Kgl. res. 22.03.02 - Hordaland - Godkjenning av fylkesplan 2001-2004

Kongeleg resolusjon 22.03.02

Godkjenning av fylkesplan for Hordaland 2001-2004

1. Innleiing

Fylkesplanen i Hordaland er tufta på sentrale element i samfunnsutviklinga som livskvalitet, demokrati og ungdom. I tillegg er vestlandssamarbeidet og regionalt leiarskap nemnd som spesielt viktige område. Desse elementa skal vere overbyggjande for arbeidet vidare.

Dei sentrale elementa vert handsama i 6 programområde med mål, retningsliner og handlingsprogram.

Programområda er:

  1. Bruk og vern av areal, miljø og naturressursar
  2. Senterutvikling
  3. Utbyggingsmønsteret i Bergensregionen
  4. Hordaland som eitt transportfylke
  5. Kunnskapsfylket Hordaland
  6. Informasjonsteknologi i regionalt perspektiv

Regjeringa vil gje fylkeskommunen konkret tilbakemelding på mål, retningsliner og handlingsprogram for kvart programområde.

Bruk og vern av areal,- miljø og naturressursar

Topografien i Hordaland gjer at areal som er høveleg til utbygging er avgrensa. Dette inneber eit stort press på dei mest attraktive areala i det smale låglandsarealet langs sjøen. I desse områda kjem næringsutvikling, utbygging av bustadsområder og infrastruktur til transport lett i konflikt med landbruk, kulturminner, friluftsliv og biologisk mangfald.

Regjeringa sluttar seg til både mål og retningslinene for programområdet som omhandlar effektivisering av arealbruken for å utnytte naturgjevne ressursar til næringsutvikling, samstundes med vern. Planlegging og dispensasjonspraksis må vurderast ut frå dei lokale/regionale forholda og den faktiske situasjonen for friluftsliv, naturverdiar, landskap og kulturmiljø. Regjeringa viser til at det er lagt fram ei stortingsmelding om friluftsliv og ei om biologisk mangfald som utdjupar omsynet til desse interessene. Fortetting er fornuftig, men føreset bevaring av god lokal grønstruktur. I prosessen med utvikling av ein differensiert arealpolitikk, meiner regjeringa at det er viktig med eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen, statsetatane og kommunane, der òg næringslivet er aktive medspelarar.

Hordaland er eit fylke som har eit storbyområde med stor vekst, og eit omland som i nokon grad har stagnasjon og tilbakegang i folketalet. Regjeringa har som eit viktig mål å fremme ei balansert regional utvikling for heile landet, og måla til fylkeskommunen om eit desentralisert Hordaland med busetnad og arbeidsliv i heile fylket, samsvarar med stortingsmeldinga om regional- og distriktspolitikken.

Fylkeskommunen ønskjer at kommunar som er trua av fråflytting, enklare skal kunne frådele tomter. Regjeringa understrekar at dette kan undergrave ønska om å styrke sentrumsområda i kommunar og regionar for å motverke fråflytting. Det er nyleg sett i verk eit tettstadsprogram der målet er å styrke tettstadene for å skape ein identitet og ein attraktivt tettstad. Sidan tettstadene inngår i regionale arbeids-, bustad og service regionar, må ein sjå tettstadene i samanhang. Regjeringa meiner spørsmålet om enklare frådeling av tomter i område trua av fråflytting, må omtalast i den kommande planen om senterstruktur som blir utarbeidd pga. ”kjøpesenterstoppen”.

Fylkeskommunen har vedteke ein plan for vindkraft og ein plan for kystsona. Desse vil i prosessen med godkjenning bli sett i samanheng med fylkesplanen for Hordaland. Det vidare arbeidet med vern av natur i kystsona vil skje i samsvar med stortingsmelding 43 (1998-1999) om vern og bruk i kystsona. Som ein del av dette har ein starta arbeidet med ein nasjonal marin verneplan.

Regjeringa har merka seg fylkeskommunen si fokusering på fiskeri- og havbruksnæringa, og kor viktig fylkeskommunen meiner tilrettelegging for vidare utvikling av næringa er for fylket. Regjeringa meiner Hordaland har peika på ei viktig utfordring for vidare utvikling av fiskeri og havbruksnæringa, nemleg det å legge til rette for at ein kan ta i bruk fylket sine naturgjevne føresetnader som sjøområde og marine ressursar for å auke verdiskapinga frå næringa.

