Kommuneproposisjonen 2017 og Revidert nasjonalbudsjett 2016
Rundskriv | Dato: 28.06.2016 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nr:
H-7/16
Vår referanse:
16/401
Dette rundskrivet orienterer om handsaminga i Stortinget av Kommuneproposisjonen 2017 (Prop. 123 S (2015 – 2016) ), jf. Innst. 410 S (2015 – 2016) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med kommuneproposisjonen la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2016 (Meld. St. 2 (2015 – 2016)) og Prop. 122 S (2015 – 2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016, jf. Innst. 400 S (2015 – 2016) frå finanskomiteen. Stortinget fatta vedtak i desse sakene 15. og 17. juni 2016.
Innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på nettsidene til Stortinget.
1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2017
Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2017 er følgjande:
- Realvekst i dei samla inntektene i storleik 3,25 til 4 mrd. kroner, som utgjer ei realvekst på mellom 0,7 og 0,8 pst. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2016 i Revidert nasjonalbudsjett 2016.
- Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 3,75 og 4 mrd. kroner.
- Kommunane får mellom 3,45 og 3,7 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene. Av desse midlene er 300 mill. kroner grunngitt med opptrappingsplanen på rusfeltet.
- Resterande del av veksten i dei frie inntektene på 0,3 mrd. kroner går til fylkeskommunane.
- Stortinget vedtok ei skjønsramme på 2 360 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2017.
Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2017 (Prop. 1 S (2016-2017)). Statsbudsjettet 2017 blir lagt fram torsdag 6. oktober 2016.
2. Revidert nasjonalbudsjett 2016
2.1.Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2016
2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)
Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene (-873,9 mill. kroner)
Frå 1. mai 2016 er det sett i verk eit forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene. Forsøket inneber at dei seks kommunane som deltek i forsøket i perioden 1. mai 2016 til 30. april 2019 får tilskot til omsorgstenester som statlege tilskot eller eit øyremerkt tilskot, og ikkje som rammetilskot. Løyvinga på kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot blir redusert med 873,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 761, post 65 Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene. Dette beløpet omfattar 389 mill. kroner som utgjer Tønsberg kommune sin del av uttrekket. Tønsberg kommune trekte seg frå forsøket etter at revidert nasjonalbudsjett 2016 blei lagt fram. Uttrekket vil bli justert for dette ved nysalderinga av budsjettet hausten 2016.
Forsøk med ny oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern (-193,8 mill. kroner)
Barne- og likestillingsdepartementet har frå 1. april 2016 sett i verk eit forsøk med ny oppgåve og ansvarsfordeling mellom kommunalt og statleg barnevern. Løyvinga til forsøket blei auka med 247,6 mill. kroner i Saldert budsjett 2016 for å kompensere kommunane som deltek i forsøket. Utrekninga som låg til grunn for dette blei gjort før forsøkskommunane var valde ut. Dei utvalde forsøkskommunane skal ha ein samla kompensasjon på 53,8 mill. kroner i 2016, og løyvinga på kap. 571, post 60 blir difor redusert med 193,8 mill. kroner. Fordelinga av kompensasjonen blir vist i vedlegg 1.
Østre Toten kommune (-5,5 mill. kr)
Østre Toten kommune har rapportert inn for mange personar med psykisk utviklingshemming i kommunen for 2016. Det har ført til at kommunen har fått berekna eit for høgt innbyggjartilskot. Stortinget har vedteke at innbyggjartilskotet til kommunen blir redusert med 5,5 mill. kroner, og at midlane blir omdisponerte til post 64 Skjønstilskot.
Endringane inneber ein samla reduksjon på kap. 571, post 60 på 1 073,2 mill. kroner.
2.1.2 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 571, post 60)
Auka lærlingtilskot (24,5 mill. kroner)
Stortinget vedtok ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 å auke lærlingtilskotet med 2 500 kroner per kontrakt frå 1. juli 2016. Dette inneber ein auke på 24,5 mill. kroner på kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot. Tilskotet blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for vidaregåande opplæring.
Kompensasjon for vegbruksavgift på naturgass (-90 mill. kroner)
Frå 1. januar 2016 blei det innført ei vegbruksavgift på naturgass. I statsbudsjettet for 2016 blei fylkeskommunane kompensert med 90 mill. kroner for meirutgifter til inngåtte avtalar om offentlege kjøp av persontransporttenester.
Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2016 vedtok Stortinget å ikkje sette i verk vegbruksavgifta på naturgass. Fylkeskommunane vil difor ikkje ha meirutgifter i tilknyting til inngåtte avtaler, og kompensasjonen fell bort.
Endringane inneber ein samla reduksjon på kap. 572, post 60 på 65,5 mill. kroner.
2.1.3 Skjønstilskotet til kommunane (kap. 571, post 64)
Østre Toten kommune blir trekt 5,5 mill. kroner som følgje av for høgt utbetalt rammetilskot i 2016. Midlane blir overførte til kap. 571, post 64 Skjønstilskotet. Samstundes blir 5 mill. kroner overført frå skjønstilskotet og overført til kap. 540 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 25 Medfinansieringsordning for lønnsomme IKT-prosjekter. Løyvinga på kap. 571, post 64 aukar samla med 0,5 mill. kroner til 1 854,5 mill. kroner.
2.2 Eingongstilskot til kommunalt vedlikehald på Sørlandet og Vestlandet
Stortinget har vedteke å løyve 400 mill. kroner i 2016 til kommunar på Sørlandet og Vestlandet som har høg arbeidsløyse. Tilskotet blir fordelt utan søknad til kommunar som oppfyller vilkåra for tilskot over kap. 576 Vedlikehold og rehabilitering, post 60 Tilskudd til vedlikehold og rehabilitering i kommuner. Tildelingskriteria og vilkåra for tilskotet er gitt ei nærare omtale i Rundskriv H - 8/16.
3. Statlege overføringar til kommunesektoren
Vedlegg 3 gir ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerkte tilskot og rammeoverføringar) etter handsaminga i Stortinget av Prop. 122 S (2015 – 2016).
4. Utbetaling av rammetilskot
Endringane i rammetilskotet som følgje av handsaminga i Stortinget av Revidert nasjonalbudsjett 2016 blir betalte ut i samband med utbetalinga av rammetilskotet i juli.
Uttrekka frå rammetilskotet til kommunar som deltek i forsøk med statleg finansiering av omsorgstenesta vil bli fordelte på dei fire siste terminutbetalingane. Kompensasjon til kommunar som deltek i barnevernsforsøket blei utbetalt i termin 3.
Med helsing
Thor Bernstrøm e.f.
avdelingsdirektør
Hege Rønning
seniorrådgjevar