Høyringsnotat - Forslag til reglar om kjønnsrepresentasjon i styret i samvirkeforetak m.m.

Hovudinnhald

Justisdepartementet foreslår i høyringsnotatet her å innføre reglar om kjønnsrepresentasjon i styra til samvirkeforetaka, medrekna bustadbyggjelaga og dei gjensidige forsikringsselskapa. Etter forslaget skal det gjelde krav om kjønnsrepresentasjon for foretak med fleire enn 1000 medlemmar. Vidare foreslår departementet at ein tek utgangspunkt i same prosentkrav som i likestillingslova § 21, det vil seie krav om 40 % kjønnsrepresentasjon.

I forslaget er det gjort unntak frå kravet til kjønnsrepresentasjon ved val av ordinære styremedlemmar i tilfelle der eitt av kjønna utgjer mindre enn 5 % av medlemsmassen. Ein slik unntaksregel er likevel ikkje foreslått for bustadbyggjelaga, då det neppe er behov for det.

Departementet foreslår at tilhøvet mellom reglar om tilsetterepresentasjon og reglar om kjønnsrepresentasjon vert regulert på tilsvarande måte som i allmennaksjelova § 6-11 a.

Bakgrunn

Barne- og familiedepartementet sende 2. juli 2001 på høyring eit forslag om å innføre reglar om kjønnsrepresentasjon i allmennaksjeselskap, statsaksjeselskap og statsforetak mv. Høyringsbrevet kan finnast på følgjande internettadresse:

http://www.odin.dep.no/bfd/norsk/dok/hoeringer/ferdigbehandlede

I høyringsbrevet vart høyringsinstansane også bedne om å vurdere om samvirkeforetak, medrekna bustadbyggjelag, bør vere omfatta av krava til kjønnsrepresentasjon. Dei fleste av høyringsinstansane som uttalte seg om spørsmålet, var positive til at det vert innført eit slikt krav også for samvirkeforetak. Følgjande instansar gav uttrykkeleg støtte til forslaget: Finnmark fylkeskommune, Kristelig Folkepartis Kvinner, Fylkesmannen i Buskerud, Senterkvinnene, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Norske Sivilingeniørers foreining, Norsk Studentunion, Likestillingsombodet, Kvinneuniversitetet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Oslo biskop og bispedømmeråd, Universitetet i Bergen, Vestfold fylkeskommune og Juridisk rådgivning for kvinner (JURK).

Ingen av instansane var direkte negative til å innføre eit krav om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak, men både Justisdepartementet, Landbruksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Coop NKL BA gav uttrykk for at spørsmålet burde vurderast nærmare i samband med oppfølginga av utgreiinga frå Samvirkelovutvalet. Det vart også uttalt at større samvirkeforetak og organisasjonar som representerer samvirkerørsla, bør høyrast før det vert tatt stilling til spørsmålet.

Coop NKL BA og Nærings- og handelsdepartementet gjekk i sine fråsegner også inn på spørsmålet om kva slags samvirkeforetak som eventuelt skal vere omfatta av eit krav om kjønnsrepresentasjon. Vidare uttalte A/L Norske Boligbyggelags Landsforbund seg særskilt om kjønnsrepresentasjon i styret i bustadbyggjelag og burettslag. Dette vil departementet kome tilbake til i punkt 5.8 nedanfor.

Ved lov 19. desember 2003 nr. 120 om endringer i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper, lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper og i enkelte andre lover (likestilling i styrer i statsaksjeselskaper, statsforetak, allmennaksjeselskaper mv.) vart det for det første vedtatt ei ny lovføresegn som stiller krav om representasjon av begge kjønn i styret i allmennaksjeselskap, jf. allmennaksjelova § 6-11 a. Denne føresegna lyder slik:

”(1) I styret i allmennaksjeselskap skal begge kjønn være representert på følgende måte:
1. Har styret to eller tre medlemmer, skal begge kjønn være representert.
2. Har styret fire eller fem medlemmer, skal hvert kjønn være representert med minst to.
3. Har styret seks til åtte medlemmer, skal hvert kjønn være representert med minst tre.
4. Har styret ni medlemmer, skal hvert kjønn være representert med minst fire, og har styret flere medlemmer, skal hvert kjønn være representert med minst 40 prosent.
5. Reglene i nr. 1 til 4 gjelder tilsvarende ved valg av varamedlemmer.
(2) Første ledd omfatter ikke styremedlemmer som skal velges blant de ansatte etter § 6-4 eller § 6-37 første ledd. Når det skal velges to eller flere styremedlemmer som nevnt i første punktum, skal begge kjønn være representert. Det samme gjelder for varamedlemmer. Annet og tredje punktum gjelder ikke dersom et av kjønnene utgjør mindre enn 20 prosent av samlet antall ansatte i selskapet på det tidspunkt valget skjer.”

Føresegna gjeld frå den tida Kongen fastset, og tidlegast frå 1. september 2005, jf. nærmare i Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 54–55.

Vidare vart det innført tilsvarande føresegner for styra i offentleg eigde selskap, jf. statsaksjeselskap (aksjelova § 20-6), statsallmennaksjeselskap (allmennaksjelova § 20-6) og statsforetak (statsforetakslova § 19 femte ledd). Desse føresegnene vart sett i verk 1. januar 2004.

I proposisjonen som ligg til grunn for endringane, følgde Barne- og familiedepartementet opp tilrådinga frå enkelte høyringsinstansar om å utgreie spørsmålet om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak i samband med oppfølginga av utgreiinga frå Samvirkelovutvalet, jf. Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 41. Departementet uttalte:

”Blant annet må det undersøkes om det gjør seg gjeldende særlige hensyn i forhold til samvirkeforetakene. Eventuelle regler om kjønnsrepresentasjon må dessuten tilpasses de øvrige reglene om organisasjon og ledelse i et forslag til en samvirkelov. Det er nedsatt en arbeidsgruppe som består av Justisdepartementet, Landbruksdepartementet, Barne- og familiedepartementet og representanter fra styrene for noen av de største samvirkeforetakene. Denne gruppen skal vurdere nærmere om, og i så fall på hvilken måte, det skal skje en lovregulering av kjønnssammensetningen i samvirkeforetakenes styrer.”

Justisdepartementet sende 24. april 2002 på høyring utgreiinga frå Samvirkelovutvalet, NOU 2002: 6 Lov om samvirkeforetak. Høyringsfristen var 1. desember 2002. Departementet held no på med oppfølginga av utgreiinga og tek sikte på å legge fram ein proposisjon i løpet av 2005.

Samvirkelovutvalet har i si utgreiing ikkje drøfta spørsmålet om kjønnsrepresentasjon i samvirkestyra. Derimot har den omtalte arbeidsgruppa med representantar frå Justisdepartementet, Landbruksdepartementet, Barne- og familiedepartementet og styra i nokre av dei største samvirkeforetaka, vurdert nærmare om og i kva grad det bør gjelde krav om kjønnsrepresentasjon for styra i samvirkeforetak, særleg innanfor landbrukssamvirket. I tilknyting til arbeidet i gruppa vart det 15. oktober 2003 arrangert eit seminar om kjønnsrepresentasjon i landbrukssamvirket.

Kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak i dag

Styret i Norsk Landbrukssamvirke vedtok 18. september 2003 ein handlingsplan som skal gi minimum 40 prosent kvinneandel i hovudstyra innan 2009 (prosjektet ”Flere kvinner i styrene”). Ved prosjektstart var kvinneandelen blant eigarvalte styremedlemmar 16 %; etter valet i 2004 er den på 23 %. For heile styra samla er gjennomsnittleg kvinneandel auka frå 15 % til 19 %. Statistikk over kjønnsrepresentasjon i styra i landbrukssamvirket er tatt inn som vedlegg til høyringsnotatet. Prosjekt ”Flere kvinner i styrene” er nærmare omtalt her: http://www.landbruk.no.

Bortsett frå landbrukssamvirket ligg det føre lite statistikk om kjønnssamansetjinga i styra til samvirkeforetaka. Den informasjonen departementet har innhenta på dette punktet, byggjer hovudsakleg på årsmeldingane frå 2003 for ein del utvalde foretak. Det kan derfor ha skjedd endringar etter den tid.

I forbrukarsamvirket er kjønnssamansetjinga forholdsvis god. Styret i paraplyorganisasjonen Coop NKL BA hadde i 2003 ein kvinneandel på 28,6 %, noko som er ein nedgang frå 36,4 % året før. I denne perioden vart styret redusert frå elleve til sju medlemmar. Kvinneandelen i Coop NKL BAs høgste organ – representantskapet – er 39 %. I kontrollkomiteen og valkomiteen er det høvesvis 66,6 og 60 % kvinner.

Kvinneandelen i styra til dei lokale samvirkelaga har auka kraftig dei siste åra. Eit mål om 40 % representasjon av begge kjønn er nådd i styre, representantskap og krinsutval i samvirkelaga. I kontrollkomitéane og valkomitéane er målet derimot ikkje nådd. Begge organa har ein kvinneandel på 35 % på landsbasis.

Fiskerisamvirket har eit klart svakare innslag av kvinner i styra. Rogaland Fiskesalgslag S/L og Skagerakfisk S/L har t.d. ikkje kvinner i styra i det heile. I Norges Sildesalgslag er to av ni styremedlemmar kvinner, medan ein av 12 er det i Norges Råfisklag.

Bustadbyggjelaga ser derimot ut til å ha ei jamnare kjønnssamansetjing på styrenivå. Styret til Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) har fire kvinnelege og fem mannlege medlemmar. I Oslo Bolig- og Sparelag (OBOS) er fire av elleve styremedlemmar kvinner. USBL har tre kvinnelege og seks mannlege styremedlemmar, og har kvinneleg styreleiar. I Bergen og Omegn boligbyggelag (Bob) er det tre kvinnelege og seks mannlege styremedlemmar. Styra i Bob konsern har til saman 15 medlemmar: sju kvinner og åtte menn. I Trondheim og Omegn Boligbyggelag (TOBB)er fem av ti styremedlemmar kvinner.

I styra til dei gjensidige forsikringsselskapa varierer kjønnssamansetjinga. Av dei selskapa departementet har undersøkt, er det Gjensidige Nor Forsikring som har størst kvinneandel i sitt styre: Fem av 12 styremedlemmar er kvinner, dvs. 42 %. Assuranceforeningen Gard og Assuranceforeningen SKULD skil seg ut i motsett retning med ingen kvinnelege styremedlemmar.

Samanfatningsvis kan det sjå ut som om kjønnsrepresentasjonen er forholdsvis jamn i forbrukarsamvirket og bustadsamvirket, medan den er noko meir ujamn innanfor landbrukssamvirket. Svakast er kvinnerepresentasjonen i fiskesalslaga og i enkelte gjensidige forsikringsselskap.

Departementet tek gjerne imot opplysingar frå høyringsinstansar innanfor samvirke om den faktiske situasjonen med omsyn til kjønnsrepresentasjon i eigen organisasjon. I samvirke som er organisert som konsern eller føderativt samvirke, ønskjer departementet opplysingar om kjønnssamansetjinga i styra til dei samvirkeforetaka som inngår i foretaksgruppa. I tilfelle der medlemmane av eit samvirkeforetak er fysiske personar, er departementet også interessert i opplysingar om kjønnssamansetjinga i medlemsmassen.

Bør krav om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak fastsetjast ved lov?

Det kanskje viktigaste argumentet for lovreglar om kjønnsrepresentasjon er at det kan medverke til at norsk næringsliv får dra nytte av den næringslivsrelevante kompetansen som ei rekke kvinner har. I Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) er det gjort ei nærmare vurdering av kva kjønnsrepresentasjon i styra har å seie, jf. s. 37 flg. Når det gjeld samvirkeforetak spesielt, uttalte Barne- og familiedepartementet på s. 41 følgjande:

Noen av disse [samvirkeforetakene] er i likhet med allmennaksjeselskaper private sammenslutninger med stor spredning av medlemsmassen. Mange av de samme hensynene som taler for at ordningen gjøres gjeldende for allmennaksjeselskaper, vil derfor også gjelde i forhold til disse selskapene. Samtidig er det mange av samvirkeselskapene som er små, slik at det ikke faller seg naturlig å sammenlikne dem med allmennaksjeselskapene.

Justisdepartementet er samd i at fleire av dei omsyna som talar for eit krav om kjønnsrepresentasjon i styret i allmennaksjeselskap, gjer seg tilsvarande gjeldande i forhold til enkelte samvirkeforetak. Departementet viser særleg til at ein auka kvinnerepresentasjon generelt kan medverke til å styrke leiinga i næringslivet, jf. nærmare i Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 31–41. Ein auka kvinnerepresentasjon vil også innebere auka likestilling og demokrati, jf. Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 11.

Samtidig er det enkelte særtrekk ved samvirkeforma som det må takast omsyn til ved utforminga av eventuelle reglar om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak. Dette vil departementet kome tilbake til under punkt 5 og punkt 8 nedanfor.

Det er sett i verk enkelte frivillige tiltak for å auke kvinneandelen i styret i samvirkeforetak. Som allereie nemnt, vedtok styret i Norsk Landbrukssamvirke 18. september 2003 ein handlingsplan som skal gi minimum 40 % kvinneandel i hovudstyra innan 2009. COOP NKL BA har også eit mål om 40 % representasjon frå begge kjønn i styra. Vidare er departementet kjent med at vedtektene til enkelte samvirkeforetak på andre sektorar inneheld føresegner om at ein skal freiste å oppnå ein kjønnsmessig likeverdig representasjon i styret.

Etter departementet sitt syn kan det likevel vere ønskjeleg å supplere desse tiltaka gjennom ny lovgiving på området for effektivt å sikre at målsetjinga om auka kvinnerepresentasjon vert nådd. Det vert i den samanhengen vist til Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 37, der det er uttalt at det ”at kvinneandelen eventuelt oppnås gjennom lovgiving, innebærer imidlertid etter departementets syn ikke at virkningene av denne økte kvinneandel blir mindre gunstige”. Innføringa av reglar om kjønnsrepresentasjon i allmennaksjeselskap gjer det også nærliggjande og konsekvent å vurdere tilsvarande reglar for samvirkeforetak som ut frå omfanget av verksemda og spreiinga av medlemsinteressene kan samanliknast med allmennaksjeselskap.

Departementet ber om høyringsinstansane sitt syn på om det bør innførast lovreglar om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak.

Som nemnt under punkt 2, arbeider Justisdepartementet for tida med eit forslag til ei allmenn lov om samvirkeforetak. Slik departementet ser det, er det naturleg at eventuelle reglar om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak vert innarbeidd i ei allmenn lov om samvirkeforetak. Tilsvarande reglar for bustadbyggjelag bør plasserast i bustadbyggjelagslova, medan forsikringsverksemdlova kan vere eit alternativ når det gjeld krav om kjønnsrepresentasjon i gjensidige forsikringsselskap.

Forholdet til reglar om tilsetterepresentasjon i styret o.a.

Generelt

Samvirkelovutvalet har i utkastet til lov om samvirkeforetak foreslått to føresegner om rett for dei tilsette til å velje styremedlemmar (§§ 69 og 70). Føresegnene svarer til aksjelova og allmennaksjelova §§ 6-4 og 6-5, jf. NOU 2002: 6 s. 366–367.

Dersom forslaget vert følgt opp i den endelege lova, meiner departementet at forholdet mellom reglar om tilsetterepresentasjon og reglar om kjønnsrepresentasjon bør regulerast på tilsvarande måte som i allmennaksjelova § 6-11 a. Etter denne føresegna gjeld det separate reglar om kjønnsrepresentasjon for høvesvis dei styremedlemmane som vert valde av og blant dei tilsette, og for dei eigarvalde (”ordinære”) styremedlemmane. Allmennaksjelova § 6-11 a første ledd regulerer kjønnsrepresentasjonen blant dei ordinære styremedlemmane, medan andre ledd regulerer kjønnsrepresentasjonen blant tilsetterepresentantane i styret. Formålet med dette skiljet er å sikre at kjønnsrepresentasjonen blant dei to gruppene av styremedlemmar vil vere heilt uavhengig av kvarandre, jf. nærmare Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 47–49.

Kjønnsrepresentasjonen for varamedlemmar vert avgrensa separat og skjer etter dei same reglane som for styremedlemmane, jf. første ledd nr. 5 når det gjeld vararepresentantar for dei ”ordinære” styremedlemmane, og andre ledd tredje punktum med omsyn til vararepresentantar for tilsetterepresentantane.

Unntak frå kravet om kjønnsrepresentasjon for tilsetterepresentantar

Departementet meiner at det bør oppstillast eit unntak frå kravet om kjønnsrepresentasjon for tilsetterepresentantane i styret tilsvarande det ein har i allmennaksjelova § 6-11 a andre ledd fjerde punktum. Unntaket inneber at kravet om kjønnsrepresentasjon ikkje skal gjelde i situasjonar der eitt av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette på det tidspunktet valet skjer. Dersom det ikkje finst tilsette av begge kjønn i selskapet, eller kjønnsfordelinga er svært skeiv, kan ein regel om kjønnsrepresentasjon blant dei tilsettvalde styremedlemmane slå urimeleg ut i forhold til ulike grupper tilsette i bedrifta, jf. Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 47–48.

Handheving av krav om kjønnsrepresentasjon

Departementet meiner at reglane om kontroll og handheving av reglane om kjønnsrepresentasjon bør vere dei same som for allmennaksjeselskap, jf. nærmare Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 51–52. Dette inneber at kontrollen vil finne stad gjennom Foretaksregisterets generelle legalitetskontroll etter lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak kapittel 5, og at brot på reglane kan føre til tvangsoppløysing av foretaket, jf. lovforslaget i NOU 2002: 6 § 143 første ledd nr. 2 og bustadbyggjelagslova § 10-14 nr. 1.

Basert på opplysingar om namn og fødselsnummer på styremedlemmane (jf. foretaksregisterlova § 3-7 andre ledd) har Foretaksregisteret allereie i dag data til å kontrollere kjønnssamansetjinga. For å markere dette ytterlegare, vert det i tråd med det som gjeld for allmennaksjeselskapa foreslått ei ny føresegn i foretaksregisterlova § 3-2 første ledd tredje punktum om at registeret også skal innehalde opplysingar om kva kjønn styremedlemmane har.

For at Foretaksregisteret skal kunne vite kva slags samvirkeforetak som er omfatta av eit eventuelt krav om kjønnsrepresentasjon, foreslår departementet at det skal gå fram av registeret om eit foretak har meir enn 1000 medlemmar eller færre medlemmar, jf. forslaget til nytt andre punktum i foretaksregisterlova § 3-2 første ledd. Denne føresegna inneber at Foretaksregisteret får kjennskap til kva slags foretak som er omfatta av kravet til kjønnsrepresentasjon, gitt at foretaka oppfyller meldeplikta etter foretaksregisterlova § 4-1. Som nemnt i punkt 5.6 ovanfor, er brot på meldeplikta straffesanksjonert, jf. foretaksregisterlova § 10-4. Dersom eit foretak ikkje oppfyller plikta til å opplyse om talet på medlemmar, kan registrering nektast, jf. foretaksregisterlova § 5-2 første ledd.

Når det gjeld kravet om kjønnsrepresentasjon i allmennaksjeselskap, er ikkje Foretaksregisteret avhengig av nærmare opplysingar for å vite kva slags selskap som er omfatta av kravet. Denne forskjellen kjem av at kravet om kjønnsrepresentasjon gjeld for alle allmennaksjeselskap, medan det etter forslaget her ikkje skal gjelde for alle samvirkeforetak, jf. punkt 5.1 ovanfor.

Iverksetjings- og overgangsreglar

Lov 19. desember 2003 nr. 120 om endringer i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper, lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper og i enkelte andre lover (likestilling i styrer i statsaksjeselskaper, statsforetak, allmennaksjeselskap mv.) fastset i del XII nr. 2 at den nye § 11 a i allmennaksjelova gjeld frå den tid Kongen fastset, og tidlegast frå 1. september 2005. Der er ein føresetnad at reglane ikkje skal setjast i verk dersom selskapa oppfyller krava i lova frivillig. Regjeringa har gitt uttrykk for at den tek sikte på å vurdere situasjonen med omsyn til frivillig oppnådd kjønnsrepresentasjon i desse selskapa per 1. juli 2005. Deretter vil Regjeringa ta stilling til om lova skal tre i kraft eller ikkje for privat eigde allmennaksjeselskap, jf. nærmare Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) s. 54. Dei foreslåtte reglane i dette høyringsnotatet om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak m.m. må vurderast i samanheng med sjansen for at dei nye reglane i allmennaksjelova ikkje trer i kraft.

For allmennselskap som vert registrerte etter at reglane er sett i verk, må krava til kjønnsrepresentasjon vere oppfylte frå registreringa. For selskap som er registrerte før iverksetjinga av lova, er det gitt ein overgangsperiode på to år frå iverksetjinga før selskapet må oppfylle dei nye krava til kjønnsrepresentasjon i styret, jf. lova del XIII nr. 2. Det kan vere naturleg å la tilsvarande reglar gjelde for bustadbyggjelag og gjensidige selskap.

Iverksetjings- og overgangsreglane for ei ordning med kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak må sjåast i samanheng med iverksetjings- og overgangsreglane i ei lov om samvirkeforetak. Departementet arbeider som nemnt med oppfølginga av utgreiinga til Samvirkelovutvalet, og skal etter planen leggje fram ein proposisjon i løpet av 2005. Samvirkelovutvalet har foreslått at det skal gjelde ein overgangsperiode på fem år før lova skal gjelde tvingande for samvirkeforetak som eksisterer på iverksetjingstidspunktet. Dei eksisterande samvirkeforetaka kan om ønskjeleg velje å verte underlagt lova på eit tidlegare tidspunkt.

Departementet meiner i utgangspunktet at det vil vere ein fordel om ein i ei samvirkelov kan ha felles iverksetjings- og overgangsføresegner, som også skal gjelde for reglane om kjønnsrepresentasjon. Med ein overgangsperiode på fem år vil dei foretaka det gjeld, ha forholdsvis god tid til å gjere nødvendige endringar i kjønnssamansetninga. Dersom departementet skulle foreslå ei overgangsperiode på fem år i samvirkelova, kan det derfor vere naturleg at denne perioden også skal gjelde for reglane om kjønnsrepresentasjon. Eit alternativ er å utforme reglane etter mønster av dei tilsvarande reglane i allmennaksjelova med ein særskilt frist for å oppfylle kravet om kjønnsrepresentasjon, sjå ovanfor. Det kan også tenkjast ei mellomløysing: At overgangsperioden skal vere den same som for dei andre føresegnene i samvirkelova, men at Kongen ved utløpet av denne perioden skal ta særskilt stilling til om reglane om kjønnsrepresentasjon skal setjast i verk med tvingande karakter. Lovforslaget i høyringsnotatet her er basert på at det ikkje vert fastsett særskilte iverksetjings- og overgangsreglar for kravet om kjønnsrepresentasjon i samvirkeforetak, men departementet tek gjerne imot synspunkt på dette.

Dei foreslåtte reglane i foretaksregisterlova § 3-2, som krev registrering av kjønnsfordelinga blant styremedlemmane i samvirkeforetak m.m. som vert omfatta av ordninga (sjå punkt 9), bør uansett setjast i verk på eit tidlegare tidspunkt. Bakgrunnen er at ei slik løysing gir høve til å følgje utviklinga nøye.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget vil venteleg ikkje ha nokon vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Eventuelle reglar om kjønnsrepresentasjon vil bli kontrollert og handheva innanfor det gjeldande systemet ved Foretaksregisteret og tingrettane og ser ikkje ut til å medføre meirarbeid i særleg grad. Departementet har foreslått at reglane om kontroll og handheving av reglane om kjønnsrepresentasjon skal vere dei same som for allmennaksjeselskap, jf. kapittel 9 ovanfor. Den einaste forskjellen er at Foretaksregisteret etter forslaget her er avhengig av at foretaka oppfyller si meldeplikt for å vite kva slags foretak som er omfatta av kravet, jf. punkt 5.6 og kapittel 9 ovanfor. At foretaka skal opplyse om dei har meir enn 1000 medlemmar eller færre medlemmar, vil medføre noko meirarbeid for Foretaksregisteret, som skal registrere desse opplysingane.

