Høyring - Oppretting av Spesialeininga for politisaker — Endringar i påtaleinstruksen kapittel 34

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 03.12.2004

Vår ref.: 2004/01430

Ved lov av 5. mars 2004 nr. 13 om endringar i straffeprosesslova (ny organisering av ei eiga etterforskingseining for politiet og påtalemakta) vart det vedtekne endringar i straffeprosesslova §§ 59 a og 67. Endringane har enno ikkje tredd i kraft. Departementet tek sikte på at dei skal tre i kraft 1. januar 2005.

Endringane i straffeprosesslova § 67 medfører at dagens ordning med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) skal avviklast, og at det skal opprettast eit sentralt organ, Spesialeininga for politisaker, som får ansvaret for å leie og gjennomføre etterforskinga i denne type saker.

Straffeprosesslova § 67 sjette ledd første punktum fastset at det skal gjevast nærare reglar om ordninga. Det vedlagde høyringsnotatet inneheld forslag til slike reglar. Reglane skal plasserast i påtaleinstruksen kapittel 34 der dei tilsvarande reglane om ordninga med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) har stått.

Departementet ber om svar innan fredag 3. desember 2004.

Med hilsen

Anne K Herse
ekspedisjonssjef

 

Tone Celius
avdelingsdirektør

1 Innleiing

Ved lov av 5. mars 2004 nr. 13 om endringar i straffeprosesslova (ny organisering av eit eige etterforskingsorgan for politiet og påtalemakta) vart det vedteke endringar i straffeprosesslova §§ 59 a og 67. Endringane har enno ikkje tredd i kraft. Departementet tek sikte på å setje dei i kraft frå 1. januar 2005.

Endringane i § 67 medfører at den noverande ordninga med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) skal avviklast, og at det skal opprettast eit sentralt organ som får ansvaret for å leie og utføre etterforskinga av eventuelle straffbare handlingar gjort i tenesta av tilsette i politiet og påtalemakta. Departementet føreslår at det nye sentrale organet får namnet Spesialeininga for politisaker (her omtalt som Spesialeininga).

Straffeprosesslova § 67 sjette ledd første punktum fastset at det skal gjevast nærare reglar om ordninga. Høyringsnotatet inneheld framlegg til slike reglar. Reglane skal plasserast i påtaleinstruksen kapittel 34 der dei tilsvarande reglane om ordninga med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) har stått.

I høyringsnotatet føreslår departementet reglar om organiseringa av Spesialeininga og til regulering av kva påtalekompetanse og politimakt eininga skal ha. Vidare drøftar notatet spørsmålet om det skal opprettast regionale etterforskingsavdelingar underlagde Spesialeininga, jf. straffeprosesslova § 67 nytt sjuande ledd. I kapittel 2 nedanfor kjem ein nærare gjennomgang av bakgrunnen for framlegga til endringar i påtaleinstruksen kapittel 34. I kapittel 3 er endringsframlegga behandla. Kapittel 4 drøftar spørsmåla knytte til ikraftsetjings- og overgangsreglane, medan kapittel 5 inneheld merknader til dei enkelte endringsframlegga. Endringsframlegga står i kapittel 6. Sjølve endringsframlegga er skrive i bokmål slik at dei er i samsvar med målføret i påtaleinstruksen.

Det vert elles vist til at dei økonomiske og andre administrative konsekvensane knytte til ei ny etterforskingsordning allereie er behandla i samband med Ot.prp. nr. 96 (2002-2003). Endringsframlegga som vert presenterte, vil ikkje ha ytterlegare økonomiske og administrative konsekvensar enn det som låg til grunn ved behandlinga av lovframlegget. Departementet har såleis ikkje funne grunn til å behandle dette spørsmålet ytterlegare i samband med dette.

2 Bakgrunn

Dagens ordning med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) er regulert i lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettargangsmåten i straffesaker (straffeprosesslova) § 67 og påtaleinstruksen kapittel 34. Reglane tredde i kraft 1. januar 1988. Siktemålet med ordninga var å oppnå ei effektiv og upartisk etterforsking i saker der det er mistanke om at embets- eller tenestemenn i politiet eller påtalemakta har gjort seg skuldige i straffbare forhold i tenesta.

Til grunn for dei endringane departementet føreslo i Ot.prp. nr. 96 (2002-2003) Om lov om endringar i straffeprosesslova (ny organisering av eit eige etterforskingsorgan for politiet og påtalemakta) låg ein omfattande prosess med bakgrunn i Rønnebergutvalet sin rapport om kvaliteten på SEFO si etterforsking. Gjennom denne prosessen og den kritikken som har vore framført mot SEFO, mellom anna i media, fann departementet behov for å gjere ei vurdering av organiseringa av ordninga med særskilde etterforskingsorgan, jf. også St. prp. nr. 1 (2002-2003). I lys av dette vart det føreslått å opprette eit nytt sentralt organ som skulle ha ansvaret for etterforskinga av eventuelle straffbare forhold gjort i tenesta av tilsette i politiet og påtalemakta. Justiskomiteen behandla lovframlegget i Innst. O. nr. 15 (2003-2004), og slutta seg med mindre endringar til framlegget.

Ved lov 5. mars 2004 nr. 13 vart endringane i straffeprosesslova §§ 59 a og 67 vedtekne.

§ 59 a første ledd skal lyde:

”Følgende vedtak av påtalemyndigheten kan med de begrensninger som følger av annet ledd, påklages til nærmeste overordnet påtalemyndighet:

1.

henleggehenleggelse,

2.

påtaleunnlatelse,

3.

utferdigelse av forelegg,

4.

utferdigelse av tiltalebeslutning,

5.

vedtak etter § 459 (soningsutsettelse).

Riksadvokatens vedtak kan ikke påklages. Vedtak som nevnt i § 67 sjette ledd, kan påklages til riksadvokaten.”

§ 67 sjette og nytt sjuande ledd skal lyde:

”I saker som gjelder anmeldelse av embets- eller tjenestemenn i politiet eller påtalemyndigheten for å ha begått en straffbar handling i tjenesten, skal etterforskingen foretas og ledes av et eget sentralt organ etter nærmere fastsatte regler. Det samme gjelder når påtalemyndigheten finner at det foreligger mistanke om straffbar handling i tjenesten som tilsier at etterforsking igangsettes mot noen person som nevnt i første punktum eller når en mistenkt selv begjærer etterforsking. Lederen eller en annen i organet med juridisk embetseksamen som lederen gir fullmakt i henhold til generelle retningslinjer gitt av riksadvokaten, avgjør spørsmålet om tiltale når påtalespørsmålet ikke hører under Kongen i statsråd eller riksadvokaten. I saker der organet avgjør spørsmålet om tiltale, utføres aktoratet av lederen av organet eller av en annen i organet som lederen gir fullmakt. Riksadvokaten kan instruere organet.

Kongen kan bestemme at det etableres regionale kontorer underlagt den sentrale enheten hvor de som utøver etterforsking er ansatte i etterforskingsetaten og uavhengig fra politi- og påtalemyndigheten.”

Det som no er sjuande og åttande ledd blir åttande og nytt niande ledd.

Siktemålet med dei nye reglane er å sikre ei meir rettssikker og einsarta behandling av dei som vil melde tilsette i politiet eller påtalemakta enn dagens SEFO-modell. Ordninga skal dessutan medverke til ei meir rettssikker behandling av tilsette i politiet eller påtalemakta som vert skulda for straffbare handlingar, og sikre høg fagleg kompetanse hos dei som skal utføre etterforskinga. Vidare vil ordninga understreke kor viktig det er at eininga som skal leie etterforskinga og avgjere påtalespørsmålet er uavhengig, og sikre at det er nødvendig organisatorisk avstand mellom etterforskar og den melde embets- eller tenestemannen. Betre tilgjenge for publikum og betre informasjonsformidling vil også medverke til å gi publikum ei betre innsikt i og kontroll med behandlinga og resultatet av etterforskinga.

Lovendringa i § 67 sjette og nytt sjuande ledd medfører som nemnt i kapitlet ovanfor at påtaleinstruksen kapittel 34 må endrast. I kapitlet nedanfor er det gjort nærare greie for departementet sitt endringsframlegg.

