protokollen i menneskerettslova, på same måte som EMK og dei protokollane til EMK som Noreg er bunden av, mellom dei protokoll 6 om oppheving av dødsstraff, sjå menneskerettslova § 2 nr. 1.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Norsk rett og praksis tilfredsstiller krava i protokoll nr. 13 til EMK. Ratifisering og inkorporering av protokollen vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for Noreg.

2. Protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon om endring av kontrollsystemet til konvensjonen

Ministerkomiteen i Europarådet vedtok 13. mai 2004 protokoll nr. 14 til EMK om endring av kontrollsystemet til konvensjonen. Protokollen, som særleg gjer endringar i føresegnene om sakshandsaminga til Den europeiske menneskerettsdomstolen, kom i stand for å sette Domstolen betre i stand til å handtere den store mengda av klagemål over brot på konvensjonen innan rimeleg tid.

Protokollteksten og ei nærare omtale av protokollen, om trongen for ein slik protokoll og om korleis protokollen kom i stand, finn ein i St.prp. nr. 4 (2004-2005) Om samtykke til ratifikasjon av protokoll nr. 14 til Konvensjonen om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter om endring av konvensjonens kontrollsystem av 13. mai 2004 (proposisjonen finn ein på nettstaden http://www.odin.dep.no/ud/norsk/dok/dok/stprp/032001-030163/dok-bn.html).

Dei viktigaste endringane protokollen gjer er lista opp i stortingsproposisjonen (St.prp. nr. 4 (2004-2005) på side 8:

”- Det innføres adgang for én dommer, med bistand av rapportører, til å avvise klager som åpenbart ikke oppfyller vilkårene for å bli prøvd. I dag treffes slike avgjørelser av komiteer på tre dommere.
- Det innføres adgang for komiteer på tre dommere til enstemmig å avsi dom i saker som ikke reiser nye spørsmål. Nå behandles disse sakene av kamre på syv dommere.
- Det innføres adgang for Domstolen til å avvise saker hvor klageren ikke har lidd noen ulempe av betydning. Forutsetningen er at saken har vært tilbørlig behandlet av en nasjonal domstol og at hensynet til respekt for menneskerettighetene ikke tilsier at saken realitetsbehandles.
- Det fastsettes at avvisning- og realitetsspørsmål som hovedregel skal behandles under ett i kamre. Det tilrettelegges også bedre for forlik.
- Ministerkomiteen gis kompetanse til å vedta at kamrene skal bestå av fem dommere i stedet for dagens syv.
- Ministerkomiteen gis kompetanse til bringe inn for Domstolen spørsmålet om tolkingen av en dom, dersom to tredjedeler av medlemmene i komiteen stemmer for dette.
- Ministerkomiteen gis kompetanse til å bringe inn for Domstolen spørsmålet om en stat har krenket sin plikt til å etterleve en dom.
- Det fastsettes at dommerne ved Domstolen skal velges for én periode på ni år uten adgang til gjenvalg. Ad hoc-dommere skal velges av Domstolens president fra en liste som statene har utarbeidet. Etter dagens ordning velges dommerne for perioder på seks år med adgang til gjenvalg.
- Europarådets kommissær for menneskerettigheter gis adgang til å intervenere i visse saker.
- Det gjøres klart at EU kan tiltre EMK. Eventuell tiltredelse vil også kreve andre endringer i konvensjonen.”

Stortinget samtykka i ratifisering av protokollen 28. oktober 2004 (sjå Innst. S. nr. 16 (2004-2005), og Noreg ratifiserte protokollen 10. november 2004. Til no har fem statar (Danmark, Georgia, Irland, Malta og Noreg) ratifisert protokollen og 30 statar har underteikna han. Protokollen vil først ta til å gjelde tre månader etter at alle dei 46 medlemsstatane i Europarådet har slutta seg til han.

Når protokollen tek til å gjelde, må det gå fram av menneskerettslova § 2 at det er EMK som endra med protokoll 11 og protokoll 14, som gjeld som norsk lov. I St.prp. nr. 4 (2004-2005) punkt 4 har regjeringa opplyst at ho i god tid før protokollen tek til å gjelde vil fremje ein odelstingsproposisjon med forslag om ein slik lovendring. Lovendringa har korkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

3. Lovforslag

I

I lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) vert det gjort følgjande endringar:

§ 2 nr. 1 skal lyde:

Europarådets konvensjon 4. november 1950 om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter som endret ved ellevte protokoll 11. mai 1994 og fjortende protokoll 13. mai 2004, med følgende tilleggsprotokoller:

  1. Protokoll 20. mars 1952,
  2. Fjerde protokoll 16. september 1963 om beskyttelse av visse rettigheter og friheter som ikke allerede omfattes av konvensjonen og av første tilleggsprotokoll til konvensjonen,
  3. Sjette protokoll 28. april 1983 om opphevelse av dødsstraff,
  4. Syvende protokoll 22. november 1984,
  5. Trettende protokoll21. februar 2002 om avskaffelse av dødsstraff under enhver omstendighet,

II

Stortinget samtykker til ratifisering av protokoll nr. 13 til Konvensjonen om skydd av menneskerettane og dei grunnleggande fridomar om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve, av 3. mai 2002.

III

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsette at dei ulike endringane skal ta til å gjelde til ulik tid.

 

Vedlegg:


Vedlegg 1: Protocol No. 13 to the Convention

Vedlegg 2: Protokoll nr. 13 til Konvensjonen

Vedlegg 3: Protokoll nr. 13 Forklaringsrapport

Vedlegg 4: Convention for the protection of human rights and fundamental rights (Appendix 1 i boka)

Vedlegg 5: Norsk oversettelse av konvensjonen

Departementa
Sametinget
Domstoladministrasjonen
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Generaladvokaten
Stortingets ombudsmann for forvaltningen
Senter for menneskerettigheter
Den norske advokatforening
Den norske dommerforening
Norges Juristforbund
Befalets fellesorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Amnesty International (norsk avdeling)
Det norske menneskerettighetshuset