Kommuneproposisjonen 2021, revidert nasjonalbudsjett 2020 og koronatiltak fase 3
Rundskriv | Dato: 25.06.2020 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Mottaker: Alle landets kommuner, fylkeskommuner og fylkesmenn
Nr: H-4/20
Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2021 (Prop. 105 S (2019–2020)), jf. Innst. 383 S (2019–2020) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med Kommuneproposisjonen 2021 la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2020; Meld. St. 2 (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020, jf. Innst. 360 S (2019–2020) frå finanskomiteen.
Den 29. mai la regjeringa fram Prop. 127 S (2019–2020) med økonomiske tiltak i møte med utbrotet av covid-19.
Stortinget fatta vedtak i desse sakene 17. og 19. juni.
Innstillingane frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på Stortinget sine sider.
1 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2021
Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2021 er følgjande:
- Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 2 og 2,4 mrd. kroner.
- Kommunane får mellom 1,6 og 2 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene.
- Fylkeskommunane får 400 mill. kroner i vekst i frie inntekter i 2021.
- Realvekst i dei samla inntektene i storleik 1,4 til 1,9 mrd. kroner.
- Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 377 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2021.
I kommuneproposisjonen pkt. 2.2.1 står det følgjande om berekning av inntektsveksten i 2021:
"Inntektsveksten for 2021 som varsles i denne proposisjonen, er regnet fra anslått inntektsnivå i 2020 i revidert nasjonalbudsjett 2020, korrigert for virkningene av virusutbruddet, jf. punkt 2.1.2. Korrigeringen gjøres ved at veksten i 2021 regnes med utgangspunkt i skattenivået i 2020 slik det ble anslått i saldert budsjett 2020, dvs. anslag fra før virusutbruddet. Ekstraordinære bevilgninger knyttet til virusutbruddet holdes utenom beregningsgrunnlaget når veksten fra 2020 til 2021 skal beregnes."
I brev av 2. juni 2020 til Arbeiderpartiet si stortingsgruppe frå kommunal- og moderniseringsministeren vart denne omtalen presisert slik:
"I Kommuneproposisjonen 2021 signaliseres det at regjeringen legger opp til en realvekst i frie inntekter på mellom 2 og 2,4 mrd. kroner i 2021. Inntektsveksten skal i henhold til vanlig praksis regnes fra anslått inntektsnivå i 2020 i revidert nasjonalbudsjett, men skal i tillegg korrigeres for virkningene av virusutbruddet. Videre står det at denne korrigeringen gjøres ved at veksten i 2021 regnes med utgangspunkt i skattenivået i 2020 slik det ble anslått i saldert budsjett for 2020. Ekstraordinære bevilgninger knyttet til virusutbruddet holdes utenom beregningsgrunnlaget når veksten skal beregnes, slik ekstraordinære bevilgninger vanligvis behandles.
Det som avviker fra den normale praksisen, er altså at regjeringen legger til grunn at det i år skal gis et særskilt tillegg som sikrer at kommunesektoren kompenseres for den reelle skattesvikten utover det som automatisk kompenseres gjennom lavere kommunal kostnadsvekst. Det er altså en reell skattesvikt sammenlignet med det som ble lagt til grunn ifm. saldert budsjett. Hensikten er å unngå at utgangspunktet for beregningen av realvekst i frie inntekter for 2021 blir lavere på grunn av noe som antas å være en midlertidig effekt på inntektsnivået i 2020. Dette tillegget anslås til 1 875 mill. kroner. I praksis betyr dette at kommunesektoren i 2021 tilføres knapt 1,9 mrd. kroner utover den signaliserte veksten på 2 til 2,4 mrd. kroner.
Inntektsnivået som realveksten i frie inntekter skal regnes ut fra, er følgelig anslått RNB-nivå beregnet på vanlig måte med et særskilt tillegg på 1 875 mill. kroner. Ekstraordinære bevilgninger knyttet til virusutbruddet holdes utenom beregningsgrunnlaget når veksten skal beregnes, slik ekstraordinære bevilgninger vanligvis behandles. Dette gir et nominelt inntektsnivå for 2020 som skal ligge til grunn for fastsettelsen av inntektsnivået for 2021."
Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2021 (Prop. 1 S (2020–2021)). Statsbudsjettet 2021 blir lagt fram onsdag 7. oktober 2020.
2 Revidert nasjonalbudsjett 2020
2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2020
2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)
Sårbare barn (150 mill. kroner)
Det er vedtatt å auke rammetilskotet med 150 mill. kroner til tiltak som er retta mot sårbare barn og unge.
- 75 mill. kroner er grunngitt med ein auke i tilgjengelegheit i helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert helsestasjon for ungdom (HFU), mellom anna i skulane sin sommarferie. Midlane er fordelte etter kommunen sin prosentdel av talet på barn mellom 0-17 år som lever i hushald med låg inntekt. Tal frå FHI sin folkehelseprofil. Det er sett eit minstenivå på 50 000 kroner per kommune.
- 75 mill. kroner er grunngitt med avlastingstiltak for barn og unge med store behov. Midlane vil bli fordelte etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse.
Tilskot til fastlegar (233,3 mill. kroner + 33,3 mill. kroner)
For å sørgje for rekruttering til og stabilitet i fastlegeordninga er det vedtatt ei endring i innretninga på basistilskotet. Frå 1. mai 2020 er det innført eit knekkpunkt i basistilskotet til fastlegane svarande til 1 000 listeinnbyggjarar. Satsen under knekkpunktet vil vere høgare enn satsen over knekkpunktet. Kommunane vil bli kompenserte gjennom ein auke i rammetilskotet på 233,3 mill. kroner i 2020. I tillegg er det vedtatt å etablere eit grunntilskot frå 1. mai 2020. Grunntilskot er eit tilskot for to år til fastlegar med færre enn 500 listeinnbyggjarar på liste si, dersom dei har eit listetak over 500. Utgiftene er berekna til 50 mill. kroner per år. Rammetilskotet blir auka med 33,3 mill. kroner i 2020 som følgje av endringa. Midlane er fordelte etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse.
Regulering av barnehagemiljø m.m. (5 mill. kroner)
Innføringa av ytterlegare krav og plikter til barnehagane, i samband med innføringa av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll, vil medføre auka krav til kommunen som barnehagemyndigheit. Det er vedtatt å løyve 5 mill. kroner i 2020 for å kompensere kommunane, og det er vedtatt å fordele midlane etter delkostnadsnøkkelen for barnehage i inntektssystemet.
Forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene (-4,3 mill. kroner)
Forsøk med statleg finansiering av kommunale omsorgstenester er finansiert ved at deltakarkommunane får eit trekk i rammetilskotet, som blir overført til kap. 761, post 65 under Helse- og omsorgsdepartementet. I revidert nasjonalbudsjett for 2020 er trekket for dei fire forsøkskommunane Selbu, Stjørdal, Bjørnafjorden og Lillesand korrigert med 4,3 mill. kroner som følgje av innlemming i rammetilskotet av tilskot til dagaktivitet til heimebuande med demens. Midlane er vedtatt overførte frå kap. 571, post 60 til kap. 761, post 65 under Helse- og omsorgsdepartementet.
Utsett overføring av skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten (460,3 mill. kroner)
Overføringa av skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten er vedtatt utsett til 1. november 2020, og løyvinga på kap. 571, post 60 er vedtatt auka med 460,3 mill. kroner, som blir fordelte etter delkostnadsnøkkelen for administrasjon. Uttrekket frå rammetilskotet i 2019 i samband med overføringa vart også fordelt etter delkostnadsnøkkelen for administrasjon.
Stine Sofies barnehagepakke (-2,5 mill. kroner)
Det blir gjort eit uttrekk frå rammetilskotet til kommunane på 2,5 millionar kroner i 2020. Uttrekket blir gjort med eit likt beløp per innbyggjar. Midla skal gå til Stine Sofies barnehagepakke.