3 Nærare om endringane

Påtalekompetanse

Lovendringane medfører at leiaren av organet eller ein annan i organet med juridisk embetseksamen som leiaren gir fullmakt, får påtalekompetanse for alle dei sakene der statsadvokaten etter straffeprosesslova § 67 sjette ledd har påtalekompetanse i dag. Vidare er organet underlagt riksadvokatens alminnelege instruksjonsmakt ved etterforsking og påtale. Dette ville sikre at ein på ein tilfredsstillande måte vil ivareta både omsynet til at organet skal vere uavhengig og omsynet til kontroll med organet.

I sine merknader uttalte justiskomiteen følgjande om overføringa av påtalekompetansen i Innst. O. nr. 15 (2003-2004), s. 3:

”Komiteen støtter at Spesialenheten for politisaker gis påtalekompetanse for alle saker der statsadvokaten har påtalekompetanse i dag. Komiteen finner det naturlig at påtalekompetansen tillegges lederen av det sentraliserte organet, og at det kreves at vedkommende skal ha juridisk embetseksamen og bred juridisk erfaring.

Komiteen støtter at lederen skal kunne delegere påtalekompetansen til andre med juridisk embetseksamen. Komiteen støtter videre at lederen og eventuelle andre som får delegert påtalekompetanse, er underordnet riksadvokaten. Komiteen ser dette som en viktig rettssikkerhetsgaranti, og organiseringen vil medføre god sammenheng og klare linjer i påtalesystemet.

Komiteen understreker at organiseringen av enheten sikrer at vedkommende som tillegges påtalekompetansen ikke tar del i etterforskningen i de konkrete saker, men vurderer påtalespørsmålet når innstilling foreligger.”

Departementets vurdering

Leiaren av Spesialeininga får påtalekompetanse i samsvar med regelen i straffeprosesslova § 67 sjette ledd. Denne kompetansen kan delegerast til ein annan i organet med juridisk embetseksamen. Delegeringa skal skje i samsvar med eventuelle generelle retningslinjer gitt av riksadvokaten. Riksadvokaten har elles også høve til å instruere om delegering i enkeltsaker, jf. framlegget til § 67 sjette ledd femte punktum.

Påtalekompetansen til eininga sin leiar vert avgrensa på lik linje med kompetansen til statsadvokaten i dag, slik at i saker som er omfatta av straffeprosesslova §§ 64 og 65 skal kompetansen framleis liggje hos Kongen i statsråd eller riksadvokaten.

Dei alminnelege reglane om tiltale, slik som til dømes straffeprosesslova kapittel 19, vil gjelde for etterforskingsorganet. Elles vil leiaren av Spesialeininga, som ein naturleg konsekvens av kompetansen til å avgjere spørsmålet om tiltale, også kunne anke saker og treffe alle andre avgjerder som normalt fell inn under påtalekompetansen.

Leiaren eller den leiaren gir fullmakt til, utfører aktoratet i dei sakene der det er teke ut tiltale.

I lys av justiskomiteen sin merknad sitert ovanfor, om at vedkomande som er tillagd påtalekompetanse, ikkje skal ta del i etterforskinga i dei konkrete sakene, må det opprettast etterforskingsavdelingar som gjennomfører etterforskinga og gir tilråding om påtalespørsmålet til sjefen for Spesialeininga.

Leiarane for etterforskingsavdelingane gir tilråding om påtalespørsmålet til leiaren for Spesialeininga, og får påtalekompetanse tilsvarande politimeister på etterforskingsstadiet. Desse leiarane skal ha juridisk embetseksamen. Etterforskingsleiaren kan delegere dette ansvaret til ein annan i avdelinga med juridisk embetseksamen.

Av omsyn til klare linjer i den framtidige organiseringa er denne retten føreslått lagd til leiaren for etterforskingsavdelinga. Slik vil dette vere å forstå som ei endring av dagens SEFO-ordning kor denne retten er lagd til organet sjølv, og kor organet har synt seg som kollegium. Departementet vil likevel framheve dei gode erfaringane ein har gjort seg med den kollegiale arbeidsmåten i desse sakene, og tilrår avdelingane å ta dette med seg vidare. Samansetjinga av etterforskingsavdelingane med omsyn til bakgrunn og erfaring er da heller ikkje meint å skulle endrast i vesentleg grad.

Med omsyn til avgjerder som på etterforskingsstadiet er lagd til statsadvokaten, avgjer riksadvokaten kven i Spesialeininga som skal ha kompetanse til å treffe slike avgjerder.

Reglar i straffeprosesslova som gjeld påtalemakta, skal gjelde for etterforskingsorganet så langt dei høver. Etterforskingsorganet skal likevel ikkje vere ein del av påtalemakta som nemnt i straffeprosesslova § 55.

Organisering av Spesialeininga

I lovframlegget vurderte departementet behovet for å vere til stades regionalt på bakgrunn av høyringsrunden på følgjande måte, jf. Ot.prp. nr. 96 (2002-2003), s. 35-36:

”Høringsrunden har vist betydningen av en sentralisering av ordningen med etterforsking av anmeldelser mot ansatte i politiet og påtalemyndigheten, samtidig som det også synes å være et klart behov for en regional tilstedeværelse av etterforskingsenheter. Departementet finner det således hensiktsmessig at det opprettes et visst antall regionale avdelinger for å sikre dette.

Det er i høringsrunden av flere høringsinstanser argumentert for en annen geografisk inndeling av avdelingene enn det som er foreslått av departementet i tilknytning til modell 3. Departementet har merket seg de argumenter som er fremkommet. Samtidig har de fleste høringsinstansene stilt seg positive til den geografiske inndeling av avdelingene som er foreslått.

(…)

Departementet finner det imidlertid hensiktsmessig at denne inndelingen bør kunne justeres ettersom man vinner erfaring med den nye ordningen for etterforskingen i denne type saker.

Departementet vurderer det på bakgrunn av høringsrunden som fordelaktig at organets ledelse samlokaliseres med avdeling Øst.”

Av Innst. O. nr. 15 (2003-2004), s. 1-2, går det i samband med dette fram at:

” Komiteen vil dessuten understreke at økt publikumstilgjengelighet og bedre informasjonsformidling er sentrale virkemidler for å gi publikum en god innsikt i og kontroll med behandlingen og resultatet av etterforskningen.

På denne bakgrunn støtter komiteen opprettelsen av et nytt sentralt landsdekkende organ som skal ha ansvaret for etterforskningen av anmeldelser mot ansatte i politiet og påtalemyndigheten.

Komiteen mener det er av avgjørende betydning at etterforskningen også kan utføres raskt, da slike saker er en stor belastning også for dem som er satt under etterforskning. Denne nyordningen vil kunne fungere raskere enn dagens ordning.

Komiteen mener at ordningen må gjøres mest mulig rasjonell og effektiv slik at man nå sikrer en smidig organisasjon med et minimum av nytt byråkrati. Komiteen har således merket seg Regjeringens anslag over økonomiske og administrative konsekvenser.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, er av den oppfatning at Regjeringen må gis mulighet til å etablere regionale kontorer.

Flertallet vil påpeke at eventuelle regionale enheter også må gjøres helt uavhengige av arbeidet i politietaten og påtalemyndigheten. Flertallet ser behovet for at eventuelle regionale enheter ledes av en jurist. Sett ut fra at arbeidsmengden kan bli for begrenset til å ha en lederstilling på heltid, bør slike ledere også kunne bli ansatt på deltid. Flertallet vil presisere at Regjeringen har frihet til å organisere den regionale virksomheten slik den finner mest hensiktsmessig for å oppnå målet om en effektiv, uavhengig og tillitsvekkende kontroll med politiets og påtalemyndighetens tjenesteutøvelse.”

Vidare går det fram av komiteen si innstilling, jf. Innst. O. nr. 15 (2003-2004), s. 3-4:

”Komiteen ønsker å påpeke at det nye organet må sikre høy faglig kompetanse hos dem som skal utføre etterforskningen. Det er videre grunnleggende for å gi allmennheten tillit til etterforskningen i disse sakene at ordningen sikrer uavhengighet for organet som skal lede etterforskningen og avgjøre påtalespørsmålet. Dette innebærer at det må være nødvendig organisatorisk avstand mellom etterforsker og anmeldt embets- eller tjenestemann.

