Høyring av ny regel om eigedomsskatt ved kommunesamanslåing
Høyring | Dato: 12.04.2019 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender på høyring framlegg om endring i eigedomsskattelova slik at samanslåtte kommunar får ein overgangsperiode til å samordne eigedomsskatten i den nye kommunen. Dei foreslåtte reglane fastset korleis dette skal gjerast når samordninga krev at skattesatsane vert auka i dei kommunanne som inngår i samanslåinga. Satsane kan aukast med inntil 1 promille for bustad- og fritidsbustad, og 2 promille for næringseigedom mv.
Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet til aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som kan ha interesse av saka, men som ikkje er oppførte på adressatlista.
Frist for å sende inn høyringssvar er 12. juli 2019. Høyringssvar sendast inn digitalt på www.regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Alle kan sende høyringssvar, men merk at svara som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt vert publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.
Med helsing
Ole Todal Jenssen e.f.
lovrådgjevar
Charlotte Sveen
rådgjevar
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bedriftsforbundet
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Direktoratet for økonomistyring
Hovedorganisasjonen Virke
Huseiernes Landsforbund
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (Advokatfirmaet Lund & Co DA)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Norges Bondelag
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norges Fiskarlag
Norges Huseierforbund
Norges Hytteforbund
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges kommunerevisorforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Øko-Forum (NØF)
ØKOKRIM
Petoro AS
Regelrådet
Regnskap Norge
Samarbeidande Kraftfylker
v/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
Småkraftforeninga
Statistisk sentralbyrå
Statkraft AS
Statnett SF
Storbedriftenes skatteforum
Statoil ASA v/Anne-Ma Tostrup Smith, juridisk kontor
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS