Høyringsbrev
Høyringsbrev | | Kultur- og likestillingsdepartementet
Høyringsbrev om utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i rettskrivingssaker
Vedlagt følgjer høyringsnotat med utkast til reglar om fullmakter og behandlingsprosedyre i saker om utfylling og endring av gjeldande rettskriving i bokmål og nynorsk, med tilhøyrande skrivereglar, også kalla normeringsspørsmål.
Dei nye reglane regulerer først og fremst arbeids- og ansvarsdelinga mellom departementet og Språkrådet i slike spørsmål. Det er derfor foreslått å innarbeida dei aktuelle reglane i gjeldande vedtekter for Språkrådet.
Oppgåver og fullmakter for Språkrådet i normeringsspørsmål er foreslått regulert i ein eigen paragraf, jf. ny § 3 i det vedlagde utkastet, mens behandlingsprosedyren i Språkrådet er regulert gjennom tillegg og justeringar i dei to påfølgjande paragafane, jf. særleg ny § 5 tredje ledd. Tillegg og endringar er markerte ved kursiv.[1]
Vi ber høyringsinstansane vurdera om det er behov for å senda saka vidare til underliggjande eller andre tilknytte organ som ikkje er oppførte på høyringslista.
Vi ber om at høyringssvara blir sende elektronisk til følgjande e-postadresse: postmottak@kud.dep.no.
Høyringsfristen er 1. oktober 2012.
Med helsing
Christine Hamnen (e.f.)
avdelingsdirektør
Ingvar Engen
seniorrådgjevar
Vedlegg:
Høyringsnotat
Gjeldande vedtekter for Språkrådet
Høyringsliste
[1] I vedtekstutkastet er elles talet på styremedlemmer oppdatert frå sju til ni i samsvar med ei endring som alt er gjennomført, jf. ny § 4 andre ledd med tilhøyrande justeringar i tredje og fjerde ledd. Likeins er oppnemningsperioden for fagråda auka frå to til fire år, jf. ny § 5 nytt sjuande ledd.