Klage på vedtak om avslag på søknad om tilskott frå Norsk kulturminnefond - Visningssenter Mylnå 2, Volda kommune, Møre og Romsdal
Brev | Dato: 10.03.2015 | Klima- og miljødepartementet
Mottakar: Mylnå Eigedom AS, Postboks 104, 6101 VOLDA
Vår referanse: 5/116
Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering kome til at det ikkje ligg føre feil ved rettsbruken eller ved sakshandsaminga som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova (fvl) § 41.
Klima- og miljødepartementet syner til dykkar brev datert 2.7.2014, med klage på Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 28.5.2014, om ikkje å gi tilskot til tiltak på Visningssenter Mylnå 2.
Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering kome til at det ikkje ligg føre feil ved rettsbruken eller ved sakshandsaminga som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova (fvl) § 41. Departementet har heller ikkje merknader til kulturminnefondet si skjønnsutøving i saka. Klima- og miljødepartementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 28.5.2014.
Klaga er ikkje teken til følgje.
Bakgrunn
Mylnå Eigedom AS v/ Elias Moe søkte 30.10.2013 om tilskot på kr 750 000 frå Norsk kulturminnefond til nytt tak på møllebygget frå 1937, nye vindauge, nytt tak inkludert tilbakeføring på tilbygg frå 1984 og gjenoppføring av pipe.
Fondet har avslått søknaden i vedtak av 28.5.2014. Grunngjevinga for avslaget er at tiltaka ville redusere bygningen sin kulturminneverdi betydeleg. Vedtaket vart påklaga av Mylnå Eigedom AS v/ Elias Moe (klagar) i brev datert 2.7.2014. Klaga er sendt innafor fristen, jf. fvl § 29. Søkar sendte fondet ei justert søknad, i brev datert 18.9.2014, der tiltaka på tilbygget er tatt ut og summen på søknaden er redusert til kr 500 000. Norsk kulturminnefond har behandla klaga, og den justerte søknaden, og held fast på sitt vedtak om avslag. Klaga er difor sendt til Klima- og miljødepartementet for handsaming i brev datert 12.1.2015.
Departementet har ikkje motteke merknader frå klagar til Fondet si oversending.
Klagar sine merknader, jf. bred datert 2.7.2014
Klagar viser til at Mylna Eigedom fekk tildela kr 217 000 til nytt tak over møllebygget i 2013. Den gongen gjorde klagar fondet merksam på at ikkje heile kostnaden til taket vart med i fondet sitt kostnadsoppsett. Han fekk til svar at han kunne søkje om støtte til resten av kostnadene ved taket, og andre tiltak, i neste søknadsomgang, men at det var ein føresetnad at det innvilga prosjektet ikkje kunne settast i gang før behandling av denne andre søknaden. Klagar tok sjansen på å vente med istandsetting av taket, sjølv om dette medførte tapte leigeinntekter.
Vedlegg til klage, datert 18.9.2014
I samband med klaga kom fylkeskommunen med ei fråsegn der den anbefalte at tilbakeføring av tilbygget blei tatt ut av prosjektet. Klagar har følgt opp dette rådet og sendte fondet eit vedlegg til klaga, datert 18.9.14, der beløpet det søkast om er redusert til kr 500 000, og berre gjeld sjølve møllebygget. Søknad om støtte til resterande arbeider på hovudbygget er oppretthaldt.
Norsk kulturminnefond sine merknader, jf. brev datert 12.1.2014
Fondet gjer merksam på at det er forskrifta si heimel om at tilskott som hovudregel ikkje gis til tiltak som er satt i gang på vedtakstidspunktet, som er bakgrunnen for at klagar fekk beskjed om å ikkje nytte seg av tilskotet til tekking av taket han fekk innvilga i 2013, før eventuell ny søknad om det resterande beløpet for tiltaket vart behandla i 2014.
Fondet understrekar at tilskottet, som ble gitt i 2013, ble gitt til tekking av taket på møllebygningen, og syner til at det den gongen vart presisert at fondet ikkje støtta skifte av vindauge, ombygging og tekking av tilbygg og gjenoppføring av pipe. Fondet syner også til at det i sakshandsamingsskjemaet frå 2013 ”… anbefales for eventuelle framtidige søknader at en vurderer muligheten for restaurering av vindu framfor utskifting”. Klager anbefalast også ”…å ta kontakt med Kulturminnefondet for å drøfte mulighetene for tilskudd til tilbakeføring av tilbygg og gjennoppføring av pipe.” Fondet skriv at klagar ikkje tok kontakt med fondet for søknad i 2014.
Søknaden er vurdert på fagleg grunnlag, og fondet skriv at det først og fremst er tiltaka sin verknad på bygningen sin kulturminneverdi som er årsaka til avslaget. Grunngjevinga er at ei så vidt omfattande tilbakeføring, etter fondet si meining, er ein rekonstruksjon som ikkje kan anbefalast korkje frå ein miljømessig ståstad eller etter antikvariske prinsipp. På grunn av stor søkarmasse i forhold til tilgjengelege tilskottsmidlar, må fondet kvart år foreta ei streng prioritering mellom prosjekta. Det er ikkje kome til nye moment som gjer grunnlag for å endre avgjerda. Fondet har difor etter ei ny skjønnsmessig vurdering av alle sider av saka funnet at det ikkje er grunnlag for å prioritere søknaden. Fondet kan ikkje sjå at det er feil i sakshandsaminga som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. fvl § 41.
Klima- og miljødepartementet sine merknader
I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sider av saka og ta omsyn til nye moment, jf. forvaltningslova § 34 anna ledd. Departementet skal i handsaminga av klagesaka vurdere synspunkta klagar fremmer.
Etter gjeldande forskrift for Norsk kulturminnefond, revidert 1.10.2013, kan vedtak i saker om fordeling av midlar frå fondet påklagast til Klima- og miljødepartementet, på grunnlag av feil i sakshandsaminga eller ved rettsbruken.Departementet kan også overprøve fondet si skjønnsutøving.
Fondet har grunngjeve vedtaket om avslag i at dei bygningsmessige tiltaka på møllebygningen har ein uheldig verknad på kulturminneverdiane i anlegget. Fondet har difor ikkje funne grunn til å prioritere gjeldande prosjekt i konkurranse med andre. Departementet har ingen merknader til Norsk kulturminnefond si faglege skjønnsutøving.
Departementet kan ikkje sjå at det er feil i rettsbruken eller ved sakshandsaminga som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. fvl § 41.
Av denne grunn blir klaga ikkje teken til følgje.
Med helsing
Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør
Bengta Ryste
rådgjevar
Kopi til:
Norsk kulturminnefond Pb 253 Røros 7361 RØROS