Regjeringa legg vekt på at Forsvaret si verksemd går inn som ein naturleg og integrert del av all kommunal og fylkeskommunal arealplanlegging. Strukturomlegginga vil halde fram i planperioden med m a reduksjonar, kassasjon og avhending. Det er særs viktig å syte for at militære einingar har gode og høvelege øvingsareal, til lands og i kystnære strok, også for ny teknikk og nye våpentypar.

Senterutvikling

Fylkesplanen trekk opp ein del moment i samband med senterstruktur, og fylkeskommunen skal koma tilbake med meir utfyllande analysar og retningsliner for senterstrukturen i fylket. Alle fylker må ha ei bevisst haldning til senterstrukturen for å styrke eksisterande by- og tettstadsenter – og unngå unødig byspreiing.

Regjeringa meiner at retningslinene for senterstrukturen stort sett er eit godt utgangspunkt for vidare analysar. Regjeringa har ei merknad til retningslina som gjeld dyrka jord. Når det gjeld pkt. 2.5 i retningslinene syner ein til at jordvernpolitikken i Noreg er innretta mot å ta vare på jordressursene, med særleg vekt på dei areala som har best potensial for produksjon. Det er ikkje nasjonal politikk å stimulere til nydyrking.

Måla for programområdet er gode, men det er noko uklårt kva fylkeskommunen meiner om senterutvikling i tilknyting til trafikknutepunkt. Regjeringa presiserer at vidare utvikling kan gå føre seg i tilknytning til trafikknutepunkt, dersom det dreier seg om knutepunkt for kollektivtransporten, og desse ligg i sentrum av byar og tettstader.

Utbyggingsmønsteret i Bergensregionen

Bergen by brukar mest i Noreg av tettstadsareal til vegformål, arealformål og energiforbruk pr. innbyggjar. Dette har mellom anna ført til at 95000 av Bergens 323000 innbyggjarar er utsett for helsefarleg forureining frå vegtrafikken. Fylkesplanen identifiserer at spreidd arealbruk, slik som utbygginga i den sørlege delen av Bergen på begge sider av Flyplassvegen er døme på kva problem som oppstår når det ikkje er samanhang mellom arealutvikling og heilskapleg transportplanlegging. Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sine målsetjingar om utforming av ein differensiert arealpolitikk, der ein førar ein meir effektiv arealbruk innafor byggjesona i byar- og tettbygd område, samtidig som ein vernar om viktige kultur og naturområde.

Overordna planer bør definere både hovudtrekka i grønstrukturen og utbyggjingsmønsteret med senterstruktur og transportsystemet med kollektivaksar, d.v.s. at ein bør leggje same vekt på samanhengjande grønstruktur som på infrastruktur. Det er viktig at ein sikrar at det ved bustader, skuler og barnehagar skal vere godt høve til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengjande grønstruktur med godt samband til naturområde omkring. Regjeringa peiker i denne samanhengen og på kor viktig det er å leggje til rette for sykling.

Regjeringa oppmoer til eit nært og forpliktande samarbeide mellom kommunane i fylket og fylkeskommunen når det gjeld utforminga av arealpolitikken. Arealbruk langt utanfor Bergen har stor innverknad for Bergens trafikk og miljøproblem. Avhengigheit mellom areal og transportsystema gjer at tverrsektoriell regional planlegging i funksjonelle bustad- og arbeidsmarknadsområde er ein god måte å sjå på utfordringane for utvikling av berekraftig transport, næringsliv- og arealutvikling i byområda. Kommunane sine ønskje om vekst må vere tilpassa det regionale behovet. Regjeringa meiner det er positivt at Hordaland fylkeskommune legg ABC-prinsippa for lokalisering av ulike verksemder til grunn i utviklinga av eit funksjonelt utbyggingsmønster.

Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sin retningsline om å unngå spreidd utbygging av einskildtomter i vekstkommunar, og meiner at fylkeskommunen i dette spørsmålet må vere restriktive, sjølv om føremålet er å utnytte eksisterande infrastruktur.

Auka tilflytting til Bergensregionen skaper ekstra press på bustadmarknaden. Dette gjer det naudsynt med auka bustadbygging for å legge til rette for å løyse mellom anna dei bustadsosiale problema. Kommunane har eit ansvar for å nytte tilgjengelige verkemiddel og arbeide for ein betre balanse i arbeids-, bustads-, og tenestemarknadene i Hordaland. Regjeringa legg vekt på at dette arbeidet bør vurderast i lys av etableringsproblema, ikkje berre for dei unge, men og for andre vanskelegstilte. Dette er sers viktig for å møte tendensane med opphoping av dårlege levekår og ein einsidig befolkningssamansetning slik som det er omtala i Utjamningsmeldinga.

Når det gjeld utviklinga i bygge- og tomtekostnader har Bergensregionen, som dei andre pressområda, store utfordringar. Her har Husbanken sett i verk ekstraordinære tiltak for å auke bustadbygginga. Låneutmåling, arealkrav og pris og kostnadsgrenser er tilpassa den aktuelle marknadssituasjonen i desse områda.

For å finansiere utvikling og fornying av by- og bustadområde, må kommunane aktivt utnytte dei verkemiddel som ligg føre frå statens side, men og sjølv nytte sine eigne ressursar av finansiell og fagleg karakter.

Regjeringa viser til prosjektet om verkemiddel for betre arealutnytting i byer og tettstader. Arealpolitikken må legge opp til ein god balanse mellom areal til bustader og næringsliv, og areal for næringslivet må verte disponert slik at det gir rom for omstilling.

Regjeringa har og som mål at alle som ønskjer det skal få barnehageplass til barna sine. Barnehagene har sin naturlege plass i bustadområda. Det er viktig at barnehagar og andre offentlege institusjonar for barn og unge er med i arealplanlegginga av nye bustadområde.

Hordaland som eitt transportfylke

Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sine mål for programområdet, med heilskapleg planlegging av arealbruk og alle typar transport for heile Hordaland, og med spesiell fokus på fortetting og kollektivtransport i pressområde.

Nasjonal transportplan (NTP) omtalar heilskaplege strategiske areal- og transportplanar som viktige grunnlag for politiske prioriteringar innan samferdselssektoren. I etterkant av Stortinget si handsaming av NTP, er det utarbeidd sektorvise handlingsprogram som m.a. inneheld meir konkrete investeringsplanar for perioden 2002-2011. I rulleringa av NTP, legg ein fram dei strategiske areal- og transportplanane som fylkeskommunane og byane utarbeider. I utarbeidinga av handlingsprogramma blir det lagt meir vekt på desse enn tidlegare.

Igangsetjing av prosjektet dobbeltspor Bergen – Arna er prioritert i NTP 2002-2011. Dette gjer at Bergen kommune i samarbeid med Hordaland fylkeskommune har høve til å etablere ein effektiv forstadsbane mellom Bergen og Voss, og byggje ut områda rundt stasjonane på ein måte som gjer at ein kan redusere transportbehovet. Regjeringa legg til grunn at Hordaland satsar på ei arealutvikling som byggjer opp under desse investeringane.

Bergen kommune har søkt om å få prøveby-status der dei får ansvar for drifta av kollektivtransporten. Med bakgrunn i Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan vil Samferdsledepartementet legge til rette for forsøk med endra organisering av transportsektoren i byområde. Føremålet er å samordne ansvaret for areal- og transportplanlegginga slik at lokale styremakter får ansvaret for midlar til lokal veg- og kollektivtransport, investeringar, drift og vedlikehald over ein tidsperiode. Samferdsledepartementet har no invitert mellom anna Bergen kommune samt Hordaland fylkeskommune til å prøve ut alternative modellar for transportsystemet si forvaltningsorganisering i byområdet. Om det er aktuelt at fylkeskommunen tek over statens ansvar for kjøp av transporttenester for lokal og regiontogtrafikken i Hordaland, blir vurdert som ein del av forsøksordninga.

Fylkeskommunane si rolle i regional samferdsle blir styrka mellom anna gjennom avgjerande fylkeskommunal innverknad på prioriteringar av investeringsramma til riksvegar unntatt stamvegar, så sant desse er innanfor føringar fastlagt av Stortinget og departementet jfr. Oppgavefordelingsmeldinga.

Regjeringa gjer fylkeskommunen merksam på at EU nyleg har vedteke langt strengare krav til lokal luftkvalitet, som også vil gjelde i Noreg. Krava til luftkvalitet skal gjelde overalt, og tiltak skal rettast mot kjelda. Krava skal gjelde frå 2005, og kan få konsekvensar for planlegging av areal og større infrastrukturprosjekt i Bergensregionen.

