Høyring - Rapport om etablering av eit pilotprosjekt med ny avhøyrs-modell for barn som har vore utsette for overgrep m.m. (”Barnas hus”)

Frist: 18. september 2006

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 18.09.2006

Vår ref.:

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

200503250 /LM

04.08.06

Høyringsbrev - Rapport om etablering av eit pilotprosjekt med ny avhøyrs-modell for barn som har vore utsette for overgrep m.m. (”Barnas hus”)

Justisdepartementet sender med dette på avgrensa høyring ein rapport frå ei prosjektgruppe, oppnemnd av Justisdepartementet, med forslag til etablering og gjennomføring av eit pilotprosjekt med ein ny modell for avhøyr, undersøking og behandling av barn som har vore utsette for seksuelle overgrep, vold eller vore vitne til vold og mishandling i nære relasjonar. Vi ber om høyringsinstansane sitt syn på forslaget til pilotprosjekt og merknader elles til rapportens innhald.

Bakgrunn

Stortingsrepresentantane May Hansen og Inga Marte Thorkildsen fremja den 16. juni 2004 følgjande private forslag, jf. Dok. nr. 8:86 (2003 – 2004):

1.Stortinget ber Regjeringen opprette «Barnas Hus», et senter for en ny avhørsmodell av barn, basert på de prinsippene som er nevnt i Dok.nr.8:86 (2003-2004), og fremme forslag for Stortinget innen våren 2005.

2. Stortinget ber Regjeringen evaluere den nye avhørsmodellen innen tre år etter oppstart av «Barnas Hus», og fremme justeringer av tiltak etter vurderinger av mål og virkemidler.

Forslagsstillarane peikte i innleiinga på at barn som vitne, anten dei sjølve har vore involverte i eller har sett/høyrt deler av ei hending, har ein utrygg posisjon i det rettslege systemet. Dei ønska å få utarbeidd ein plan for nye standardar for avhøyr av barn i ein rettslig samanhang. Forslagsstillarane bygde sitt forslag på ein modifisert versjon av ”Children’s Advocacy Center” som også ”Barnahus” på Island er eit døme på. Dei ville at Noreg skulle implementere ein slik modell for å sikre barns rettstryggleik maksimalt i ein sårbar situasjon.

Forslagsstillarane trekte også fram at det viste seg at samordninga av dei involverte partane som etterforskarar, bistandsadvokatar, forsvararar, dommarar og sakkunnige i den grad dei blir nytta, har vore vanskeleg å få til innan 14-dagarsfristens utløp for avhøyr. Forslagsstillarane meinte at ved å setje barnet i sentrum for ein organisatorisk modell kunne ein få til ein større effektivitet, langsiktig kompetansevekst og ei meir presis måloppnåing enn det dagens ordning er i stand til. Effektiviteten ville kunne bli synlig i talet på saker som blei behandla og færre saker vil bli lagt bort på grunn av bevisets stilling. Vidare såg forslagsstillarane for seg at ein kunne utvikle betre kunnskapar om faktorar som gjer barn særleg sårbare i denne type samanhangar.

Forslagsstillarane fremja på bakgrunn av røynslene frå USA og Island forslag om å etablere eit prøveprosjekt, kalla ”Barnas hus” i Noreg med hovudmål å styrke rettstryggleiken for barn og unge. Fleire fagdisiplinar og profesjonar bør knyttast til ein slik modell.

Stortinget behandla forslaget den 4. mars 2005, jf. Innst. S. nr. 123 (2004 – 2005) Innstilling til Stortinget frå justiskomitéen. Komitéen peikte i innstillinga på at det var ei særs viktig problemstilling som blei tatt opp i Dok. nr. 8:86 (2003 – 2004). Komitéen mente at det framleis er behov for tiltak for å styrke barns rettstryggleik. Etter komitéens oppfatning er det særleg naudsynt å ivareta barn som har vært utsette for seksuelle overgrep og/eller har vært utsette for vold.

Komitéen meinte at eit ”Barnas hus” i Noreg må ha som hovudmål å verne barn som fortel om seksuelle overgrep eller om at dei har vore utsette for vold, og legge tilrette for ei god handtering av denne type saker. Det vil etter komitéens oppfatning vere naturleg at avhøyr av barn skjer i lokala til ”Barnas hus” som må ha ei særskild merksemd på oppfølginga av barn som fortel at dei har vore utsette for seksuelle overgrep og/eller vold. Komitéen peikte på at eit godt samarbeid mellom ”Barnas hus”, helsevesenet, politi- og påtalemakt, domstolar og barnevern vil vere heilt naudsynt for det enkelte barns rettstryggleik og tryggleiken deira elles. Komitéen framheva vidare at Barnas hus må utformast slik at det er eigna til å ta imot barn i ulike aldersgrupper. Komitéen ba justisministeren koordinere arbeidet med eventuelt å etablere ”Barnas hus”.

