AI-99/09 - Instruks om reiserestriksjonar overfor einskildpersonar frå det tidlegare Jugoslavia - tiltak for å støtte Den internasjonale straffedomstol for det tidligare Jugoslavia (ICTY)
Rundskriv | Dato: 15.01.2010 | Justis- og beredskapsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Justis- og politidepartementet
Nr: AI-99/09
Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Nr. Vår ref Dato
AI-99/09 200802044 17.12.2009
Instruks om reiserestriksjonar overfor einskildpersonar frå det tidlegare Jugoslavia - tiltak for å støtte Den internasjonale straffedomstol for det tidligare Jugoslavia (ICTY)
Departementet viser til at utlendingslova 2008 trer i kraft 1.1.2010. Utlendingslova 2008 § 76 tredje ledd medfører at departementet kan instruere Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda for å ivareta omsynet til grunnleggande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn. Me viser vidare til tidligare instruks AI-43/03 av 6.5.2008.
Vidare vert det vist til e-post frå Utanriksdepartementet av 17.11.2009. Noreg har slutta seg til EU si felles haldning 2004/293/FUSP av 30. mars 2004 om tiltak for å støtta den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), og seinare forlengingar av denne. I felles haldning 2009/164/FUSP av 27.2.2009 ble vert tiltaka forlenga fram til 16.3.2010.
Lenke til felles haldning 2009/164/FUSP av 27.2.2009:
http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2009:055:0044:0044:EN:PDF
Lenke til felles haldning 2004/293/FUSP av 30.3.2004:
http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2004:094:0065:0068:EN:PDF
Lista over personar som er omfatta av reiserestriksjonar går fram av vedlegg til rådsavgjerd 2008/732/FUSP:
http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2008:247:0056:0062:EN:PDF
Lista vert ikkje endra ved den siste felles haldninga.
I medhald av utlendingslova 2008 § 76 tredje ledd instruerar me Utlendingsdirektoratet,
Utlendingsnemnda, utanriksstasjonane og politiet om at det ikkje skal utferdast visum til personar som vert omfatta av ovannemnte liste, jf utlendingslova § 10 andre ledd, og at disse personane nektast innreise og transitt gjennom Noreg, jf. § 17 første ledd bokstav l.
Denne instruksen gjelder frå og med 1.1.2010 og inntil 16.3.2010, dersom perioden ikkje blir forlenga, eller instruksen blir oppheva eller erstatta med ny instruks.
Me ber Utlendingsdirektoratet om å orientera politidistrikta gjennom Politidirektoratet. Utlendingsdirektoratet er og ansvarleg for å orientera utanriksstasjonane på vanleg måte.
Utlendingsforvaltninga si fageining for landinfo og Utanriksdepartementet er orientert ved kopi av denne instruksen.
Med helsing
Sissil M. Pettersen (e.f.)
avdelingsdirektør
Lene S. Walaas
rådgjevar
Vedlegg:
E-post frå Utanriksdepartementet 17.11.2009
Kopi:
Utanriksdepartementet
Utlendingsforvaltninga si fageining for landinfo
RVP-redaksjonen@udi.no