Høyring - oppheving av innhaldslister i folketrygdlova

Da folketrygdlova blei utforma blei det lagt stor vekt på å gjere lova så oversiktleg som mogeleg. Lova er av den grunn satt opp slik at den er delt inn i ulike kapittel som kjem etter kvarandre i ei logisk rekkjefølgje, og som er samla i ulike delar.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 16.08.2022

Vår ref.: 22/2173

Da folketrygdlova blei utforma blei det lagt stor vekt på å gjere lova så oversiktleg som mogeleg. Lova er av den grunn satt opp slik at den er delt inn i ulike kapittel som kjem etter kvarandre i ei logisk rekkjefølgje, og som er samla i ulike delar.

Ei oversikt over innhaldet i lova er tatt inn rett under tittelen på lova. Ut frå denne oversikta kan lesaren finne fram til det kapittelet i lova som vedkomande vil lese. Rett under kvar enkelt kapitteloverskrift er det tatt inn ei liste over kvar i kapitla dei ulike type regler er å finne.

I dag er folketrygdlova tilgjengeleg på lovdata.no. Lovdata har på nettsida si ei innhaldsliste for alle lover. Denne gir oversikt over føresegnene for lova, og som løyser dei omsyna som både den innleiingsvise oversikta over korleis folketrygdlova er oppbygd og dei kapittelvise innhaldslistene var meint å løyse. Det er difor ikkje lenger nødvendig å ha denne type innhaldslister som ein integrert del av lovteksten i folketrygdlova.

Departementet foreslår derfor å ta den innleiingsvise oversikta og dei kapittelvise innhaldslistene ut av folketrygdlova, ved ei slik lovendring:

 I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

 Den innleiande oversikten over korleis lova er bygd opp opphevast.

Innhaldslistene i kapittel 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 11 A, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 17 A, 18, 19, 20, 21, 22, 23, 24 og 25 opphevast.

Endringa er av reint lovteknisk karakter, og har difor ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.

Frist for å sende inn høyringssvar er 16. august 2022

Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Me ber om at høyringssvar blir sendt digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no. 

Med helsing

Cathrine Opstad Sunde (e.f.)
avdelingsdirektør

Mona Martinsen
fagdirektør

 

Akademikerne

Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeidsgiverforeningen Spekter

Barne- og familiedepartementet

Fellesforbundet

Finansdepartementet

Forsvarsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet

Hovedorganisasjonen Virke

Jussbuss

Jussformidlingen

Justis- og beredskapsdepartementet

Klima- og miljødepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet

Kunnskapsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Landsorganisasjonen i Norge

Nærings- og fiskeridepartementet

Næringslivets hovedorganisasjon

Olje- og energidepartementet

Parat

Samferdselsdepartementet

Trygderetten

Unio

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Tromsø

Utenriksdepartementet

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund