Høyring om forslag til endringar i elmarknadsdesign frå Europakommisjonen

Olje- og energidepartementet viser til forslaga frå Europakommisjonen til endringar i regelverk knytt til elmarknadsdesign og sender med dette forslaga på norsk høyring. Den norske høyringsfristen er 28. april 2023.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 28.04.2023

Vår ref.: 23/601

Forslaga, som blei publiserte av Europakommisjonen 14. mars 2023, er knytte til EUs arbeid med den indre energimarknaden. Høyringa er i tråd med utredningsinstruksen, 3-3. Medlemslanda i EU og i Europaparlamentet skal no forhandle om forslaga. Det er krav om samtykke frå begge institusjonane.

Det eine forslaget er ei forordning om å endre EUs marknadsdesign for elektrisitet. Dei regelverka som blir endra i dette forslaget er Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/943 om den indre marknaden for elektrisitet (elektrisitetsforordningen), Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/942 om opprettinga av eit byrå for samarbeid mellom energireguleringsmyndigheiter (ACER-forordninga), Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2018/2001 om auka bruk av fornybar energi (fornybardirektivet) og Europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2019/944 om den indre marknaden for energi (elmarknadsdirektivet)

Det andre forslaget har som mål å betre vern mot markedsmanipulasjon i engrosmarknaden. Dette forslaget endrar to forordningar som er knytte til den indre energimarknaden, Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1227/2011 om integritet og transparens i energimarkedet (REMIT-forordninga) og ACER-forordninga (EU) 2017/942.

Du kan lese meir om grunngjevinga for endringsforslaga i pressemeldinga frå Europakommisjonen.

Forslaga er publiserte på nettsidene til Europakommisjonen. Per 17. mars 2023 er forslaga kun tilgjengelege på engelsk.

Proposal for a REGULATION OF THE EUROPEAN PARLIAMENT AND OF THE COUNCIL amending Regulations (EU) 2019/943 and (EU) 2019/942 as well as Directives (EU) 2018/2001 and (EU) 2019/944 to improve the Union’s electricity market design

Proposal for a REGULATION OF THE EUROPEAN PARLIAMENT AND OF THE COUNCIL amending Regulations (EU) No 1227/2011 and (EU) 2019/942 to improve the Union’s protection against market manipulation in the wholesale energy market

Vi opplyser om at norske aktørar også kan delta direkte i høyringa frå Europakommisjonen. Europakommisjonens høyringsfrist er 12. mai 2023.

Kommisjonen har i sine forslag merka begge desse forordningsforslaga som EØS-relevante. Regelverka er ikkje ferdigbehandla i EØS-prosess i Noreg. Når EUs institusjonar har vedteke desse forslaga vil dei bli handsama i EØS. Olje- og energidepartementet ber om synspunkt på forslaga som eit grunnlag til å utvikle ein posisjon i den vidare EØS-prosessen.

For å kome med innspel i den norske høyringsrunden kan høyringssida på den digitale løysinga www.regjeringen.no brukast. Høyringsinstansar kan registrere seg, mellomlagre innspel og laste opp vedlegg. Innspel kan også sendast til postmottak@oed.dep.no

Også andre enn dei som står på høyringslista står fritt til å kome med innspel.

Alle departementene
Alle fylkeskommuner
Alle statsforvaltere
Akademikerne
Den norske advokatforening
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
DistriktsEnergi
DNVGL
EL & IT Forbundet
Elektroforeningen
Energi Norge
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Framtiden i våre hender
Fridtjof Nansens Institutt
GE Power Norway
Greenpeace Norge
Hovedorganisasjonen Virke
Huseiernes Landsforbund
Kommunenes Sentralforbund
Kraftfylka
KS - Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar
Landssammenslutningen av norske vindkraftkommuner
Miljødirektoratet
Miljøstiftelsen Bellona
Natur og Ungdom
Naturvernforbundet
NELFO
NHO
Nord Pool
Norges forskningsråd
Norges handelshøyskole
Norges miljø- og biovitenskaplige universitet
Norges miljøvernforbund
Norges Naturvernforbund
Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU)
Norges vassdrags- og energidirektorat
Norrsk klimastiftelse
Norsk elbilforening
Norsk Industri
Norsk solenergiforening
Norsk Varmepumpeforening
Norske arkitekters landsforbund
Regelrådet
Regelrådet for næringslivet
Regjeringsadvokatembetet
Regjeringsadvokaten
Rådgivende Ingeniørers Forening
Samarbeidsrådet for naturvernsaker
Sametinget / Sámediggi
Samfunns- og næringslivsforskning
SINTEF
Småkraft AS
Småkraftforeninga
Standard Norge
Statistisk sentralbyrå
Statkraft
Statnett
Statsbygg
Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo, Nordisk Institutt for Sjørett
Universitetet i Oslo, Senter for europarett
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Virke Hovedorganisasjon
WWF-Norge
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
Zero