Klart språk - eit felles ansvar
Brev | Dato: 25.05.2009 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Mottakar:
- Statsministeren
- Alle statsrådar
Vår referanse: 200801799
Brev fra fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys om prosjektet "Klart språk i staten".
Gode kollegaer,
Eg vil med dette orientere dykk om prosjektet "Klart språk i staten" som eg nett har
sett i gong. Deltakarane på regjeringa sin innbyggjarkonferanse i 2007 gav ei klar
melding til oss: Staten må skrive så vi forstår!
Ei publikumsundersøking i år syner dessutan at 1,3 millionar nordmenn har problem
med å fylle ut offentlege skjema. Ein halv million hadde vanskar med å forstå det siste brevet dei fekk frå det offentlege. Dette var før vi skal forklare innhaldet i
pensjonsreforma. Ein innbyggjar har sendt inn eit døme på korleis språket er i dag:
«Dersom du fra fylte 65 år går over fra en folketrygdberegnet AFP til AFP beregnet etter reglene for alderspensjon i samme kalenderår, vil du ved AFP-oppgjøret få inntekten i hele kalenderåret vurdert opp mot toleransegrensen. Inntekten fordeles over 12 måneder. Pensjonen blir så redusert for utbetalingsmånedene frem til den dag pensjonen ble omregnet.»
Språket kan verte klarare og betre. Dette gjeld store og små saker og i all skrifteleg korrespondanse. Pensjon er berre eitt døme - vi har ei mykje breiare utfordring. Eg meiner at klart språk er med å tryggje demokratiet og styrkje tilliten til staten. Dessutan aukar effektiviteten - av di det er mindre arbeid når brev og informasjon vert oppfatta slik det er tenkt. Dette må vi gjere noko med, og difor treng eg hjelp frå dykk.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet arbeider saman for å hjelpe alle statlege verksemder i gong med dette arbeidet. Dei har mellom anna laga ei
verktykasse på nett: www.klarspråk.no. Her finn de gode hjelpemiddel for arbeidet med klart språk. Dei kjem gjerne til departementa og presenterer prosjektet nærare. Ta kontakt med Difi (prosjektleder Sissel Motzfeldt, tff. 22 45 11 68 eller
prosjektmedarbeidar Anniken Willumsen, tff. 22 45 11 03) eller mine folk i FAD (Terje Dyrstad, tlf. 2224 4975, eller Cæcilie Riis, tff. 2224 4815).
Til hausten vil vi spørje innbyggjarane om korleis dei oppfattar offentleg informasjon og skjema. Denne store innbyggjarundersøkinga vil gje oss informasjon om kva dei meiner om språket frå stat og kommune. Når vi så spør dei seinare om det same, kan vi sjå om arbeidet med dette prosjektet har gitt resultat.
Departementa er toppen av byråkratiet, og nett difor er det viktig at vi går føre som
gode døme. Eg vil oppfordre alle om å syte for klart språk i eige departement og i eigen sektor. Send dette brevet gjerne vidare til dykkar underliggjande etatar.
Med helsing
Heidi Grande Røys
PS: Nynorsk og bokmål er likestilte målføre i prosjektet. Eg vil sende ein spesiell
oppfordring om å syte for at nynorsken blir løfta fram. DS.
Kopi:
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Språkrådet