Komiteen støtter langt på vei Regjeringens organisasjonsmodell, men mener det skal lovfestes at etterforskningen av ansatte i politiet og påtalemyndigheten ledes av et sentralt organ, og vil foreslå dette nedenfor. Enheten skal bestå av et visst antall fast ansatte som vil forestå etterforskningen. Komiteen vil derfor foreslå følgende:

« Straffeprosessloven § 67 sjette ledd første punktum skal lyde:

I saker som gjelder anmeldelse av embets- eller tjenestemenn i politiet eller påtalemyndigheten for å ha begått en straffbar handling i tjenesten, skal etterforskningen foretas og ledes av et eget sentralt organ etter nærmere fastsatte regler.«

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, går videre inn for at det forskriftsfestes at det ved behov kan opprettes regionale enheter som kan bistå med etterforskning, og at de ansatte i disse enhetene er sikret uavhengighet til politi og påtalevirksomhet. Den foreslåtte karantenetid tiltres, dog slik at dette gjelder for dem som rekrutteres fra annen type virksomhet enn politiet. Flertallet foreslår etter dette følgende:

« Straffeprosessloven § 67 nytt syvende ledd skal lyde:

Kongen kan bestemme at det etableres regionale kontorer underlagt den sentrale enheten hvor de som utøver etterforsking er ansatt i etterforskingsenheten og uavhengig fra politi- og påtalemyndigheten. » ”

Departementets vurdering

Det er opp til Kongen å avgjere om det skal etablerast regionale kontor som er underlagde den sentrale eininga, der dei som driv etterforsking er tilsette i eininga og er uavhengige av politi- og påtalemakta.

Det vert føreslått at departementet får fullmakt til å avgjere om det skal opprettast regionale etterforskingsavdelingar. Vidare kor mange etterforskingsavdelingar dette eventuelt skal vere, og kvar dei i så fall skal etablerast.

I lys av dette føreslår ein følgjande fullmaktsavgjerd:

”Justisdepartementet får fullmakt til nærare å avgjere organiseringa av Spesialeininga for politisaker. Departementet kan i samband med dette bestemme at eininga sine etterforskingsavdelingar skal vere regionalt organiserte.”

Det er argumentert med at omsynet til likebehandling, meir einsarta behandling av påtalespørsmålet og eit meir tydeleg og tilgjengeleg organ talar for ei sentralisering av ordninga med etterforsking av denne typen saker. Det er likevel argumentert for at omsynet til saksbehandlingstid, rask utrykking og økonomi talar for ei desentralisert ordning, til dømes slik ordninga med SEFO fram til i dag har vore organisert. Departementet vurderer det slik at det er sterkt ønskeleg å få til ei meir einsarta og samordna behandling av sakene, og at dette talar for ei ordning med eitt sentralt organ. Departementet er samtidig av den oppfatninga at omsynet til saksbehandlingstid, utrykking og økonomi sterkt talar mot å samle dette organet på ein enkelt stad. Samla sett talar dette for at det vert oppretta ei sentralisert eining for etterforsking av denne typen saker, og at eininga sine etterforskingsavdelingar vert organiserte etter eit geografisk prinsipp.

På grunnlag av den grundige behandlinga spørsmålet om regional organisering og plassering fekk i lovframlegget og komitébehandlinga, har departementet kome til at det bør etablerast fem regionale etterforskingsavdelingar i samsvar med framlegget i Ot.prp. nr. 96 (2002-2003):

  • Austlands- og Oslofjordområdet (Østfold, Hedmark, Oppland, Akershus, Oslo, Buskerud, Vestfold og Telemark) – Avdeling Aust
  • Sør- og Sør-Vestlandet (Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland) – Avdeling Sør
  • Vestlandet (Hordaland og Sogn og Fjordane) – Avdeling Vest
  • Midt-Noreg (Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag) – Avdeling Midt-Noreg
  • Nord-Noreg (Nordland, Troms og Finnmark) – Avdeling Nord

Organiseringa av Spesialeininga kan på denne bakgrunn skisserast som i figur 1.

Figur 1. Organisatorisk oppbygging av Spesialeininga for politisaker.

Etterforskingsavdeling Aust skal samlokaliserast med leiinga i Spesialeininga.

Samansetjinga av den nye etterforskingseininga

Departementet la i lovframlegget til grunn at den samansetjinga SEFO sine organ har hatt, har fungert godt, jf. Ot.prp. nr. 96 (2002-2003), s. 31:

”… personer med erfaring som dommere, advokater og politietterforskere vil fortsatt være de mest aktuelle gruppene for å inneha denne type verv. Den nåværende ordning for bemanning av de lokale SEFO-organ anses da også å fungere tilfredsstillende, jf Rønnebergutvalgets rapport. Det bør være opp til organets ledelse i samarbeid lederne av avdelingene å organisere og bemanne de regionale avdelingene på den mest hensiktsmessige måte ut fra de retningslinjer som blir gitt fra overordnet myndighet.”

Ein såg det slik at i ei framtidig ordning ville dei same kompetansebehova gjere seg gjeldande. Departementet uttalte vidare med omsyn til samansetjinga av det nye etterforskingsorganet, sjå s. 30-31:

”Departementet har merket seg de prinsipielle og praktiske argumentene mot forslaget om karantenetid. Samtidig taler en rekke argumenter for en slik regel fremfor en regel om at en viss andel skal være uten erfaring fra politi- og påtalemyndighet. Det sentrale bør, slik departementet ser det, være å fremskaffe de best kvalifiserte personene, samtidig som man gjennom karantenetid kan ivareta hensynet til tilliten. Departementet finner det således hensiktsmessig å foreslå karantenetid på 2 år for de av avdelingenes medlemmer som rekrutteres fra stillinger som dommere eller advokater. Videre har departementet merket seg skepsisen mot at tjenestegjørende polititjenestemenn skal kunne rekrutteres til det nye organet. Hensynet til allmennhetens tillit kan tilsi at tjenestegjørende polititjenestemenn ikke bør rekrutteres til verv i regionale avdelinger. Hensynet til den mest oppdaterte politifaglige kompetansen taler derimot for at tjenestegjørende polititjenestemenn bør rekrutteres. Dersom tjenestegjørende polititjenestemenn ikke skal være medlemmer kan dette svekke etterforskingskompetansen. Dette vil i sin tur kunne medføre en redusert rettssikkerhet både for dem som etterforskes for mulige straffbare handlinger, og for dem som har anmeldt ansatte i politiet og påtalemyndigheten. Dette kan imidlertid motvirkes gjennom særskilt kurs for nye medlemmer. En utelatelse av tjenestegjørende polititjenestemenn innebærer en forskjellsbehandling i forhold til vanlige straffesaker. Departementet ser det samtidig som helt nødvendig at organets avdelinger har tilstrekkelig politifaglig etterforskingskompetanse. I flere saker kan det være nødvendig med bevissikring gjennom åstedsundersøkelse og tvangsmidler som for eksempel beslag og ransaking, hvor politifaglig kompetanse er påkrevd. Avhør av mistenkte og vitner krever i mange saker også erfaring og politifaglig innsikt. Departementet erkjenner imidlertid at dagens ordning hvor tjenestegjørende polititjenestemenn deltar i etterforskingen av kolleger har liten tillit i mange miljøer. Departementet mener at det derfor er grunnleggende for et nytt etterforskingsorgan at det organiseres og sammensettes på en slik måte at tilliten hos publikum styrkes. Avdelingene kan få tilført etterforskingskompetanse enten ved at det rekrutteres tidligere polititjenestemenn i stedet for tjenestegjørende til verv, eller ved at etterforskere ansettes i fast stilling på hel- eller deltid. Tidligere polititjenestemenn kan også ha bindinger til politietaten, men de vil ikke være knyttet til etaten samtidig som de har sitt verv eller sin stilling i avdelingen. På bakgrunn av dette vurderer departementet det samlet sett dit hen at disse regionale avdelingene i hovedsak bør få politifaglig etterforskingskompetanse fra tidligere polititjenestemenn. Slik vil man muligens kunne unngå noe kritikk i form av at polititjenestemenn etterforsker kolleger. De tidligere polititjenestemennene som rekrutteres til verv bør derfor ha en tilsvarende karantenetid som de øvrige medlemmene.

Da det for bemanning av ledelsen og avdelingen som omfatter Østlands- og Oslofjordområdet vil være tale om stillinger på heltid, fremstår det ikke som naturlig å operere med verken med karantenetid eller lignende for ansatte med bakgrunn i politiet eller påtalemyndigheten da dette ikke forekommer i andre deler av straffesakssystemet. Det samme gjelder i den grad en ansetter etterforskere på heltid til de øvrige avdelingene.”

