Høyring: Framlegg til endringar i COTIF-lova

Samferdselsdepartementet legg med dette fram endringar i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) på alminneleg høyring.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 16.12.2022

Vår ref.: 20/2981

Høyring: Framlegg til endringar i COTIF-lova

Samferdselsdepartementet legg med dette fram endringar i lov 10. desember 2004 nr. 82 om Overenskomst om internasjonal jernbanetrafikk (COTIF-lova) på alminneleg høyring.

Noreg er medlem av den internasjonale jernbaneorganisasjonen OTIF. Den 12. og 13. generalforsamlinga vedtok einskilde endringar i konvensjonen og vedlegga. Det er naudsynt å endre lova for å oppdatere intern rett i Noreg som svar på denne utviklinga. Departementet har planar om å legge fram ein lov- og samtykkeproposisjon for Stortinget etter at høyringa er gjennomført.

Ei nærare omtale av endringane i konvensjonen og vedlegga går fram av vedlagte høyringsnotat. Lovframlegget og alle dei omtala endringane er lagt ved dette høyringsnotatet, i norsk omsetjing, og innarbeidd i eit eige dokument som er lagt ved.

Høyringsdokumenta finn du på denne nettsida. Vi ber om at høyringssvar blir sende elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringssvar (funksjonen "Send inn høyringssvar" på denne nettsida). Ved særskilde behov for innsending på ein annan måte, kan høyringssvar unntaksvis sendast Samferdselsdepartementet på e-post til postmottak@sd.dep.no, eller alternativt til Samferdselsdepartementets postadresse. Alle høyringssvar er offentlege etter offentleglova og blir publiserte.

Departementet ber om eventuelle innspel til høyringa innan 16. desember 2022.

Med helsing

Cecilie Taule Fjordbakk (e.f.)
avdelingsdirektør

Erik Syvertsen
underdirektør

Abelia

Agder fylkeskommune

Bane NOR SF

CargoNet AS

Den Norske Advokatforening

Entur AS

Finans Norge

Finansdepartementet

Flytoget AS

For Jernbane

Forbrukertilsynet

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

Go-Ahead Nordic

Green Cargo AB

Grenland Rail AS

Hector Rail AB

Innlandet fylkeskommune

Jernbanealliansen

Jernbanedirektoratet

Jernbanevirksomhetenes sikkerhetsforening

Justis- og beredskapsdepartementet

Klima- og miljødepartementet

Kollektivtrafikkforeningen

Kommunal- og distriktsdepartementet

LKAB Malmtrafik AB

Møre og Romsdal fylkeskommune

NHO Logistikk og Transport

NHO Transport

Nordland fylkeskommune

Norges Blindeforbund

Norsk Jernbaneforbund

Norsk lokomotivmannsforbund

Norsk Reiselivsforum

Nærings- og fiskeridepartementet

Næringslivets Hovedorganisasjon

Oslo kommune - Byrådsavdeling for miljø og samferdsel

Railcare Tåg AB

Regelrådet

Rogaland fylkeskommune

SJ AB Trafiksäkerhet

SJ Norge AS

Statens jernbanetilsyn

Troms og Finnmark fylkeskommune

Trøndelag fylkeskommune

Tågåkeriet i Bergslagen AB

Utenriksdepartementet

Vestfold og Telemark fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Viken fylkeskommune

Vygruppen AS