Høyring om endringar i våpenforskrifta - våpenløyve for Statens naturoppsyn (SNO)

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til endringar i våpenforskrifta. Føremålet med framlegget er å tydeleggjere at Statens naturoppsyn (SNO) kan erverve og ha skytevåpen og våpendelar for avliving og immobilisering av vilt, og opne for at tilsette hjå SNO kan gjevast løyve til å låne desse våpena.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 01.07.2024