Hamnene i Hordaland er viktige spesielt for næringslivet sine transportar. Regjeringa er positive til at Hordaland vil arbeide for ein heilskapleg hamneplan med eit regionalt og fylkesoverskridande perspektiv. Dette vil kunne bidra til effektive hamner som blir eit verkemiddel for utvikling av robuste regioner for næringsliv og busetting. Vidare ser regjeringa det som positivt at Hordaland ønskjer å effektivisera transporten ved å knyte veg, sjø, luft- og jernbanetransport saman i gode, intermodale transportknutepunkt.

Kunnskapsfylket Hordaland

Hordaland ønskjer å vere eit framtredande kunnskapsfylke som styrkar heile Vestlandsregionen. Handlingsprogrammet rettar seg difor særleg mot høgare utdanning og forsking og mot samspelet mellom desse områda og næringslivet og offentleg sektor.

Regjeringa viser til at ansvaret for vidaregåande opplæring gjennom opplæringslova er lagt til fylkeskommunane. Regjeringa reknar difor med at sjølv om Hordaland prioriterer høgare utdanning og forsking i planperioden, så vil fylkeskommunen og ha fokus på å vidareutvikle kvaliteten i den vidaregåande opplæringa i fylket.

Ein har merka seg at sjølv om kvalitetssikring av arbeidsmiljøet for elevar er nemnd som eit satsingsområde under måla innan programområdet, så er det ikkje teke med noko eige handlingsprogram for dette arbeidet.

Ein har og merka seg at det vil bli oppretta ein eigen forsøksklasse innan vidaregåande opplæring der ein satsar på individuell tilpassing for dei elevane som ikkje finn seg til rette i det ordinære utdanningsopplegget. Regjeringa minner i den samanhengen om at etter §1-2 i opplæringslova skal all vidaregåande opplæring tilpassast evnene og føresetnadene hos den einskilde som skal ha opplæring.

Informasjonsteknologi i regionalt perspektiv

Hordaland har som mål å bruke informasjonsteknologi for å gjere offentlege tenester til innbyggjarar og næringslivet betre, i tillegg til at informasjonsteknologien skal vere tilgjengeleg for alle. Fylkeskommunen tek ansvar for å samordne utbyggjinga av dei elektroniske vegane.

Regjeringa meiner at informasjonssamfunnet legg til rette for desentralisert næringsutvikling på Vestlandet og kan ved godt samarbeide mellom aktuelle aktørar bli ei motvekt til sentralisering på Austlandet. Regjeringa meiner at fylket sine mål for informasjonsteknologi i eit regional perspektiv er i tråd med regjeringa sin eNorge plan.

Både fordelinga av tenesteproduksjon og tilhøyrande arbeidsplassar, og utflytting av oppgåver og funksjonar og arbeidsplassar frå Osloområdet, vil stå sentralt i den statlege lokaliseringspolitikken. Når staten oppretter nye verksemder, vil regjeringa generelt leggje til grunn at nye statlege oppgåver skal lokaliserast utanfor Oslo. Unntak frå dette prinsippet skal ein handsae særskilt. Kriteria for lokalisering av statlege verksemder og tenester er knytt til behovet publikum har for tilgang til tenesta, tilgang på infrastruktur, nærleik til andre offentlege styresmakter og forskingsmiljø osb. I tillegg kjem verksemdene sine kompetansebehov, og krav om å drive effektivt.

7. Avslutning

Ein gjer merksam på at godkjenninga av fylkesplanen for Hordaland ikkje omfattar konkret ressursbruk. Prioritering og tildeling av ressursar vert fylgt opp gjennom dei årlege budsjett­prosessane. Det føreset at kommunen tar kontakt med involverte statlege styresmakter for å sikre at strategiane og tiltaka i planen blir sett i verk.

Regjeringa vil streke under § 19-6 plan- og bygningslova, der det heiter at fylkesplanen skal bli lagt til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere rettleiande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova legg til grunn at statlege organ som ønskjer å fråvike føresetnadene i ein godkjent fylkesplan skal ta dette opp med fylkeskommunen sine planstyresmaktene. Dersom fylkes­kommunen og vedkommande sektorstyresmakter ikkje blir samde, skal ein ta saka opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Miljøverndepartementet
tilrår:

Fylkesplan for Hordaland, vedtatt av Hordaland fylkesting 08.12.99, blir godkjent i medhald av § 19-4 i plan- og bygningslova, med dei merknader og atterhald som er nemnt i Miljøverndepartementets foredrag i saka.