Kommuneproposisjonen 2018 og Revidert nasjonalbudsjett 2017
Rundskriv | Dato: 30.06.2017 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Nr:
H-5/17
Vår referanse:
17/429
Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2018 (Prop. 128 S (2016 – 2017) ), jf. Innst. 422 S (2016 – 2017) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med Kommuneproposisjonen 2018 la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2017 (Meld. St. 2 (2016 – 2017)) og Prop. 129 S (2016 – 2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2017, jf. Innst. 400 S (2016 – 2017) frå finanskomiteen. Stortinget fatta vedtak i desse sakene 12. og 21. juni 2017.
Innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på Stortinget sine nettsider.
1 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2018
Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2018 er følgjande:
- Realvekst i dei samla inntektene i storleik 4,3 til 5,3 mrd. kroner. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2017 i Revidert nasjonalbudsjett 2017.
- Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 3,8 og 4,3 mrd. kroner, som utgjer ein realvekst på mellom 1,1 og 1,2 pst.
- Kommunane får mellom 3,5 og 4,0 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene. Av desse midlane er 300 mill. kroner grunngjeve med opptrappingsplanen på rusfeltet, 200 mill. kroner er grunngjeve med tidleg innsats i barnehage og skule, og 200 mil. kroner er grunngjeve med førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar.
- Resterande del av veksten i dei frie inntektene på 0,3 mrd. kroner går til fylkeskommunane.
- 100 mill. kroner av midlane til fylkeskommunane er gjeve med ei eiga fordeling til ferjefylka.
- Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 900 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2018.
Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2018 (Prop. 1 S (2017-2018)). Statsbudsjettet 2018 blir lagt fram torsdag 12. oktober 2017.
2 Revidert nasjonalbudsjett 2017
2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2017
2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)
Tilskot til fleire barnehagelærarar (172,2 mill. kroner)
Barnehagane blir i dag i all hovudsak finansierte gjennom kommuneramma. For å sikre ei einsarta statleg finansiering vedtok Stortinget at det øyremerkte tilskotet til fleire barnehagelærarar på 172, 2 mill. kroner blir overført til rammetilskotet.
Auka inntektsgrense - gratis kjernetid i barnehage (6,4 mill. kroner)
Stortinget vedtok ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 å auke inntektsgrensa for gratis kjernetid i barnehagane til 450 000 kroner. Rammetilskotet til kommunane er auka med 6,4 mill. kroner som følgje av dette.
Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene (5,7 mill. kroner)
Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 er utrekninga av uttrekket frå innbyggjartilskotet til kommunane i samband med forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene endra. Forsøkskommunane får behalde den delen av veksten i dei frie inntektene som overstig den delen som skal kompensere for demografiske endringar samt pris- og lønsvekst. I 2017 utgjer dette om lag 60 pst. av veksten i dei frie inntektene. Dette ligg til grunn ved utrekning av det korrigerte uttrekket i 2017. Som følgje av dette aukar løyvinga på kap. 571, post 60 i Revidert nasjonalbudsjett 2017 med 5,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 761, post 65 på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett.
Kompensasjon for endringar i skatte- og avgiftsreglane (132 mill. kroner)
Stortinget vedtok ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjettet for 2017 endringar i skatte- og avgiftsreglane, mellom anna lette for privat pensjonssparing og auka minstefrådrag for pensjon. Skatteinntektene til kommunesektoren samla vil bli reduserte med om lag 162 mill. kroner som følgje av desse vedtaka. Av dette gjeld 132 mill. kroner kommunane. Stortinget vedtok ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 at kap. 571, post 60 skal auke med tilsvarande beløp.
Dei fire endringane inneber ein samla auke på kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot på 316,3 mill. kroner.
2.1.2 Skjønstilskot til kommunane (kap. 571, post 64)
Dekning av kostnadar til einsleg mindreårige asylsøkarar (20 mill. kroner)
Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2017 vedtok Stortinget å kompensere kommunar som har hatt utgifter til førebuing av busetjing for einsleg mindreårige flyktningar, som likevel ikkje blei busett i 2016. Kommuneramma er auka med 20 mill. kroner i 2017 som følgje av dette. Justis- og beredskapsdepartementet vil gjeve nærmare informasjon om fordeling av midla og kriterium for tildeling av tilskot.
Endringane inneber ein auke på kap. 571, post 64 Skjønnstilskot med 20 mill. kroner.
2.1.3 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 60)
Auka lærlingtilskot (10 mill. kroner)
Stortinget vedtok ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 å auke lærlingtilskotet med 1 000 kroner per kontrakt frå 1. juli 2017. Dette inneber ein auke på 10 mill. kroner på kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot.
Kompensasjon for endringar i skatte- og avgiftsreglane (30 mill. kroner)
Stortinget vedtok ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjettet for 2017 endringar i skatte- og avgiftsreglane mellom anna lette for privat pensjonssparing og auka minstefrådrag for pensjon. Skatteinntektene til kommunesektoren samla vil bli reduserte med om lag 162 mill. kroner som følgje av desse vedtaka. Av dette gjeld om lag 30 mill. kroner fylkeskommunane. Stortinget vedtok ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2017 at kap. 572, post 60 skal auke med tilsvarande beløp.
Endringane inneber ein samla auke på kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot på 40 mill. kroner.
3. Kommunereform og inntektssystemet
I kommunereforma er det fatta vedtak om samanslåing av 121 kommunar til 47 nye kommunar. Alle kommunar som no slår seg saman blir omfatta av dei økonomiske verkemidla i kommunereforma.
Etter Stortinget sitt vedtak i kommunereforma blir regionsentertilskotet, overgangsordninga til kommunar som slår seg saman og kompensasjon til kommunar som blir ståande ufrivillig åleine utbetalt til kommunane i den ordinære terminutbetalinga av rammetilskotet i juli (termin 7).
3.1 Regionsentertilskotet
I statsbudsjettet for 2017 er det sett av 100 mill. kroner til eit nytt regionsentertilskot. Tilskotet skal gå til kommunar som slår seg saman, og som etter samanslåinga blir meir enn om lag 8 000 innbyggjarar. Kommunar som mottek storbytilskot får ikkje regionsentertilskot.
Regionsentertilskotet er fordelt til dei nye kommunane, og er tildelt med ein sats per samanslåing og ein sats per innbyggjar. Tilskotet i 2017 blir utbetalt til den enkelte kommune i samanslåinga, men midla bør nyttast til fellestiltak for den nye kommunen.
Tilskotet til den nye kommunen er i 2017 fordelt mellom kommunane i samanslåinga etter den enkelte kommune sin del av innbyggjarane i den nye kommunen.
3.2 Overgangsordning til kommunar som skal slå seg saman
Kommunar som slår seg saman og som tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget i inntektssystemet frå 2016 til 2017, blir kompensert for dette gjennom ei overgangsordning fram til samanslåinga trer i kraft.
Gjennom denne overgangsordninga får kommunane full kompensasjon for endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2016 til 2017, korrigert for eventuell kompensasjon gjennom inntektsgarantiordninga. Totalt utbetales det om lag 268 mill. kroner gjennom denne ordninga i 2017.
3.3 Kommunar som blir ståande ufrivillig åleine etter kommunereforma
Nokon kommunar har forsøkt å redusere sine smådriftsulempar gjennom vedtak om å slå seg saman med andre kommunar, utan at det er fatta gjensidige vedtak i nabokommunane. Fleire av desse kommunane tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2016 til 2017, og desse blir no kompensert for deler av dette tapet. Etter Stortingets vedtak i kommunereforma har departementet no fordelt om lag 36 mill. kroner til 23 kommunar som står ufrivillig åleine etter reforma.
3.4 Infrastrukturpott
Departementet kunngjorde i april 2017 eit tilskot til etablering eller forbetring av vegar og digitaliseringstiltak i kommunar som skal slå seg saman. Alle kommunar som har vedtatt å slå seg saman har søkt om tilskot. Kommunal- og moderniseringsdepartementet går no gjennom søknadene, og tar sikte på å kunngjere tildelinga i august 2017.
4. Statlege overføringar til kommunesektoren
Vedlegg 3 gir ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerkte tilskot og rammeoverføringar) etter Stortinget si handsaming av Prop. 129 S (2016 – 2017).
5. Utbetaling av rammetilskot
Endringane i rammetilskotet som følgje av Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 2017 blir utbetalt i samband med utbetalinga av rammetilskotet i juli.
Med helsing
Thor Bernstrøm (e.f.) avdelingsdirektør |
Hege Rønning seniorrådgjevar |
Vedlegg: