Høyring - om nytt EU-regelverk for hydrogen, naturgass og avkarbonisert gass

Status: På høyring

Høyringsfrist: 25.10.2024

Vår ref.: 24/2038

Nytt direktiv 2024/1788/EU og ny forordning 2024/1789/EU om indre marknadar for fornybare gassar, naturgass og hydrogen vart publisert i EU si lovtidend (Official Journal) 15. juli 2024 [1].

Europakommisjonen la fram regelverksforslaga i desember 2021. Desse vart kort tid etter sendt på høyring i Noreg [2]. Etter Russland sin invasjon av Ukraina i februar 2022 la Europakommisjonen fram ei rekkje regelverksforslag knytt til hydrogen- og gassmarknadane. Dette var ein del av den såkalla «REPower EU»-pakka [3]. Dette fekk betyding i handsaminga av regelverksforslaga frå desember 2021. Det endelege direktivet og forordninga som vart publisert 15. juli 2024 har vorte endra samanlikna med forslaga som Europakommisjonen la fram i desember 2021. I tråd med Utredningsinstruksen pkt. 3-3 blir dei endelege regelverkstekstane sendt på høyring i Noreg. Høyringsfristen blir sett frå 26. august 2024 til og med fredag 25. oktober 2024. 

Bakgrunn 

For å nå målet om klimanøytralitet i 2050, har EU forplikta seg til å redusere sine netto klimagassutslepp med minst 55 prosent samanlikna med 1990-nivå, innan 2030. Av EU si klimalov (2021/1119/EU) følgjer at Europakommisjonen skal revidere relevant lovgiving for å leggje til rette for at klimamåla blir nådd. Som ledd i dette arbeidet la Europakommisjonen fram «Fit for 55»-pakka («Klar for 55»-pakka) i 2021. Denne omfattar mellom anna dei to rettsaktene som no blir sendt på høyring. Dette regelverket erstattar tidlegare gassmarknadsregelverk [4], som vart innlemma i EØS-avtalen som ein del av tredje energimarknadspakke [5].

Formålet med revisjonen er å avkarbonisere gassmarknaden. Regelverket skal leggje til rette for overgang frå eit energisystem basert på naturgass til eit system som i tillegg er basert på fornybare gassar og lågutsleppsgassar. Etablering av nye reglar for ein marknad for hydrogen er eit nytt aspekt ved rettsaktene. Det blir introdusert nye kapittel og føresegner knytt til utvikling av ein hydrogenmarknad. I tillegg er det nytt at gassmarknadsregelverket omfattar alle typar gassar, frå fornybare til syntetiske gassar, i tillegg til naturgass. Omsyn til forbrukarar og energifattige samt forsyningstryggleik blir vektlagt gjennom mange av føresegnene i regelverket. 

EØS-notat for begge rettsaktene er publisert på regjeringen.no, og gir ei oversikt over struktur og hovudinnhald i regelverket, enkelte førebelse vurderingar samt lenker til ytterlegare informasjon for vidare lesing: 

 

Departementet vil halde eit høyringsmøte 10. oktober 2024 frå kl. 12:30 – 15:00 i auditoriet i Akersgata 59. Deltakarar som ynskjer kan be om å få halde innlegg på fem minutt, som  supplement til skriftlege høyringsinnspel. Registrering for deltaking og tid til innspel kan sendast til kristin.thorvaldsen@ed.dep.no  

Skriftlege høyringsinnspel kan lastast opp digitalt, eventuelt òg med vedlegg. Alternativt kan høyringsinnspela sendast til postmottak@ed.dep.no

Med venleg helsing 

Turi Bakke (e.f)                                                             Kristin Thorvaldsen

avdelingsdirektør                                                         seniorrådgjevar

 

 

[1] Directive (EU) 2024/1788 of the European Parliament and of the Council of 13 June 2024 on common    rules for the internal markets for renewable gas, natural gas and hydrogen (recast) (Text with EEA relevance) (europa.eu)

 

Regulation (EU) 2024/1789 of the European Parliament and of the Council of 13 June 2024 on the internal markets for renewable gas, natural gas and hydrogen (recast)Text with EEA relevance. (europa.eu)

 

[2] Høring – Hydrogen- og avkarboniseringspakken for gassmarkedet - regjeringen.no

[3] COM (2022) 230 REPowerEU Plan 18. mai 2022. REPowerEU (europa.eu)

[4] 2009/73/EF og 715/2009/EF.

