Høyring - om endringar i våpenforskrifta løyveplikt for svartkrutvåpen frå før 1890 som kan fyre av ferdigladde patroner
Høyring | Dato: 05.07.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Høyring om endringar i våpenforskrifta - løyveplikt for svartkrutvåpen frå før 1890 som kan fyre av ferdigladde patroner
Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til endringar i våpenforskrifta. Forslaget går ut på å innføre løyveplikt for svartkrutvåpen produsert før 1890 som kan avfyre ferdigladde patroner. Samtidig foreslår departementet noko meir lempelege krava til grunnlaget for å erverve og inneha slike våpen.
Fristen for å svare på høyringa er tysdag 1. oktober 2024.
Departementet ber instansane vurdere om notatet bør leggjast fram for underliggande organ eller andre som ikkje er førte opp på lista over instansar.
Høyringa er open og alle kan sende innspel til departementet. Merk at innspel er offentlege etter offentleglova og blir publisert i lag med dei andre innspela.
Vi ber om at innspel sendast inn digitalt ved bruk av skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no.
Med helsing
Birgitte Istad
Avdelingsdirektør
Oda Eikeland Myrnes
rådgjevar
Departementene
Datatilsynet
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Kripos
Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM)
Politidirektoratet
Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
Politihøgskolen (PHS)
Regelrådet
Riksadvokaten
Sivilombudet
Sysselmesteren på Svalbard
Det frivillige skyttervesen
Dynamisk Sportsskyting Norge
Norges Benkskytterforbund
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Metallsilhuett Forbund
Norges Skiskytterforbund
Norges Skytterforbund
Norsk Svartkruttunion
Norsk Reservistforbund
Norsk Våpeneierforbund
Norsk Våpenhistorisk Selskap
Scandinavian Western Shooters
Våpenrådet
Den Norske Advokatforening
Den norske dommerforening
Norges Idrettsforbund
Norges Røde Kors
Norges Skogeierforbund
Norges Politilederlag
Politiets Fellesforbund