I Innst. O. nr. 15 (2003-2004), s. 5 går følgjande fram i samband med den føreslegne samansetjinga og organiseringa av Spesialeininga:

”Komiteen ser det som avgjørende at rekrutteringen til organet ivaretar at det er godt kvalifiserte personer som ansettes, samtidig som det er nødvendig organisatorisk avstand til dem som etterforskes.

Komiteen finner det nødvendig å understreke at målet med omorganiseringen er å sikre en rettsikker og ensartet behandling av dem som vil anmelde ansatte i politiet eller påtalemyndigheten. For å oppnå dette er det avgjørende at de ansatte er uavhengige og at det er nødvendig organisatorisk avstand mellom etterforsker og anmeldt embets- eller tjenestemann. Å sikre at allmennheten har tillitt til etterforskningen av disse sakene er et viktig mål for omorganiseringen.

Komiteen støtter forslaget om at Spesialenheten skal kunne anmode om bistand og bestille tjenester fra ulike kompetansemiljø på de fagfelt hvor denne selv ikke kan forventes å knytte til seg egen kompetanse.

(…)

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, går videre inn for at det forskriftsfestes at det ved behov kan opprettes regionale enheter som kan bistå med etterforskning, og at de ansatte i disse enhetene er sikret uavhengighet til politi og påtalevirksomhet. Den foreslåtte karantenetid tiltres, dog slik at dette gjelder for dem som rekrutteres fra annen type virksomhet enn politiet.”

Departementets vurdering

Departementet vil sjå til at den nye ordninga skal vere uavhengig av og ha nødvendig organisatorisk avstand til politiet og påtalemakta.

Spesialeininga vil ha behov for å knytte til seg personar med bakgrunn og erfaring som til dømes dommarar, advokatar og polititenestemenn. Ei slik samansetjing vil etter departementet si meining samla sett gi eit godt utgangspunkt for etterforsking av saksfeltet til Spesialeininga.

Eininga kan knytte til seg personar i form av verv eller tilsetjingar. Personar som er tilsette i eller som har verv i eininga, kan ikkje samtidig ha tilsetjingsforhold i politiet eller påtalemakta. For dei som er tilsette ein annan stad enn i Spesialeininga, gjeld ei karantenetid på to år etter at tilsetjingsforholdet i politiet eller påtalemakta er avslutta. For tilsetjingar i eininga gjeld ikkje ein slik regel om karantenetid. Rekrutteringsmåten og talet på personar i den enkelte etterforskingsavdelinga skal avspegle det spesifikke behovet knytt til sakstilfang, geografi og andre tilhøve.

Spesialeininga kan innhente hjelp frå politiet når ho finn eit særskilt behov for dette, jf. omtale i Ot.prp. nr. 96 (2002-2003), s. 30. Det vert gjort framlegg om at Spesialeininga bør kunne gi politiet pålegg om iverksetjing og gjennomføring av etterforskingsskritt.

Politimakt

I Ot.prp. nr. 96 (2002-2003), s. 25, vart det gjort framlegg om at det nye organet skulle få politimakt, og at politimakta burde tildelast etter nærare avgjerd i Justisdepartementet, jf. politilova § 20 tredje ledd.

I Ot.prp. nr. 61 (2003-2004) om lov om endringar i politilova vart det gjort framlegg om endringar i samsvar med det som er nemnt ovanfor, sjå s. 29:

”Det foreslås imidlertid at det i § 20 annet ledd fastsettes at departementet også kan bestemme at leder og ansatt i det sentrale etterforskingsorganet skal ha politimyndighet. Departementet viser her til Stortingets endring av straffeprosessloven § 67 sjette og syvende ledd (jf. lov 27. november 2003 nr. 11) om organiseringen av et eget, sentralt etterforskingsorgan for saker som gjelder anmeldelser av embets- eller tjenestemenn, politiet eller påtalemyndigheten. Enheten er i Ot.prp. nr. 96 (2002-2003) benevnt som spesialenhet for politisaker. Det vil være praktisk at ansatte i denne enheten også har politimyndighet (uten å tilhøre politiet). Departementet foreslår derfor at spesialenheten for politisaker tas inn i oppregningen av organ hvis ansatte kan gis politimyndighet.”

Stortinget har behandla framlegget, jf. Innst. O. nr. 86 (2003-2004).

Departementets vurdering

Tilsette i Spesialeininga for politisaker kan få politimakt, jf. den vedtekne endringa i politilova § 20 andre ledd. Ein viser til den vurderinga som er gjort i Ot.prp. nr. 61 (2003-2004). Ein føreslår derfor å ta inn reglar i påtaleinstruksen om at leiar og tilsette i Spesialeininga for politisaker blir tildelt politimakt.

Vurdering av Spesialeininga sitt saklege virkeområde

Spesialeininga sitt saklege virkeområde vert i utgangspunktet avgrensa av regelen i straffeprosesslova § 67 sjette ledd. Det går fram at Spesialeininga skal etterforske mistanke om eventuelle straffbare forhold som er gjort i tenesta av tilsette i politiet eller påtalemakta. Det er vidareført visse unntak frå dagens regelverk, slik at saker som vert avgjorde med forenkla førelegg vert unnateke som tidlegare. Vidare vert det gjort unntak for saker som vert behandla av tryggleikstenesta i tråd med tidlegare regelverk. Sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling, skal forholdet likevel etterforskast om nokon døyr eller blir alvorlig skadde som følgje av tenesteutøvinga til politiet eller påtalemakta, eller medan dei er tekne hand om av politiet eller påtalemakta, jf. straffeprosesslova § 67 åttande ledd. Det saklege virkeområdet til Spesialeininga er regulert i forskriftsutkastet § 34-1.

Berre handlingar gjort i tenesta høyrer inn under Spesialeininga sitt virkeområde. I grensetilfelle kan det vere vanskeleg å fastslå om ei konkret handling er utført i eller utanfor tenesta. Avgjerda vil ofte kvile på ei konkret vurdering. Dersom handlinga finn stad innanfor ramma av det som naturleg kan beskrivast som tenesteutøving, kan handlinga sjåast som gjort i tenesta. Det vert elles vist til at dersom det skulle oppstå tvil om ei handling er gjort i eller utanfor tenesta, kan spørsmålet bringast inn for riksadvokaten til avgjerd med heimel i riksadvokatens instruksjonsmakt, jf. straffeprosesslova § 67 sjette ledd.

Spesialeininga skal etterforske mistanke om straffbare handlingar. Det er nødvendig å gjere ei avveging mellom dei sakene som skal behandlast av Spesialeininga og dei sakene som i realiteten er klager over kritikkverdige, men ikkje straffbare forhold, gjort av politiet og påtalemakta. Dette er ofte ei vanskeleg avgrensing, kanskje særleg for publikum.

I Ot.prp. nr. 96 (2002-2003), s. 37 uttalte departementet følgjande om forholdet til klagesakene:

”I Rønnebergutvalgets rapport om SEFOs etterforsking, er det på side 104 flg. foreslått at det etableres et eget klage- og tilsynsorgan til behandling av klager på politiet. Det vises til at nærmere 30% av de anmeldelsene som inngis til SEFO i realiteten er klager over kritikkverdige, men ikke straffbare forhold, begått av politiet. Disse anmeldelsene hører med andre ord ikke hjemme i straffesakssystemet (”SEFO-sporet”), og sakene vil ofte bli henlagt uten nærmere etterforsking. I en del tilfeller ligger sakene slik an, at det kunne ha vært på sin plass med en nærmere gjennomgang av politiets eller påtalemyndighetens handlemåte. Dagens system kan gi feil signaler i den forstand at en henleggelse lett vil oppfattes som at det ikke har vært noe å bemerke til politiets eller påtalemyndighetens opptreden. Dette til tross for at henleggelse kun er uttrykk for at det ikke er grunnlag for å reagere eller etterforske nærmere med henblikk på en straffereaksjon.”

Justiskomiteen understreka følgjande i si innstilling, jf. Innst. O. nr. 15 (2003-2004), s. 6:

”Komiteen mener at det bør åpnes for en saksbehandling hvor reelle klager « sluses » ut av etterforskningsenheten og til administrativ sluttbehandling i politiet med ankeadgang til Politidirektoratet etter nærmere retningslinjer gitt av regjeringen. Spesialenheten for politisaker pålegges å oversende saker til forvaltningsmessig klagebehandling dersom etterforskningen i enheten avklarer kritikkverdige forhold. Komiteen vil påpeke at dette klargjør det linjeledelseansvar som gjelder i politiet og at ansvaret derav ligger på flere nivå.”

Klagesakene kan grovt deles inn i tre kategoriar; klager på påtaleavgjerd, klager på saksbehandlinga under etterforskinga og klager over tenesteutøvinga. I dei tilfella der det ligg føre tvil om det er levert melding eller berre ei klage, skal den som har meldt eller klaga, bli beden om å klargjere og utdjupe ærendet sitt. Slik skal meldaren eller klagaren få rettleiing til å avklare om forholdet vidare bør behandlast som ei melding eller ei klage. Eit ikkje lite tal på meldingar vil i realiteten vere klager på politiet si etterforsking, saksbehandling, saksframdrift eller den avgjerda som er tatt med omsyn til påtale. Desse sakene fell utanfor det saklege virkeområdet til Spesialeininga. Her gjeld ordinære klagereglar, jf. straffeprosesslova § 59 a. Eit meldt forhold som i realiteten er ei klage på tenesteutøvinga til ein tilsett, kan vidare til dømes gjelde disiplinære forhold. Forholdet høyrer da under politimeisteren som arbeidsgivar og personalansvarleg, og skal ikkje behandlast av Spesialeininga.

I praksis har det vist seg at mange av sakene dagens SEFO får til behandling ikkje er meldingar over straffbare forhold, men i realiteten er klager over politiets tenesteutøving. Det er av sentral tyding korleis handteringa av desse sakene vert gjort i framtida. Under dagens SEFO-ordning har meldingar som er kome inn normalt vert vurdert etter straffeprosessuelle reglar. Pretensjonen til meldar om straffbart forhold er lagt til grunn for den vidare behandlinga. Meldingar som i realiteten har vist seg ikkje å handle om straffbare forhold har vert lagt bort. Behandlingsmåten har slik framstått som ei normal strafferettsleg behandling av eit forhold som i realiteten er noko heilt anna, nemleg ei klage over politiets framsyning eller framgangsmåte. Slik har dagens system for behandling av desse sakene ikkje fått fram at dette i realiteten er klager over politiets tenesteutøving. Departementet er oppteke av at desse sakene i framtida ikkje vert behandla av Spesialeininga, men vert leidde tilbake inn i disiplinær- og arbeidsgivarsporet. Den framtidige behandlingsmåten bør på ein klar og tydeleg måte få fram den innhaldsmessige realiteten i desse sakene, og korleis denne type saker faktisk skal behandlast.

Eit forslag kan vere at desse sakene skal bli avvist av Spesialeininga. Avgjerda og grunngjevinga for denne skal straks bli formidla til avsendar. For å sikre ei rimeleg og fornuftig behandling av denne type saker føreslår departementet at desse sakene skal oversendast den relevante makta for vidare oppfølging straks etter at dei er avvist. I lys av at desse sakene i utgangspunktet ikkje høyrer inn under porteføljen til Spesialeininga, har departementet derfor vurdert det slik at desse sakene bør bli avvist frå behandling i Spesialeininga. Forslag om avvisning av desse sakene er som følgje av dette innarbeidde i utkastet til forskrift nedanfor. Departementet ser fram til høyringsinstansane sine synspunkt om dette.

Departementet vurderer i lys av Innst. O. nr. 15 (2003-2004) alternative modellar for klagesaksbehandlinga, og vil utarbeide nærare reglar om behandlinga av klagesaker mot embets- og tenestemenn i politiet og påtalemakta. Det vert i samband med dette elles vist til politimeistrane sitt ansvar for oppfølging og behandling av klager på politiets tenesteutøving, og at klager/meldingar som kjem inn til Spesialeininga ikkje skal stanse den oppfølging av sakene som skal finne stad internt i etaten.

4 Framlegg om ikraftsetjing og overgangsreglar

I del II i lov 5. mars 2004 nr. 13 om endringar i straffeprosesslova er det fastsett at lova, dvs. straffeprosesslova § 59 a endra første ledd og § 67 endra sjette og nytt sjuande ledd, gjeld frå den tid Kongen bestemmer. Vidare er det fastsett at Kongen gir nærare overgangsreglar.

Det vert føreslått at lova trer i kraft frå og med 1. januar 2005.

Justisdepartementet planlegg å opprette Spesialeininga for politisaker frå 1. januar 2005. Oppnemningsperioden for medlemmene i dei særskilde etterforskingsorgana går ut 31. desember 2004. Departementet ser det derfor som lite gagnleg å utføre ei ny oppnemning av medlemmer. Det er viktig at overgangsreglane ivaretek lova sitt siktemål om ei ny sentral organisering av etterforskinga i saker om straffbare forhold i tenesta gjort av tilsette i politiet og påtalemakta, og at overgangsreglane signaliserer dette ut til dei partane det gjeld.

Departementet føreslår på denne bakgrunn følgjande overgangsreglar:

Spesialeininga vert etablert frå 1. januar 2005. Saker som kjem inn etter dette tidspunktet, skal behandlast av Spesialeininga. Vidare skal alle saker som dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO) på dette tidspunkt har til behandling, overførast til Spesialeininga for vidare behandling. I saker der dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO) før årsskiftet har oversendt tilråding i påtalespørsmålet til statsadvokaten, skal spørsmålet om påtale avgjerast av statsadvokaten. I saker som vert overførde til Spesialeininga ved årsskiftet, skal leiaren for Spesialeininga eller ein annan i eininga som har fullmakt frå den førstnemnde, avgjere spørsmålet om påtale.

5 Merknader til dei enkelte reglane

Til § 7-2 Rapport til overordna påtalemakt om melding

Regelen i § 7-2 siste ledd er endra i samsvar med endringane i kapittel 34.

 

Til § 34-1 Spesialeininga for politisaker

Spesialeininga for politisaker høyrer ikkje til den ordinære politi- og påtalemakta. Dette går fram av § 34-1 første ledd. I første ledd er også eininga sitt saklege virkeområde fastsett.

Andre ledd gjer Spesialeininga synleg som riksdekkjande etterforskings- og påtalemakt for saker etter § 34-1 første ledd. Det vert gitt reglar om eininga si organisering av etterforskings- og påtalefunksjonane i andre ledd andre og tredje punktum, der tredje punktum gir reglar om at etterforsking av og innstilling om påtalespørsmålet skal gjerast av ei etterforskingsavdeling leia av ein etterforskingsleiar. Dette gir etterforskingsavdelingane ansvaret for å utøve påtalefunksjonen under etterforskinga, der dei sjølve avgjer om det skal setjast i verk etterforsking, leier ho og avgjer om det skal nyttast tvangsmiddel osb. Reglane i andre ledd andre og tredje punktum gjer det synleg at sakene skal behandlast på to nivå, jf. § § 34-3 og 34-7. Sakene vert etterforska og påtalebehandla på etterforskingsstadiet i etterforskingsavdelingane. Avgjerd om påtale i sakene vert så teken av leiaren for eininga eller av den som leiaren gir slik fullmakt. Dette sørgjer for ei ryddig behandling av spørsmåla om instruksjonsmakt, innstilling og klagebehandling. I tillegg sikrar dette ein reell avstand mellom dei som etterforskar saka og dei som avgjer henne. Etter departementet sitt syn er dette ein styrke i desse sakene.

Reglane i andre ledd fjerde til og med sjuande punktum gir nærare reglar om eininga si samansetjing og rekruttering. Om bakgrunnen for reglane viser ein til omtale i Ot.prp. nr. 96 (2002-2003) og Innst. O. nr. 15 (2003-2004).

Tredje ledd viser til at departementet har administrativ makt over eininga. Av lova sin § 67 sjuande ledd går det fram at Kongen kan bestemme at det kan opprettast regionale kontor som er underlagde den sentrale eininga. Det er føreslått at Kongen si makt vert delegert til departementet. Departementet skal slik kunne bestemme korleis organet skal organiserast. Ein regel om eventuelle organisatoriske endringar av eininga i framtida bør skje etter samråd med riksadvokaten og leiaren av Spesialeininga. At desse avgjerdene skal takast i samråd med dei nemnde instansane, sikrar at eininga er organisert i samsvar med lova og dei rammevilkåra som gjeld til ei kvar tid.

