Innvandring og innvandrarar 2013-2014
Internasjonal migrasjon 2013-2014 rapport frå Noreg til OECD
Rapport | Dato: 04.12.2014 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, ”International Migration 2013-2014 – IMO report for Norway”, er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.
Den siste rapporten dekkjer 2013 og i nokon grad 2014. Rapporten er utarbeidd hausten 2014 av Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI og inneheld tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken. Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, statsborgarskap, diskriminering, offentleg ordskifte og haldningar. I tillegg er det ei oversikt over nokre relevante, nye publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.
Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside http://www.oecd.org/migration/.
Last ned rapporten her (link)
Vedlegg med tabellar