Basert på den naturlege føresetnaden om at kvinner og menn er likeverdige når det gjeld næringslivsrelevant kompetanse, kan det leggjast til grunn at eit krav om kjønnsrepresentasjon neppe vil ha nokon særlege konsekvensar for foretaka utover dei positive konsekvensane som er skildra i Ot.prp. nr. 97 (2002–2003) kapittel 2. Det kan likevel knyte seg nokon særlege spørsmål til perioden fram til ein har oppnådd ei naturleg jamn kjønnsfordeling i leiinga i næringslivet generelt. Departementet går ut frå at det etter gjennomføringa av dei nye reglane vil vere ein monaleg del av styremedlemmene som må erstattast med kvinnelege representantar. Det kan i praksis krevje ein viss innsats å finne nye kandidatar. Departementet meiner likevel at dette vil la seg gjere innanfor dei rammene som iverksetjings- og overgangsreglane gir.

Lovforslag

Regulering av kjønnsrepresentasjon i ei eventuell lov om samvirkeforetak

Føresegna er utforma etter mønster av allmennaksjelova § 6-11 a, men med nokre særlege tilpassingar for samvirkeforetak.

§ xx.Krav om representasjon av begge kjønn i styret

(1) I styret i samvirkeforetak med meir enn 1000 medlemmar på det tidspunktet valet av styremedlemmar skjer skal begge kjønn vere representert på følgjande måte:

1. Har styret to eller tre medlemmar, skal begge kjønn vere representert.

2. Har styret fire eller fem medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst to.

3. Har styret seks til åtte medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre.

4. Har styret ni medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

5. Reglane i nr. 1 til 4 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmar.

Reglane i første punktum nr. 1 til 5 gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn fem prosent av det samla talet på fysiske personar som er medlemmar i foretaket på det tidspunktet valet skjer.

(2) Første ledd nr. 1 til 5 omfattar ikkje styremedlemmar som skal veljast blant dei tilsette etter § xx. Når det skal veljast to eller fleire styremedlemmar som nemnt i første punktum, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmar. Andre og tredje punktum gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette i foretaket på det tidspunktet valet skjer.

Endringar i lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag

Ny § 6-4 a skal lyde:

(1) I styret i bustadbyggjelag med meir enn 1000 medlemmar på det tidspunktet valet av styremedlemmar skjer skal begge kjønn vere representert på følgjande måte:

1. Har styret to eller tre medlemmar, skal begge kjønn vere representert.

2. Har styret fire eller fem medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst to.

3. Har styret seks til åtte medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst tre.

4. Har styret ni medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmar, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.

5. Reglane i nr. 1 til 4 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmar.

(2)Første ledd nr. 1 til 5 omfattar ikkje styremedlemmar som skal veljast blant dei tilsette etter § 6-4. Når det skal veljast to eller fleire styremedlemmar som nemnt i første punktum, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmar. Andre og tredje punktum gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette i laget på det tidspunktet valet skjer.

Endringar i lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet

§ 5-3 annet punktum skal lyde:

For gjensidige forsikringsselskaper med mer enn 1000 medlemmer på tidspunktet for valg av styremedlemmer gjelder samvirkeloven § xx tilsvarende.

Endringar i lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak

§ 3-2 første ledd andre og tredje punktum skal lyde:

For samvirkeforetak, boligbyggelag og gjensidige forsikringsselskaper skal registeret også inneholde opplysninger om foretaket har mer enn 1000 medlemmer eller færre medlemmer. For foretak som omfattes av lov xxxx om samvirkeforetak § xx, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 a og lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet § 5-3 annet punktum, skal registeret inneholde opplysninger om styremedlemmers og varamedlemmers kjønn, samt opplysninger om medlemmet er valgt blant de ansatte etter reglene i lov xxxx om samvirkeforetak § yy, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag § 6-4 og lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet § 5-1.

Vedlegg: Oversikt over kjønnsrepresentasjon, medlemstal og omsetning i landbruksamvirket