Av fjerde ledd går det også fram at politihøgskolestudentar under praksis og innkalla mannskap frå politireserven er omfatta av reglane i dette kapitlet, jf. straffeprosesslova § 67 niande ledd. Namnet er elles av praktiske omsyn endra frå ”politihøyskolestudenter” til ”politihøgskolestudenter”.

Til § 34-2 om forholdet til påtaleinstruksens andre reglar

I § 34-2 er det bestemt at reglane i straffeprosesslova og dei andre reglane i påtaleinstruksen skal gjelde tilsvarande i saker om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta, så langt dei passar eller anna ikkje følgjer av reglane i kapittel 34 i forskrifta.

Til § 34-3 om påtalekompetanse

Straffeprosesslova § 67 sjette ledd er endra slik at det vert gitt heimel til å opprette eit eige sentralt organ for etterforsking av meldingar eller saker som gjeld mistanke om straffbare handlingar som er gjort i tenesta av tilsette i politiet eller påtalemakta. Vidare er regelen endra slik at det ikkje lenger er statsadvokaten, men leiaren i det sentrale organet, som skal avgjere påtalespørsmålet i desse sakene. Leiaren kan i samsvar med regelen delegere dette myndet til ein annan i organet med juridisk embetseksamen. Delegasjonen skal skje i samsvar med eventuelle generelle retningslinjer gitt av riksadvokaten. Riksadvokaten har elles også høve til å instruere om delegering i enkeltsaker, jf. straffeprosesslova § 67 sjette ledd femte punktum.

Påtalekompetansen til leiaren av eininga er føreslått avgrensa på lik linje med statsadvokaten sin kompetanse slik han har vore fram til i dag, slik at i saker som er omfatta av straffeprosesslova §§ 64 og 65, skal kompetansen framleis liggje hos Kongen i statsråd eller riksadvokaten.

Dei alminnelige reglane om tiltale, som til dømes straffeprosesslova kapittel 19, vil gjelde for eininga, jf. § 34-2. Elles vil eininga, som ein naturlig konsekvens av kompetansen til å avgjere spørsmålet om tiltale, også kunne anke saker og treffe alle andre avgjerder som normalt fell inn under påtalekompetansen, som å avgjere bruk av tvangsmiddel og krevje rettargangskritt. Reglar i straffeprosesslova som gjeld påtalemakta, skal gjelde for eininga så langt dei høver. Spesialeininga skal likevel ikkje vere ein del av påtalemakta som nemnt i straffeprosesslova § 55. Straffeprosesslova § 55 vart derfor ikkje endra.

I 34-3 første ledd vert det gitt reglar knytte til påtalekompetansen. Første ledd første punktum fastset leiaren sin påtalekompetanse. Etterforskingsleiaren har påtalekompetanse tilsvarande politimeister på etterforskingsstadiet, jf. første ledd andre punktum. Etter tredje punktum ligg det til riksadvokaten å avgjere kven i Spesialeininga som skal ha kompetanse til å treffe dei avgjerder som på etterforskingsstadiet er lagd til statsadvokaten. Første ledd fjerde punktum fastslår at leiaren av Spesialeininga og etterforskingsleiaren skal ha juridisk embetseksamen.

Andre ledd gir reglar om høve til å delegere påtalekompetansen gitt etter første ledd.

Aktoratet skal utførast av leiaren av eininga eller den han eller ho gir fullmakt i dei sakene der eininga tek ut tiltale, jf. lova § 67 sjette ledd fjerde punktum. Dette er regulert i § 34-3 tredje ledd.

Nærare reglar om eininga si tilråding om og avgjerd av påtalespørsmålet er gitt i § 34-7.

Til § 34-4 Politimakt

§ 34-4 første ledd første punktum fastslår at leiaren av eininga og tilsette i etterforskinga er tildelt politimakt. Leiaren har etter andre punktum slik makt som politimeister. Politimakta er heimla i reglane i politilova § 20 andre ledd.

Til § 34-5 Melding og mistanke

Som følgje av nyordninga og opprettinga av Spesialeininga reknar ein med at ein god del av meldingane vil kome inn til Spesialeininga sjølv. Av omsyn til meldaren og publikum elles finn departementet det rimeleg at politiet og påtalemakta skal kunne ta imot slike meldingar for eininga. § 34-5 første ledd er utforma også med dette for auget.

I dei tilfella der det er tvil om det er levert melding eller berre ei klage, skal dette søkjas avklart av den makta som tek imot, enten det er Spesialeininga sjølv, politiet eller påtalemakta. Meldaren eller klagaren skal i slike tilfelle bli beden om å klargjere og utdjupe ærendet sitt, for på denne måten å avklare om forholdet vidare bør behandlast som ei melding eller på annan måte, jf. diskusjonen ovanfor. Dersom det viser seg at forholdet bør behandlast som ei melding, skal Spesialeininga straks varslast om meldinga, viss det ikkje er eininga sjølv som har teke i mot henne.

Departementet finn det naturlig at eininga straks skal varslast dersom ein embets- eller tenestemann i politiet eller påtalemakta har mistanke om at ein annen tilsett har gjort ei straffbar handling i tenesta, jf. § 34-5 andre ledd. Departementet er noko usikker på om regelen bør gjelde alle tilsette, og ikkje berre embets- og tenestemenn. Samtidig inneber regelen ei fagleg vurdering, all den tid han utelukkar forhold som kan ventast å bli avgjorde ved forenkla førelegg eller som skal behandlast av tryggleikstenesta. Dette talar for at berre embets- og tenestemenn i politiet og påtalemakta skal omfattast av ei slik varslingsplikt. Departementet føreslår derfor slik utforming.

§ 34-5 tredje ledd gir reglar om høve til å avvise visse saker som er nemnde i same ledd. Regelen i tredje ledd første punktum seier at leiaren av spesialeininga skal avvise ei sak når det er klart at det melde forholdet ikkje er straffbart eller gjenstand for offentlig påtale, eller meldinga må sjåast som openbert grunnlaus. Etter tredje ledd andre punktum kan leiaren av Spesialeininga elles avvise saker der det ikkje er påvist rimeleg grunn til å setje i verk etterforsking. Dersom ei sak blir avvist skal avgjerda og grunnlaget for denne straks bli formidla til avsendar. Spesialeininga skal vidare straks sende saka over til gjeldande makt for eventuell vidare oppfølging. Avsendar skal underrettast om slik oversending. Regelen i tredje ledd var tidlegare utforma slik at leiaren av eit SEFO-organ skulle innstille på å leggje bort desse sakene. Sidan innkomne saker for framtida vil bli behandla etter einsarta rutinar, finn departementet det forsvarlig og føremålstenleg å endre regelen i tråd med dette.

Til 34-6 Generelt om etterforskinga

Departementet har i liten grad funne grunn til å gjere vesentlege endringar i reglane under § 34-6 (tidlegare regulert i § 34-4). Det går fram av både Rønnebergutvalet si innstilling og Ot.prp. nr. 96 (2002-2003) at etterforskinga generelt har fungert tilfredsstillande.

Første ledd er utforma i tråd med at meldingar kjem inn til Spesialeininga og vert registrerte sentralt. Av første ledd første punktum går det fram at leiaren av Spesialeininga avgjer om det skal setjast i verk etterforsking når det som følgje av melding eller andre omstende er rimeleg grunn til å undersøkje om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta. Vidare går det fram av andre punktum at leiaren av Spesialeininga fordeler sakene til dei enkelte etterforskingsavdelingane, som gjennomfører og leiar etterforskinga. Dette må sjåast i samanheng med reglane i § 34-5.

Første ledd første til og med tredje punktum fastset den normale saksgangen i saker der det er rimeleg grunn til å setje i verk etterforsking. Ettersom hovudregelen vil vere at eininga sjølv tek dei etterforskingsskritta ho finn nødvendig, er strukturen i første ledd endra noko frå tidlegare ved at tidlegare § 34-4 fjerde ledd første til tredje punktum er lagt inn som ein del av første ledd. Av tredje punktum følgjer det at etterforskingsavdelingane sjølve kan gjennomføre dei etterforskingsskritta dei meiner er nødvendige i saker der dei utfører og leiar etterforskinga.

