Høyring - Forslag til endringar i taubaneloven og tivoliloven
Høyring | Dato: 13.12.2021 | Samferdselsdepartementet
Høyring - Forslag til endringar i taubaneloven og tivoliloven
Samferdselsdepartementet sender med dette på høyring framlegg til endring i taubaneloven og tivoliloven som vil gi Statens havarikommisjon (SHK) mynde til å undersøke ulykker og hendingar på taubane- og tivoliområda.
Dei framlagde endringane er nærare gjort greie for i vedlagde høyringsnotat.
Departementet gjer spesielt merksam på at det er i gang eit arbeid med eit lovframlegg som klargjer SHKs tilgang til opplysningar frå teletilbydarar, og departementet ønsker at desse lovføresegnene blir innarbeidd i taubaneloven og tivoliloven samtidig som SHK blir gitt undersøkingsmyndigheit på taubane- og tivoliområda. Departementet vil sende ut eit eige høyringsnotat om framlegg til lovføresegner som klargjer SHKs tilgang til opplysningar frå teletilbydarar.
Høyringsdokumenta finn du på denne nettsida. Også interesserte som ikkje er på høyringslista blir oppfordra til å komme med innspel.
Vi ber om at høyringssvar blir sende elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringssvar (funksjonen "Send inn høyringssvar" på denne nettsida). Ved særskilde behov for innsending på ein annan måte, kan høyringssvar unntaksvis sendast Samferdselsdepartementet på e-post til postmottak@sd.dep.no, eller alternativt til Samferdselsdepartementets postadresse. Alle høyringssvar er offentlege etter offentleglova og blir publiserte.
Høyringssvar kan sendast elektronisk innan 24. januar 2022.
Med helsing
Cecilie Taule Fjordbakk (e.f.)
avdelingsdirektør
Nora Hansen Balteskard
rådgjevar
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arbeidstilsynet
Badelandene
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Finans Norge
Forbrukerrådet
Foreningen for Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Blindeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon - NITO
Norsk Cirkus og Tivolieierforening
Norske Tau- og Kabelbaners Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Politidirektoratet
Regelrådet
Statens vegvesen
Statens havarikommisjon
Statens jernbanetilsyn
Vegtilsynet Voss
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund