Kgl. res. 02.06.06 - Møre og Romsdal - fylkesplan 2005-2010

Kongeleg resolusjon 02.06.06

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010

Miljøverndepartementet har i oversending av 21.11.05 motteke fylkesplan for Møre og Romsdal fylke 2006 – 2009 til sentral godkjenning.

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2008 er sett saman av ein strategiplan og eit utfordringsdokument som skal rullerast kvart år. Planen føreset ei konkretisering og oppfølging gjennom handlingsplanar/program og partnarskapsavtalar.

Møre og Romsdal er eit einskapsfylke der dei tilsette hjå fylkeskommunen og fylkesmannen med unnatak av fylkesmannen og assisterande fylkesmann er integrert i eit felles regional organ. Forsøket med einskapsfylke er interessant med tanke på integrering av oppgåver, samordning, koordinering og partnarskap i fylkesplanarbeidet og regional utvikling. Fylket har forventningar til at oppfølginga frå staten held fram for resten av forsøksperioden.

Planen er vorte til gjennom deltaking frå mange aktørar både i høve til utfordringsdokumentet og strategiplanen.

Fylkesplan for Møre og Romsdal fylke 2006 – 2010 er svært kortfatta og inneheld strategiar over ei side. Tanken bak ein så stutt fylkesplan er at ”alle” skal hugse fylkesplanen og at han kan vera med over alt. Regjeringa ser som interessant at det vert prøva ut ulike og nye modellar innanfor fylkesplanlegginga og ser at tankane bak denne fylkesplanen kan ha mykje for seg.

Strategiplanen tek for seg dei viktigaste regionale satsingsområda som er:

  • Trivsel
  • Verdiskaping
  • Regional vekst

Til kvart satsingsområde er det formulert 4 – 5 strategiar som skal fremje trivsel, verdiskaping og regional vekst i fylket.

Regjeringa trur dei ulike strategiane vil kunne vera med på å fremje ei ynskt utvikling av Møre og Romsdal fylke og å styrke fylket som regional utviklingsaktør, og at fylket følgjer opp dei utfordringane som er lagt til grunn for desse strategiane. Regjeringa ser det som heilt naudsynt at strategiane blir følgt opp gjennom program, handlingsplanar og partnarskap.

Som grunnlag for strategiplanen er det utarbeidd eit utfordringsdokument for Møre og Romsdal fylke der målet er: ” Å utvikle vekstkraftige regionar for å sikre bulyst og verdiskaping”, og som med følgjande gjennomgåande perspektiv

  • Det unike Møre og Romsdal
  • Attraktivitet og tilflytting
  • Ungdom

Dei utfordringane som vert lagt til grunn er innanfor følgjande tema:

  • Kultur
  • Folkehelse
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Energi
  • Kompetanse og utdanning
  • Næringsutvikling
  • Infrastruktur og samferdsel
  • Areal
  • Vekstkraftige regionar

Utfordringsdokumentet gjev etter regjeringa sitt syn ei god skildring av mange dei ulike utfordringane Møre og Romsdal står over for dei næraste åra. Dei ulike tema vert på god og oversikteleg måte framstilt gjennom historiske data, skildringar av den noverande stoda og kva slag forventningar som fylket har til framtida.

Strategiplan og utfordringsdokumentet i fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010 følgjer opp helseutfordringane som er vektlagt i St.meld. nr. 16(2002 – 2003). Dei overordna måla for folkehelsepolitikken er fleire leveår med god helse i befolkninga og reduserte helseforskjellar mellom etniske grupper, sosiale lag og mellom kvinner og menn. Regjeringa merkar seg at det er laga strategiar for eit heilskapeleg og systematisk arbeid, sektorovergripande samarbeid og handlingsretta innsats i partnarskap med fleire byggjande krefter for å skapa trivsel og helse for den einskilde.

Fylkesplanen synest å ta vare på barne- og ungdomspolitiske målsettingar og synest på ein god måte å innsjå trongen for brei medverknad og deltaking frå barn og unge på lokalt og sentralt nivå i fylket. Når det skal arbeidast med målet om vekstkraftige regionar i fylket og verkemidlar skal formast ut, bør fylket vurdere om ungdomen si deltaking i kommuneplanlegginga i det sentrale fylkesplanarbeidet er tilstrekkeleg eller om ein bør legge til rette for sterkare medverknad frå ungdom på regionnivå.

Regjeringa vil syne til Handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne - plan for universell utforming innan viktige samfunnsområde. Handlingsplanen er femårig (2005-2009) og syner korleis staten vil samle og styrke innsatsen for å gi alle innbyggarar likeverdige muligheiter til å være aktive i samfunnslivet. Fylket vert oppmoda om å finne høvelege samarbeidsformer for å fremme universell utforming og auka tilgjenge både på fylkesnivå og i høve til kommunane.

Regjeringa meiner at samferdslepolitikken slik den er presentert i fylkesplanen i hovudsak er i tråd med den nasjonale politikken. Det vert her vist til Soria Moria-erklæringa med vektlegging på auka trafikksikkerheit, meir miljøvenleg transport, regional utvikling og eit effektivt og tilgjengeleg transportsystem for heile landet. Det vert og synt til Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 24(2003 – 2004)Nasjonal transportplan for perioden 2006 – 2015 og at dette vert følgd opp i prioriteringar og tiltak innanfor samferdslesektoren i Møre og Romsdal fylke.

Regjeringa meiner det er positivt at ein har lagt vekt på areal som ei utfordring i fylkesplanarbeidet og viser til dei arealpolitiske føringane i St.meld. nr 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Noreg skal følgje opp Den europeiske landskapskonvensjonen med mål om å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap. Ein skal sikre og utvikle miljøkvalitetar i landskapet gjennom auka kunnskap og medveten planlegging og arealpolitikk. Endringane i landskapet vil ha følgjer for framtidig næringsutvikling og busetting. Dette vil vere sentrale utfordringar i arbeidet med energiprogrammet og med reiselivsprogrammet.

Programsatsingar

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010 skal følgjast opp gjennom konkrete prosjekt, handlingsprogram, partnarskapsavtalar og tiltak som etter regjeringa sitt syn er turvande for å få gjennomført planen

Døme på slike programsatsingar er:

  • Energiprogram for Møre og Romsdal
  • Program for entreprenørskap
  • Reiselivsprogrammet

Dei ulike programma har egne mål og budsjett for gjennomføring.

Det er og sett i gang arbeid med program for samfunnstryggleik og beredskap, program for samferdsel og vekst i Møre og Romsdal og eit program for ung i Møre og Romsdal.

Regjeringa ser med interesse på Møre og Romsdal fylke sitt arbeid med dei ulike programsatsingane mellom anna for å hindre alvorlege fjellskred, samferdsla si rolle i fylket og arbeidet med ungdom i arbeidsliv, utdanning, kultur og fritid. Regjeringa ser arbeidet med dei ulike programsatsingane som interessante og turvande i arbeidet med å utvikle vekstkraftige regionar for å sikre bulyst og verdiskaping i Møre og Romsdal.

Energiprogram for Møre og Romsdal

Utgangspunktet er eit stort og veksande underskot på el-kraft.

Tema for energiprogrammet er:

  1. CO 2-verdikjeda. Separere ut CO 2 frå gasskraftverk, nytte denne til auka oljeutvinning/EOR).
  2. Auka bruk av naturgass. Stimulere til auka bruk innan energiproduksjon og industriell bruk.
  3. Fornybare energikjelder og energieffektivisering. Stimulere til auka produksjon betre planlegging og auka satsing på ENØK.

Regjeringa støttar opp om arbeidet med å separere ut CO 2 frå gasskraftverk og å stimulera til auka bruk av naturgass. Regjeringa er vidare oppteken av å satsa på fornybare energikjelder og energieffektivisering som ikkje kjem i vesentleg konflikt med natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressene med tanke på å betre miljøet og redusera utslepp av klimagassar.

Program for entreprenørskap

Møre og Romsdal har eit næringsliv der eksportindustrien står svært sterkt mellom anna innan maritim industri, marin og møbel og som er viktig for verdiskapinga i fylket og for nasjonen Noreg.

Regjeringa ser det difor som formålsteneleg Møre og Romsdal fylke satsar på arbeidet med entreprenørskap gjennom å få fram prosjekt med vekstpotensiale og at dette vert synleggjort gjennom einskapleg informasjon.

Reiselivsprogrammet

Fylket ynskjer å satse på innovasjon i reiselivet gjennom betre tilgjenge, produktutvikling, vidareutvikling av verdsarvområdet Geiranger og å profilere og marknadsføre fylket på ein betre måte.

Regjeringa ser det slik at Møre og Romsdal har fleire unike reiselivprodukt som det er verd å ta vare på og utvikle i ein internasjonal samanheng og støttar difor opp om dette arbeidet.

Kulturminne og kulturmiljø må i større grad takast i bruk for å utvikle levande lokalsamfunn og vere ressursar for verdiskaping i næringslivet. Strekninga frå Bud til Kristiansund vart i mars valt ut som eit av tre pilotprosjekt innanfor Miljøverndepartementet sitt verdiskapingsprogram på kulturminneområdet. I dette prosjektet ynskjer ein å ta utgangspunkt i ein heilskapleg satsing på kysten sin kulturarv og landskap. Verdiskapinga er knytt til reiselivsnæringa og støttenæringar til denne. Prosjektet vil kunne bidra til lokale arbeidsplassar og positiv stadsutvikling i mange lokalsamfunn. Regjeringa vil følgje prosjektet og verdiskapingsprogrammet med interesse.

Regjeringa vil leggje fram ein handlingsplan for berekraftig bruk og skjøtsel av nasjonalparkar og anna verneområde ved årsskiftet 2006/07. Handlingsplanen skal klarlegge tiltak for å styrkje forvaltning og skjøtsel av verneområda våre og legge rammer for verksemd i og knytt til verneområde. Vidare skal ein utgreie korleis ein kan nytte verneområda betre til lokal og regional næringsutvikling og verdiskaping innanfor ramma av norsk vernepolitikk.

Avslutting

Det vert gjort merksam på at godkjenninga av fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2008 ikkje inneber konkret ressursbruk. Prioritering og tildeling av ressursar vert følgd opp gjennom dei årlege budsjettprosessane. Det vert føresett at fylkeskommunen tek kontakt med gjeldane statlege styresmakter for å sikre gjennomføringa av planen sine strategiar og tiltak.

Miljøverndepartementet

tilrår

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010, vedteke av fylkestinget 13. -15. juni 2005, vert godkjent i medhald av plan- og bygningslova sin § 19-4, med dei merknader og atterhald som er nemnt i Miljøverndepartementet sitt foredrag i saka.