Høyring – forslag til forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring Europakommisjonens forslag COM (2023) 355 til ei ny forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve. Forslaget til forordning gir reglar som skal forbetre betalingsdisiplinen i handelstransaksjonar gjennom førebyggjande og avskrekkande tiltak, og dessutan handhevings- og klagemekanismar. Forslaget har til føremål å verne føretak og konkurranseevna deira mot dei negative verknadene av betalingsforseinkingar og sikre ein velfungerande indre marknad. Dette gjeld særleg for små og mellomstore verksemder.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 11.04.2024

Vår ref.: 23/5444

Høyring – forslag til forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring Europakommisjonens forslag COM (2023) 355 til ei ny forordning om kamp mot forseinka betaling i handelshøve. Forslaget til forordning gir reglar som skal forbetre betalingsdisiplinen i handelstransaksjonar gjennom førebyggjande og avskrekkande tiltak, og dessutan handhevings- og klagemekanismar. Forslaget har til føremål å verne føretak og konkurranseevna deira mot dei negative verknadene av betalingsforseinkingar og sikre ein velfungerande indre marknad. Dette gjeld særleg for små og mellomstore verksemder.

Transaksjonar med forbrukarar er ikkje omfatta av forslaget.

Med det vedlagde høyringsnotatet blir høyringsinstansane inviterte til å gi innspel til kva som bør vere Noregs offisielle synspunkt (posisjon) til forordningsforslaget. Vidare blir det i høyringsnotatet gjort kort greie for hovudinnhaldet i forordningsforslaget og forhold til gjeldande reglar etter direktiv 2011/7/EU om kamp mot forseinka betaling i handelshøve, som er gjennomført i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (forsinkelsesrenteloven). Departementet ber også om synet til høyringsinstansane på innhaldet i forslaget og konsekvensar ved eventuell gjennomføring i norsk rett.

Høyringsinstansane blir bedne om særleg å kommentere om ei eventuell gjennomføring av forslaget i norsk rett kan få økonomiske eller administrative konsekvensar for verksemda si.

Direktivforslaget følgjer vedlagt i dansk språkutgåve. Forslaget er tilgjengeleg på alle EU-språk, under dette engelsk, på nettsida Eur-lex.eu: EUR-Lex - 52023PC0533(01) - EN - EUR-Lex (europa.eu)

Høyringsfristen er 11. april 2024.

Vi ber om at adressatane legg fram høyringsbrevet med vedlegg for underliggjande etatar og organ som ikkje er oppførte på adressatlista.

Høyringsfråsegner blir gitt digitalt på www.regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Alle kan gi høyringsfråsegn, men merk at høyringsfråsegn er offentlege etter offentleglova og blir publiserte saman med andre høyringsfråsegner.

Med helsing

Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør

Aryanayaka H. E. Kaiser
lovrådgjevar

Departementa


Domstoladministrasjonen

Finanstilsynet

Forbrukarrådet

Forbrukartilsynet

Husbanken

Innovasjon Norge

Konkurransetilsynet

Noregs Bank

Regelrådet

Regjeringsadvokaten

Riksrevisjonen

Sivilombodsmannen

Skattedirektoratet

Statens innkrevjingssentral

Toll- og avgiftsdirektoratet

ØKOKRIM


Bergen kommune

Oslo kommune

Stavanger kommune

Trondheim kommune

Tromsø kommune


Advokatforeningen

Arbeidsgiverforeningen for Skip og Offshorefartøyer

Bedriftsforbundet

Cefor

COOP Norge SA

Den norske Aktuarforening

Den norske Dommerforening

Den norske Revisorforening

Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo

Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø

Econa

Eiendom Norge

Finansforbundet

Finansklagenemnda

Finans Norge

Forening for finansfag Norge

Handelsbanken Liv

Handelshøyskolen BI

Huseiernes Landsforbund

Kommunalbanken AS

Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)

Kreditorforeningen i Oslo

Landsorganisasjonen i Norge

Maskinentreprenørenes Forbund

Nei til EU

Norges Bilbransjeforbund

Norges Bondelag

Norges Eiendomsmeglerforbund

Norges Fiskarlag

Norges Handelshøyskole

Norges Huseierforbund

Norges Juristforbund

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

Norges Kreditorforbund

Norges Lastebileierforbund

Norges Rederiforbund

Norsk Bergindustri

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Norsk Egeninkassoforening

Norsk senter for menneskerettigheter

Norske Boligbyggelags Landsforbund

Norske Forsikringsmegleres Forening

Norske Kredittopplysningsbyråers Forening

NTL-Skatt

Næringslivets Hovedorganisasjon

Oslo Børs

Pensjonskasseforeningen

Private Barnehagers Landsforbund

Regnskap Norge

Rettspolitisk forening

Skatterevisorenes Forening

Sparebank 1 Livsforsikring

Verdipapirfondenes forening

Virke

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund