Kommunane Sola, Stavanger og Sandnes - motsegn til parkeringsføresegner i interkommunal kommunedelplan for Forus
Brev | Dato: 07.06.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Mottakar: Statsforvaltaren i Rogala
Vår referanse: 23/6237
Kommunal- og distriktsdepartementet endrar parkeringsføresegnene til inter-kommunal kommunedelplan for Forus. Departementet har lagt vekt på at tal på parkeringsplassar vil vere avgjerande for bilandelen for persontransport til og frå Forus, og at ein ikkje bør tillate ei høgare parkeringsdekning på Forus enn det som følger av dei nye planføresegnene i Regional plan for Jæren og Søre Ryfylke. Motsegnene frå Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland er tekne til følgje.
Bakgrunn
Interkommunal kommunedelplan for Forus blei sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Rogaland 13. desember 2023, grunna uløyst motsegn frå statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune. Motsegnene gjeld parkeringsføresegnene i den interkommunale kommunedelplanen for Forus. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 om motsegnene skal takast til følgje.
Planarbeidet starta etter initiativ frå Rogaland fylkeskommune, med bakgrunn i regional planstrategi 2012-2016 og vedteken Regionalplan for Jæren 2013-2040. Kommunane Sola, Stavanger og Sandnes har felles kommunegrenser innanfor Forus næringsområde, og har eit felles ansvar for å handtere planutfordringane i området gjennom heilskaplege planløysingar. Ein viktig del av utfordringsbiletet for planarbeidet var at dei reisande til og frå Forus næringspark, som har om lag 40.000 arbeidsplassar, i stor grad er avhengige av å køyre bil. Målet for den interkommunale kommunedelplanen for Forus er å styrke eit mangfaldig tilbod av næringsverksemd og næringsareal. Kontorverksemdene skal samlast i eit kjerneområde med bussveg-, gonge- og sykkelvegforbindingar. Ny parkeringsnorm var blant verkemidlane for å oppnå strategien om å auke bruken av miljøvenlege transportformer. Eit langsiktig mål for planen er å bidra til reduserte klimagassutslepp i samsvar med Byvekstavtalen for Nord-Jæren. Hovudinnsatsen skal rettast mot effektive og miljøvenlege energi- og transportløysingar. Eit sentralt verkemiddel for å oppnå dette er at planen skal sikre ei endra reisevalfordeling gjennom ei bevisst lokalisering av verksemder og ved å leggje til rette for auka gonge, sykkel og kollektivreiser. Om parkering seier planen at det i dag er overkapasitet på parkeringsareal, og at eit lavt tal parkeringsplassar ved nybygg vil ha liten verknad på det samla parkeringstilbodet.
Kommunane Sandnes, Stavanger og Sola vedtok den interkommunale kommunedelplanen i 2023. Motsegnene frå både statsforvaltaren og fylkeskommunen gjeld vedtak i kommunane om å tillate ei parkeringsdekning på maksimalt 0,9 parkeringsplassar per 100 m2 BRA for alle typar føremål enn bustad, jf. føresegn 1.9 i interkommunal kommunedelplan for Forus.
Rogaland fylkeskommune vedtok i fylkesutvalsmøte den 12. mars 2019 å fremje motsegn mot parkeringsføresegna til Forus. Fylkeskommunen meiner at parkeringsføresegner høgare enn 0,5 parkeringsplassar per 100 m2 BRA for nye område vil vere i strid med nullvekstmålet.
Fylkeskommunen sende den 3. januar 2024 supplerande merknader til saka. Fylkeskommunen viser til Regional plan for Jæren og Søre Ryfylke, som har nedfelt ein arealstrategi kor Forus er ein del av dei definerte regionale næringsområda som skal vidareutviklast slik at dei byggjer opp under hovudforbindingane for kollektivtransport og transportnettet for sykkel og gonge. I Bymiljøpakka er det investert i omfattande og kostnadskrevjande prosjekter for miljøvenleg transport, kor særleg etableringa av bussveg og sykkelstamveg vil bety mykje for Forus. Dei viser til at bilandelen av transporten for arbeidsplassane på Forus er svært høg, og at trafikkveksten både utfordrar vedtekne miljømål og fører til at kapasitetsgrensa på vegnettet overskridast. Fylkeskommunen meiner at parkeringsføresegna i dei vedtekne og gjeldande reguleringsplanane på Forus er svært liberale, og at det vil vere naudsynt med ei innskjerping dersom den vidare utviklinga i området skal bidra til å oppfylle nullvekst- og klimamåla.
Statsforvaltaren i Rogaland fremja i brev av 11. mars 2019 motsegn til ei parkerings-dekning på maksimalt 0,9 plassar per 100 m2 BRA. Dei meiner at det er ei for høg parkeringsdekning gitt dei eksisterande parkeringsareala på Forus. Det er naudsynt å prioritere kollektiv, sykkel og gonge for å nå nullvekstmålet. Den vedtekne parkerings-dekninga er difor i strid med dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.
Statsforvaltaren viser til føreslått parkeringsdekning på maksimalt 0,3 parkeringsplassar per 100 m2 BRA frå hovudhøyringa til den interkommunale planen. Denne parkeringsnorma blei valt fordi det var naudsynt med endring for å sikre berekraftig mobilitet og for å nå nullvekstmålet for personbiltransport. I tillegg viser statsforvaltaren til at det allereie er svært mange parkeringsplassar på Forus, slik at parkeringsdekninga i praksis vil vere mykje høgare enn norma i lang tid framover. Statsforvaltaren viser vidare til at det har vore konfliktfylt å halde på parkeringsnorma frå hovudhøyringa og føreslår i tilleggshøyringa ei parkeringsdekning på maksimalt 0,5 plassar per m2 BRA. Statsforvaltaren viser òg til at ei parkeringsdekning på maksimalt 0,5 plassar per m2 BRA vil vere i tråd med den nye Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke.
Mekling blei gjennomført den 23. august 2019 utan at partane blei samde. Kommunane Stavanger, Sandnes og Sola vedtok planen i sine respektive kommunestyre i september 2023 etter at dei andre resterande motsegnene blei løyst i 2022 og 2023.
Sandnes kommune bad den 23. november 2023 på vegne av dei tre kommunane om at saken blei oversendt til Kommunal- og distriktsdepartementet for avgjerd. Kommunane meiner at andre plangrep enn parkeringsdekning, som til dømes kor framtidige arbeidsplassar lokaliserast, vil bidra til at nullvekstmålet nås. Dei viser òg til at fleire delar av Forus har dårleg parkeringsdekning i dag, at det ikkje vil byggjast fleire plassar enn naudsynt, og at ein felles norm kan justerast seinare. Dei viser til at næringsparkar andre stader i landet har høgare parkeringsdekning enn 0,5 plassar per m2 BRA, og at det er viktig med gode rammevilkår for Forus næringspark.
På møtet med departementet den 22. februar 2024 viste kommunane òg til at ein restriktiv parkeringsnorm kan gjere området mindre attraktivt og føre til at nybygg og bygg som rehabiliterast får dårlegare parkeringsdekning enn eksisterande bygg. Dette kan vere konkurransevridande, og kommunane fryktar at det kan få uheldige konsekvensar for utviklinga på Forus.
Statsforvaltaren i Rogaland sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet i brev av 13. desember 2023. Statsforvaltaren viser til at reduksjon av talet på parkeringsplassar saman med rushtidsavgift er det viktigaste verkemiddelet for å få fleire til å velje vekk bilen på Nord-Jæren, og at dette difor er eit sentralt verkemiddel for å oppnå nullvekstmålet. I oversendinga sluttar statsforvaltaren seg til motsegnsstyresmaktene si grunngjeving. Statsforvaltaren legg vekt på at føreslått parkeringsdekning er i strid med den regionalt vedtekne parkeringsnorma som skal bidra til at regionen kan nå nullvekstmålet, i tråd med regional plan, inngått byvekstavtale og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.
Møte om saka og synfaring blei halde den 22. februar. På møtet deltok representantar frå Sandnes kommune, Stavanger kommune, Sola kommune, Rogaland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Rogaland, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Klima- og miljødepartementet rår i brev av 25. mars 2024 til å ta motsegnene til følgje. Den vedtekne parkeringsdekninga strider mot formålet med regionalplanen for Jæren og Søre Ryfylke og nullvekstmålet i byvekstavtalen. Etter departementet si vurdering er planføresegna om parkeringsdekning i IKDP Forus i strid med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, punkt 4.2 og 4.3.