Med omsyn til spørsmålet om kor mange frå Spesialeininga som til ei kvar tid bør delta ved ulike avhøyr, finn departementet det ikkje gagnleg å fastsetje dette i ei forskrift. Dette vil vere ei avveging som etterforskingsleiaren, for så vidt saman med leiaren av Spesialeininga, vil måtte gjere i den enkelte saka. Det bør likevel seiast frå departementet si side at dette spørsmålet har sider som gjeld både tillit og økonomiske ressursar. Av omsyn til tilliten, og for så vidt som ei sikring av kvaliteten på avhøyret, tilrår ein at to representantar frå Spesialeininga gjennomfører avhøyret, dersom den aktuelle saka har tilstrekkeleg omfang og alvor. Elles gjeld vanlege reglar om gjennomføring av avhøyr, jf. straffeprosesslova §§ 230 flg. og påtaleinstruksen kapittel 8. Det same gjeld straffeprosesslova § 94 om at den sikta har rett til å la seg assistere av forsvarar på alle trinn i saka.

Den tidlegare nedfelte regelen i § 34-4 fjerde ledd, om bruk av eigenrapportar, er ikkje vidareført. Detaljeringsgraden i regelen vert i denne samanhengen vurdert som for stor, og er såleis ikkje vidareført. Departementet vurderer det elles slik at av omsyn mellom anna til tilliten hos publikum bør etterforskingspraksisen vere at bruk av eigenrapportar frå den som er meld, mistenkt eller vitne, vert unngått. Dette utelukkar likevel ikkje at eigenrapportar kan nyttast som supplerande provmateriale ved sidan av avhøyr. Departementet viser til at riksadvokaten kan gi utfyllande reglar om etterforskingsrutinar og gjennomføring av avhøyr.

Regelen i § 34-6 første ledd fjerde punktum seier at det som regel skal setjast i verk etterforsking når dette vert kravd av ein tilsett som det er framsett mistanke mot, jf. straffeprosesslova § 67 sjette ledd andre punktum. Regelen i § 34-6 første ledd femte punktum omfattar tilfelle der nokon døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av politiet eller påtalemakta si tenesteutøving eller medan dei er tekne hand om av politiet eller påtalemakta, jf. straffeprosesslova § 67 åttande ledd første og andre punktum.

Det er i § 34-6 andre ledd tatt inn ein regel om at eininga kan innhente etterforskingshjelp frå politiet. Politiet er pliktig å yte slik hjelp. Det er i samanheng med dette også viktig at Spesialeininga raskt gis innsyn i eventuelle saksdokument som politiet eller påtalemakta måtte ha i samband med tilstøytande saker. Dette vil kunne medverke til å hindre unødig dobbeltarbeid og tap av tid osb. Vidare går det fram at eininga kan gi politiet pålegg om iverksetjing og gjennomføring av etterforskingsskritt. Av andre punktum går det fram at eininga bør søkje å innhente eventuell etterforskingshjelp frå eit anna politidistrikt enn der mistenkte er tilsett, eller frå politiet sine særorgan.

Av omsyn til kor viktig det er å raskt kunne utføre innleiande skritt i etterforskinga, har ein i tredje ledd valt å opne for at politiet på eiga hand kan utføre etterforskingsskritt når opphald vil kunne skade etterforskinga. Av tredje ledd andre punktum går det fram at eininga skal varslast så snart som mogleg etter at slike skritt er gjennomførte. Dette sikrar at det ikkje er tvil om kven som er ansvarleg for den vidare etterforskinga, same kva for etterforskingsskritt som er sette i gang som følgje av hastereglane i tredje ledd første punktum og kor omfattande dei er. Eventuelle etterforskingsskritt som nemnt i tredje ledd første punktum skal likevel helst klarerast med eininga på førehand.

Til § 34-7 Tilråding om og avgjerd av påtalespørsmålet. Varsling

Omsynet til eit skilje mellom etterforskinga og avgjerda av påtalespørsmålet ligg til grunn for § 34-7, som gir nærare reglar om eininga sitt arbeid med tilråding om og avgjerd av påtalespørsmålet. Reglane skaper ei klar deling og eit tydeleg skilje mellom eininga si etterforsking og tilråding om påtalespørsmålet på den eine sida og avgjerda om påtale på den andre sida. Etterforskingsleiaren skal når saka er tilstrekkeleg klarlagd, gi tilråding til leiaren av Spesialeininga om korleis påtalespørsmålet bør avgjerast, jf. § 34-7 første ledd første punktum. Det går fram av § 34-3 andre ledd at makta til å tilrå om og avgjere påtalespørsmålet kan delegerast. Av første ledd andre punktum går det fram at dokumenta i saka skal følgje med tilrådinga.

Etterforskingsleiaren skal i tilrådinga gi ei vurdering av om det er gjort ei straffbar handling i tenesta eller ikkje, og det må eventuelt spesifiserast kva straffebod handlinga er etterforska i høve til, kva straffebod som er brotne, kven som er gjerningsmann og om vedkomande må haldast som straffeskuldig. Etterforskingsleiaren skal vidare føreslå korleis saka bør avgjerast. Elles skal dei same reglar gjelde for tilrådinga som når politiet oversender saker med innstilling til statsadvokaten, og tilsvarande slik SEFO-organa har oversendt saker til statsadvokaten. Tilrådinga skal behandle påtalespørsmålet. Dette vil seie ulike avgjerder i tilknyting til straffesaka. Omtale av politioperative eller administrative disponeringar eller eventuelle disiplinærtiltak som eventuelt kan vere aktuelle skal ikkje bli behandla i tilrådinga.

Er saka i realiteten å oppfatte som ei klage- eller disiplinærsak, skal saka etter å ha blitt lagt bort, oversendast til den aktuelle makta for vidare oppfølging.

Påtalespørsmålet skal avgjerast på grunnlag av tilrådinga av leiaren av Spesialeininga, jf. § 34-3 første ledd, med mindre påtalespørsmålet høyrer inn under Kongen i statsråd eller riksadvokaten. Det vert elles vist til nærare omtale under merknaden til § 34-3 om påtalekompetanse.

§ 34-7 andre ledd gir nærare reglar om varsling om avgjerda om påtalespørsmålet.

Til § 34-8 Klage til riksadvokaten

§ 34-8 inneheld ein regel om at avgjerdene til Spesialeininga kan påklagast til riksadvokaten i samsvar med reglane i straffeprosesslova § 59 a.

 

Til § 34-9 Riksadvokatens instruksjonsmakt m.m.

§ 34-9 første ledd gir reglar om at riksadvokaten skal varslast dersom eininga set i verk etterforsking. Departementet ser det som viktig at det vert innarbeidde gode rutinar for varsling til riksadvokaten, slik at også riksadvokaten si oppfølging av organet si verksemd vert sikra på ein gagnleg måte.

Andre ledd fastset riksadvokaten sitt instruksjonsmakt, jf. straffeprosesslova § 67 sjette ledd femte punktum. Dette er sentralt av rettstryggleiksomsyn, jf. Ot.prp. nr. 96 (2002-2003) og Innst. O. nr. 15 (2003-2004). Instruksjonsmakta omfattar etterforsking, påtale og anna som ligg innanfor det faglege ansvarsområdet til organet. Som ei følgje av dette kan riksadvokaten gi pålegg om iverksetjing, gjennomføring og stansing av etterforsking og gi nærare reglar om eininga si registrering av straffesaker og om korleis dette skal ordnast i dei enkelte sakene. I andre ledd andre punktum er det vidare gitt reglar om at riksadvokaten heilt eller delvis kan overta behandlinga av ei sak som høyrer inn under Spesialeininga.

Tredje ledd gir reglar om at riksadvokaten avgjer om etterforskinga i saker med to eller fleire mistenkte og der ikkje alle er tilsette i politiet eller påtalemakta, eller der det er mistanke om at ein tilsett i politiet og påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta og ei straffbar handling utanfor tenesta, skal leiast av eininga eller om leiinga av etterforskinga skal delast.

Til § 34-10 Årleg melding

Av omsyn til riksadvokaten og departementet si oppfølging av verksemda til eininga skal Spesialeininga før utgangen av februar gi rapport til riksadvokaten og Justisdepartementet om verksemda si førre året.