[5] Se EØS-komitévedtak 93/2017.

Agder fylkeskommune

Akademikerne

Aker BP ASA

Akershus fylkeskommune

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Avfall Norge

Barne- og familiedepartementet

Boligprodusentenes Forening

Buskerud fylkeskommune

Byggenæringens Landsforening

Cicero

Den norske Advokatforening

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Direktoratet for byggkvalitet

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

DistriktsEnergi

DNV AS

Drivkraft Norge

EL & IT Forbundet

Elektroforeningen (EFO)

Enova SF

Equinor ASA

Finansdepartementet

Finanstilsynet

Finnmark fylkeskommune

Fiskeridirektoratet

Forbrukerrådet

Fornybar Norge

Forsvarsbygg

Forsvarsdepartementet

Fortum Heat AS

Forum for utvikling og miljø

Framtiden i våre hender

Fridtjof Nansen Institute

Gassco AS

Gassnova SF

Greenpeace Norge

Havforskningsinstituttet

Havindustritilsynet

Heidelberg Materials Sement Norge AS

Helse- og omsorgsdepartementet

Hovedorganisasjonen Virke

Husbanken

Huseiernes Landsforbund

Industri Energi

Innlandet fylkeskommune

Justervesenet

Justis- og beredskapsdepartementet

Kartverket

Klima- og miljødepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet

Konkurransetilsynet

Kraftfylka

KS - Kommunesektorens organisasjon

Kultur - og likestillingsdepartementet

Kunnskapsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Landbruksdirektoratet

Landsorganisasjonen i Norge

Luftfartstilsynet

Miljødirektoratet

Miljøstiftelsen Bellona

Møre og Romsdal fylkeskommune

Natur og Ungdom

Naturvernforbundet

NEL ASA

Nelfo

Nord Universitet

Nordland fylkeskommune

Norges forskningsråd

Norges geologiske undersøkelse

Norges Handelshøyskole

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Norges Miljøvernforbund

Norges rederiforbund

Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet NTNU

Norges vassdrags- og energidirektorat

Norsk Bergindustri

Norsk Bioenergiforening - NoBio

Norsk Fjernvarme

Norsk Industri

Norsk institutt for bioøkonomi – NIBIO

Norsk institutt for luftforskning

Norsk institutt for naturforskning

Norsk institutt for vannforskning - NIVA

Norsk Klimastiftelse

Norsk Polarinstitutt

Norsk solenergiforening

Norsk Varmepumpeforening

Norske Boligbyggelag Landsforbund SA

Norwegian Energy Partners (NORWEP)

Nærings- og fiskeridepartementet

Næringslivets Hovedorganisasjon

Offshore Norge

Oslo kommune

Regelrådet

Regjeringsadvokaten

Rogaland fylkeskommune

Rådgivende Ingeniørers Forening

Sametinget / Sámediggi

Samferdselsdepartementet

Senter for europarett Universitetet i Oslo

SINTEF Energi AS

Sjøfartsdirektoratet

Sokkeldirektoratet

Standard Norge

Statens Vegvesen

Statistisk Sentralbyrå

Statnett SF

Statsbygg

Statsforvalteren i Agder

Statsforvalteren i Innlandet

Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Statsforvalteren i Nordland

Statsforvalteren i Rogaland

Statsforvalteren i Troms og Finnmark

Statsforvalteren i Trøndelag

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Statsforvalteren i Vestland

Buskerud, Oslo og Akershus Statsforvalteren i Østfold

Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening

Telemark fylkeskommune

TotalEnergies EP Norge AS

Transportøkonomisk institutt

Troms fylkeskommune

Trøndelag fylkeskommune

Universitetet i Agder

Universitetet i Bergen

Universitetet i Nordland

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo v/Nordisk Institutt for Sjørett

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Tromsø

Utenriksdepartementet

Vestfold fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

kulde og energi VKE - Foreningen for ventilasjon

WWF-Norge

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Zero Emission Resource Organisation

Østfold fylkeskommune