Departementet meiner at liberale parkeringsføresegner kan påverke utviklinga i ei retning som det kan vere vanskeleg å reversere seinare. Departementet viser til at dei lokale partane i byvekstavtalen for Nord-Jæren har framforhandla ei avvikling av rushtidsavgifta i 2019, og at Nord-Jæren i dag får statleg tilskot for å kompensere for dei reduserte bompengetakstane. Samstundes viser departementet til at bompengar saman med parkeringsrestriksjonar er blant dei mest effektive tiltaka for å redusere personbiltransporten. Departementet meiner difor at ein restriktiv parkeringsnorm er eit sentralt verkemiddel for å bidra til å nå nullvekst-målet i byvekstavtalen, og vil vere naudsynt for å lykkast i å omstille til meir miljøvenlege alternativ som kollektivtransport, gonge og sykkel.
Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om motsegnene til kommunedelplanen skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.
Departementet har lagt avgjerande vekt på at den interkommunale planen bør ha ei parkeringsdekning som gjer det mogeleg å nå nullvekstmålet. Nullvekstmålet er forankra i dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanegging. Byvekstavtalane er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å nå nullvekstmålet, og både staten og dei lokale partane i byvekstavtalen har forplikta seg til tiltak for å nå nullvekstmålet. Bompengar og parkeringsdekning vil vere viktige verkemiddel for å nå dette målet. Departementet legg til grunn at ein stor del av arbeidsplassane på Nord-Jæren er lokalisert på Forus og at dette talet vi auke framover. Samstundes er bruken av bil for reisande til og frå Forus svært høg, med ein andel på 80 prosent. Det vil difor vere naudsynt med ei stor endring viss utviklinga skal vere i tråd med nullvekstmålet.
I den første høyringa av plandokumentet for den interkommunale planen i 2018 blei det tilrådd ei parkeringsdekning på maksimalt 0,3 plassar per m2 BRA. Seinare har man gjennom utarbeidinga av Regional plan for Jæren og Søre Ryfylke landa på maksimalt 0,5 plasser per m2 BRA for næringsføremål både med høg og lav arbeidsplass- og besøksintensitet for Stavanger sentrum, Sandnes sentrum og Forus (sone 1). Ei parkeringsdekning på 0,9 parkeringsplassar per m2 BRA er difor i den regionale planen berre tillate for næringsføremål med høg arbeidsplass- og besøksintensitet utanfor desse områda (sone 2 og 4).
At den interkommunale planen er vedteken etter at den nye regionalplanen tredde i kraft, gjer det naturleg å sjå på planføresegnene i desse planane i samanheng. Departementet meiner at det vil vere uheldig at eit sentralt næringsområde som Forus har parkeringsføresegner som strider mot den gjeldande regionale planen.
Departementet legg òg vekt på at staten gjennom byvekstavtalen bidreg med store investeringar i bussveg og sykkelinfrastruktur, som vil vere sentrale element i ei framtidig transportløysing for Forus. Det er naudsynt med ei restriktiv parkeringsdekning for å sikre ei endring i reisemiddelval frå arbeidsreiser med bil og over til kollektivtransport, sykkel og gonge. Parkeringsføresegnene for nye byggetiltak på Forus vil vere eit naudsynt verkemiddel for å bidra til denne omlegginga, for å nå nullvekstmålet og samstundes dra nytte av dei offentlege investeringane i byvekstavtala.
Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet Interkommunal kommunedelplan for Forus, vedteken i møter i kommunestyret i Sandnes 04.09.2023, sak 107/23 IKDP Forus, plan 2015116, i kommunestyret i Stavanger 25.09.2023, sak 75/2023 IKDP Forus, plan 130K, og i kommunestyret i Sola 28.09.2023, sak 70/2023 IKDP Forus, plan 60, med følgjande endring:
Parkeringsdekning for Forus i planføresegna 1.9.1 a. skal vere maksimalt 0,5 plasser per 100 m2 BRA for alle typar føremål utanom bustader.
Departementet ber om at kommunane gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd. Kommunane er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.
Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-16, siste ledd.
Med helsing
Erling Sande
Kopi:
Miljø- og klimadepartementet
Rogaland fylkeskommune
Sandnes kommune
Sola kommune
Stavanger kommune