Forslag til etablering av eit pilotprosjekt

Før rapporten blir følgt opp, er det ønskeleg å motta høyringsinstansane sine synspunkt på forslaga frå prosjektgruppa. Dette gjeld særleg dei instansane som har deltatt i arbeidet i prosjektgruppa. Det går fram av rapporten kven som har deltatt i gruppa. Vidare har prosjektgruppa innhenta informasjon frå ulike organisasjonar og instansar som rapporten også blir sendt til for eventuelle merknader og synspunkt.

Prosjektgruppa som Justisdepartementet oppnemnde i mai 2005, var breitt samansett med deltaking frå relevante instansar som har oppgåver i samband med overgrep mot barn. Prosjektgruppa har i tråd med mandatet gjort greie for relevante problemstillingar og drøfta kort ulike modellar i samband med etablering av eit slikt pilotprosjekt. Rapporten blei levert justisministeren i mai d.å. med tilråding om å velje ein modell som integrerer funksjonane som ein har overfor barnet, der dei ulike instansane samarbeider tett for å yte best mogleg hjelp til desse barna og deira pårørande, få til betre avhøyr og kunne gjennomføre medisinske undersøkingar under minst mogleg påkjenning for barna. Dette krev god samordning av dei ulike tenestene, og rapporten framhever ulike sider ved dette med sikte på å etablere godt samarbeid. Dette gjeld særskilt dommaravhøyr, medisinsk undersøking, behandling, omsorg og terapi, slik at oppfølginga overfor barna blir ivaretatt på ein mest mogleg heilskapleg måte.

Justisdepartementet ber om synspunkt på desse forslaga i rapporten.

Prosjektgruppa foreslår at det blir etablert eit pilotprosjekt i eit nærare geografisk avgrensa område der sakstilfanget vil være tilstrekkelig stort. Gruppa finn det ikkje føremålstenleg at pilotprosjektet skal dekke heile landet i forsøksperioden. Gruppa har imidlertid ikkje tilrådd eit bestemt område, men understrekar at sakstilfanget bør kunne vere så stort at pilotprosjektet får ei reell utprøving. Prosjektgruppa peikar på at både Oslo-, Bergens- og Trondheims-regionen har relativt mange saker og kan såleis høve for pilotprosjektet. Departementet mottar gjerne synspunkt på dette temaet frå høyringsinstansane.

Dei instansane som skal ha oppgåver i ”Barnas hus”, høyrer inn under fleire departement. Prosjektgruppa foreslår i rapporten at pilotprosjektet bør, ut frå prosjektets art, knytast organisatorisk til eitt av dei tre departementa: Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet eller Justisdepartementet, men fleirtalet i gruppa vil ikkje peike på eitt bestemt departement. Justisdepartementet ser gjerne at høyringsinstansane uttaler seg om dette spørsmålet.

Prosjektgruppa foreslår at sjølve ”Barnas hus” skal ha ein leiar og 4-5 medarbeidarar. Huset må vere relativt lett tilgjengeleg. Pilotprosjektet skal etter føresetnadene vare i tre år og evaluerast. Justisdepartementet ber om høyringsinstansane sine synspunkt på dimensjoneringa av pilotprosjektet og eventuelle forhold som vil vere relevante for evalueringa av det.

Ettersom dei relevante instansane for pilotprosjektet har deltatt i prosjektgruppa, meiner Justisdepartementet at det vil vere tilstrekkeleg med
høyringsfrist 18. september 2006.

Vi ser gjerne at eventuelle merknader til rapporten blir sende oss også elektronisk til Lars Meling, Politiavdelinga, Justisdepartementet, på e-postadresse: lars.meling@jd.dep.no, med gjenpart til; mailto:ragnhild.bendiksby@jd.dep,no

Med helsing

Ingrid Wirum
avdelingsdirektør

Lars Meling
seniorrådgiver

Alternativ til Vold

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Barne- og familiedirektoratet

Barne- og likestillingsdepartementet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Barneombudet

Datatilsynet

Den norske advokatforening

Den norske dommerforeningen

Den norske lægeforening

Domstolsadministrasjonen

Fellesorganisasjon mot seksuelle overgrep (FMSO)

Finansdepartementet

Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG)

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Helse Midt-Norge RHF

Helse Nord RHF

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og sosialgruppe for innvandrere (IHSG)

Helse Sør RHF

Helse Vest RHF

Helse Øst RHF

Kommunal- og regionaldepartementet

Kripos

Kunnskapsdepartementet

Mira Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

Norsk Psykologforening

Politidirektoratet

Politihøgskolen

Redd Barna

Riksadvokaten

Sosial- og helsedirektoratet

Statens helsetilsyn

Stiftelsen DIXI Ressurssenter for voldtatte

Stine Sofies Stiftelse

Støttesenter for fornærmede i straffesaker