6 Utkast til endringar i reglar om ordninga av påtalemakta (påtaleinstruksen) (fastsett ved kongeleg resolusjon 28. juni 1985)

I medhald av lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettargangsmåten i straffesaker §§ 59 a og 67 og lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet vert det gjort følgjande endringar i påtaleinstruksen:

I

§ 7-2 fjerde ledd skal lyde:

Ved anmeldelse eller mistanke om straffbar handling begått i tjenesten av en ansatt i politiet eller påtalemyndigheten skal det gis melding etter reglene i § 34-5 første og andre ledd.

II

Nytt kapittel 34 skal lyde:

Kap 34 Saker som etterforskes av Spesialenheten for politisaker

§ 34-1.Spesialenheten for politisaker.

I saker som gjelder spørsmålet om en ansatt i politiet eller påtalemyndigheten har begått en straffbar handling i tjenesten, skal etterforskingen foretas og ledes av et eget sentralt organ, Spesialenheten for politisaker. Det samme gjelder saker uten mistanke om straffbar handling i tilfeller som nevnt i § 34-6 første ledd. Enheten trer ikke i virksomhet i saker som avgjøres med forenklet forelegg, eller som behandles av Politiets sikkerhetstjeneste, jf overvåkingsinstruksen gitt ved kongelig resolusjon av 19. august 1994 nr. 1302.

Spesialenheten er riksdekkende etterforskings- og påtalemyndighet for saker etter § 34-1 første ledd. Enheten ledes av sjefen for Spesialenheten for politisaker. Etterforsking av og innstilling om påtalespørsmålet foretas av en eller flere etterforskingsavdelinger ledet av en etterforskingsleder. Enheten kan knytte til seg personer i form av verv eller ansettelser. For dem som tildeles verv gjelder en karantenetid på to år fra eventuell tidligere ansettelse i politiet eller påtalemyndigheten. For ansettelser i enheten gjelder ikke bestemmelsen om karantenetid. Personer ansatt eller i verv i enheten kan ikke samtidig ha ansettelsesforhold i politiet eller påtalemyndigheten.

Justis- og politidepartementet har det overordnede administrative ansvaret for Spesialenheten.

Med politi menes i dette kapittel også politihøgskolestudenter under praksis og innkalte mannskaper fra politireserven.

§ 34-2.Forholdet til påtaleinstruksens øvrige regler.

Reglene i straffeprosessloven og i påtaleinstruksen kap 1 til 30 og kap 33 får tilsvarende anvendelse i saker der etterforskingen ledes av enheten, så langt de passer eller ikke annet følger av reglene i dette kapitlet.

§ 34-3.Påtalekompetanse

Lederen avgjør påtalespørsmålet unntatt når påtalespørsmålet hører under Kongen i statsråd eller riksadvokaten, jf. straffeprosessloven § 67 sjette ledd. Leder av etterforskingsavdeling har påtalekompetanse tilsvarende politimester på etterforskingsstadiet. Riksadvokaten avgjør hvem i Spesialenheten som har kompetanse til å treffe de avgjørelser på etterforskingsstadiet som er lagt til statsadvokaten. Spesialenhetens leder og leder av etterforskingsavdeling skal ha juridisk embetseksamen.

Spesialenhetens leder kan delegere sin myndighet til en annen i enheten med juridisk embetseksamen. Tilsvarende kan leder av etterforskingsavdeling delegere sin myndighet til en annen i avdelingen med juridisk embetseksamen.

I saker der enheten tar ut tiltale, utføres aktoratet av lederen eller en annen i enheten med juridisk embetseksamen som lederen gir fullmakt.

§ 34-4.Politimyndighet.

Spesialenhetens leder og tilsatte er tildelt politimyndighet, jf. politiloven § 20 andre ledd. Lederen har myndighet som politimester.

§ 34-5.Anmeldelse og mistanke.

Anmeldelse av en straffbar handling begått i tjenesten av en ansatt i politiet eller påtalemyndigheten skjer til Spesialenheten, eller til politiet eller påtalemyndigheten. Spesialenheten skal straks varsles om anmeldelsen, når det ikke er de selv som har mottatt den.

Får en embets- eller tjenestemann i politiet eller påtalemyndigheten mistanke om at en annen ansatt har begått en straffbar handling i tjenesten, skal Spesialenheten straks varsles, med mindre forholdet er eller kan ventes å bli avgjort ved forenklet forelegg, eller skal behandles av Politiets sikkerhetstjeneste.

Spesialenhetens leder skal avvise behandling av en sak, når det er klart at det anmeldte forhold ikke er straffbart eller ikke er gjenstand for offentlig påtale eller anmeldelsen må anses åpenbart grunnløs. Spesialenhetens leder kan ellers avvise behandling i saker hvor det ikke påvises rimelig grunn til å iverksette etterforsking.

§ 34-6.Generelt om etterforskingen.

Spesialenhetens leder treffer beslutning om iverksettelse av etterforsking når det som følge av anmeldelse eller andre omstendigheter er rimelig grunn til å undersøke om en ansatt i politiet eller påtalemyndigheten har begått en straffbar handling i tjenesten. Spesialenhetens leder fordeler sakene til de enkelte etterforskingsavdelinger som foretar og leder etterforskingen. Etterforskingsavdelingen kan selv foreta de etterforskingsskritt den mener er nødvendige. Etterforsking skal som regel iverksettes når det begjæres av en ansatt som det er framsatt mistanke mot. Selv om det ikke er grunn til mistanke om en straffbar handling, skal etterforsking settes i verk dersom noen dør eller blir alvorlig skadet som følge av politiets eller påtalemyndighetens tjenesteutøvelse, eller noen dør eller blir alvorlig skadet mens de er tatt hånd om av politiet eller påtalemyndigheten.

Leder av etterforskingsavdeling kan beslutte å innhente etterforskingsbistand fra politiet, herunder gi politiet pålegg om iverksetting og gjennomføring av etterforskingskritt. I sak mot en ansatt i politiet bør slik bistand så vidt mulig innhentes fra et annet politidistrikt enn der mistenkte er ansatt , eller fra politiets særorganer.

Politiet kan på egen hånd foreta etterforskingsskritt når opphold vil kunne skade etterforskingen. Så snart som mulig etter at slike skritt er foretatt, skal Spesialenheten varsles om dette.

§ 34-7.Innstilling om og avgjørelse av påtalespørsmålet. Underretning.

Når saken er tilstrekkelig klarlagt, skal etterforskingslederen eller den etterforskingslederen gir fullmakt avgi innstilling til enhetens leder eller den lederen gir fullmakt til å avgjøre påtalespørsmålet. Sakens dokumenter skal følge med innstillingen.

Det skal gis underretning om avgjørelsen av påtalespørsmålet i samsvar med reglene i § 17-2.

§ 34-8. Klage til riksadvokaten.

Spesialenhetens beslutninger kan påklages til riksadvokaten i samsvar med reglene i straffeprosessloven § 59 a.

§ 34-9. Riksadvokatens instruksjonsmyndighet m.m.

Beslutter enheten å iverksette etterforsking, skal den straks varsle riksadvokaten om dette.

Riksadvokaten kan gi Spesialenheten pålegg om iverksetting, gjennomføring og stansing av etterforsking. Riksadvokaten kan helt eller delvis overta behandlingen av en sak som hører under Spesialenheten.

I saker med to eller flere mistenkte der ikke alle er ansatt i politiet eller påtalemyndigheten, avgjør riksadvokaten om enheten skal lede etterforskingen av hele saken, eller om ledelsen av etterforskingen skal deles. I saker hvor det er mistanke om at en ansatt i politiet og påtalemyndigheten har begått straffbare handlinger både i og utenfor tjenesten, avgjør riksadvokaten om enheten skal lede etterforskingen av hele saken, eller om ledelsen av etterforskingen og avgjørelsen av påtalespørsmålet skal deles.

§ 34-10.Årlig melding.

Spesialenheten skal innen utgangen av februar avgi melding til Justisdepartementet og riksadvokaten om sin virksomhet det foregående år.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Finansdepartementet
Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO-ane)
Politidirektoratet
Riksadvokaten
Statsadvokatane
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Domstolsadministrasjonen
Datatilsynet
Kredittilsynet
Forbrukarrådet
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Forsvarergruppen av 1977
Landsorganisasjonen i Noreg (LO)
Norges Juristforbund
Norges Lensmannslag
Norsk Presseforbund
Næringslivets hovudorganisasjon (NHO)
Politiembetsmennenes Landsforening
Politiets Fellesforbund
Statsadvokatenes Forening