Høyring - forslag til endringar i Merkur-forskrifta
Høyring | Dato: 06.09.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
I dei siste åra har konsumprisindeksen i Noreg auka markant. Derfor føreslår departementet at noverande kriterium i forskrifta knytt til omsetningsgrenser for investeringsstøtte og servicestøtte blir oppjustert for å oppretthalde verdien. Vi føreslår og å auke utviklingstilskotet til Merkur-Bok. I tillegg føreslår vi å ta bort krav om makstal på husstandar for å få tilskot, og å auke grensene for samla statssstøtte til føretaket til inntil 500 000 euro over tre år.
Vi føreslår og ein del andre mindre justeringar i forskrifta knytt til at Distriktssenteret overtok forvaltninga av Merkur-programmet i 2019, samt at Kommunal- og distriktsdepartementet har beslutta å nedlegge styret for Merkur-programmet.
Vi viser til det vedlagte høyringsnotatet for meir detaljar om dei føreslåtte endringane.
Departementet gjer merksam på at høyringsfristen er satt til 6 veker. Derfor ber vi om ei tilbakemelding seinast 18. oktober 2024. Vi tek sikte på å iverksette endringane frå 1.1.2025.
Vi gjer og merksam på at forskrift med høyringsbrev og notat vert lagt ut på regjeringa si nettside, regjeringen.no, og vil vere tilgjengeleg for alle. Vi ber om at høyringssvar vert gitt digitalt på regjeringen.no. Dette gjer du under «Send inn høringssvar» nederst på denne nettsida.
Høyringssvara vil på vanleg måte og bli lagt ut på same nettstad.
Eventuelle spørsmål kan rettast til seniorrådgjevar Knut Ove Nordås, e-post adresse : knut-ove.nordas@kdd.dep.no eller utredningsleiar Ronny Kristiansen, e-post adresse: ronny.kristiansen@kdd.dep.no
Med hilsen
Bjørn Barvik (e.f.) avdelingsdirektør
|
Knut Ove Nordås seniorrådgivar |
Agder fylkeskommune |
Akershus fylkeskommune |
Buskerud fylkeskommune |
COOP Norge v / Ingvill Størksen |
Distriktssenteret |
Finnmark fylkeskommune |
Innlandet fylkeskommune |
Møre og Romsdal fylkeskommune |
Nordland fylkeskommune |
Norgesgruppen v/ Roy Hval - Joker |
Oslo kommune |
Rogaland fylkeskommune |
Snarkjøp Gruppen v /Gunta Venge |
Telemark fylkeskommune |
Troms fylkeskommune |
Trøndelag fylkeskommune |
Vestfold fylkeskommune |
Vestland fylkeskommune |
Østfold fylkeskommune |
Merkur-konsulentane |
Styret for Merkur-programmet |