Samla sett inneber endringane ein auke på kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot på 875,1 mill. kroner. Sjå vedlegg 1.
2.1.2 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 60)
Null- og lågutslippsferjer (150 mill. kroner)
For å kunne leggje til rette for at fylkeskommunane kan prioritere miljøvennlege ferjeløysingar, utan at det slår ut i auka ferjetakstar, bli rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 150 mill. kroner. Midlane blir gitt ei særskild fordeling. I samband med handsaminga av kommuneproposisjonen, vedtok Stortinget at 1/3 av midlane skal fordelast etter ferjekriteria i kostnadsnøkkelen, og 2/3 etter ferjesamband med el-ferje i drift per 2020.
Kriteriet for ferjer i kostnadsnøkkelen er i hovudsak "dei normerte ferjekostnadene". I tillegg er kriteriet "skolereiser med ferje" tatt med i utrekninga, men dette kriteriet har låg vekt. Den delen av midlane som er knytt til ferjesamband med el-ferje, blir fordelt med eit likt beløp per samband som har el-ferje i dag eller som vil innføre det innan utgangen av året. I alt vil 29 ferjesamband ha el-ferje per 31.12.2020, og kvart samband utgjer med det om lag 3,45 mill. kroner.
Samla auke på kap. 572, post 60 er 150 mill. kroner.
2.1.3 Skjønstilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 64)
Bortfall av inntekter i kollektivtrafikken (1 500 mill. kroner)
Ved handsaminga av Prop. 117 S (jf. Innst. 360 S) løyva Stortinget 1,5 mrd. kroner til fylkeskommunane, for å kompensere for inntektsbortfall i kollektivtransporten.
Midlane vil bli fordelt etter fylkeskommunanes prosentdel av det berekna inntektsbortfallet. Anslaget for inntektsbortfallet bygger på opplysningar Statens vegvesen har henta inn frå fylkeskommunane: rekneskapstal for perioden mars–mai, og prognose for perioden juni–desember. Anslag på meirkostnader til skoleskyss er ikkje inkludert i tala som er brukt for å rekne ut den relative fordelinga mellom fylkeskommunane.
Samle auke på kap. 572, post 64 er 1,5 mrd. kroner.
3 Koronatiltak – fase 3 - Prop. 127 S
3.1 Rammetilskotet til kommunane
3.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)
Kompensasjon for redusert formues- og inntektsskatt (550 mill.kroner)
Det er vedtatt å auke verdsetjingsrabatten for aksjar og driftsmidel mv., og å auke den skattefrie fordelen ved kjøp av aksjar mv. i arbeidsgjevarselskapet. Det er berekna at dette vil redusere kommunane sine inntekter frå formues- og inntektsskatt med om lag 550 mill. kroner i 2020. Kommunane vil bli kompenserte for desse endringane ved ein tilsvarande auke i innbyggjartilskotet. Midlane er fordelte etter kommunen sin del av skatteinntektene etter inntektsutjamning i 2019.
Samla auke på kap. 571, post 60 er 550 mill.kroner
3.1.2 Skjønstilskotet til kommunane (kap. 571, post 64)
Auke i skjønsramma (100 mill. kroner)
Løyvinga til skjønstilskotet til kommunane er vedtatt auka med 100 mill. kroner i 2020. Midlane skal kompensere kommunane for utgifter til å setje i stand kritisk infrastruktur etter naturskade.
Auke i skjønsramma – smittevern (400 mill. kroner)
Det er vedtatt ein auke i skjønstilskotet på 400 mill. kroner for å dekke utgifter til smittevern i det kommunale tenestetilbodet. Midlane, som blir fordelte av fylkesmennene, skal gå til kommunar med særleg store utgifter til smittevern, for eksempel innanfor omsorgstenesta, barnehage eller skule. Midlane er fordelte i kroner per innbyggjar, med differensierte satsar, der det er tatt omsyn til den kumulative smittesituasjonen i kvart fylke, per. veke 23 jf. FHIs rapport.
Samla auke i løyvinga på kap. 571, post 64 er 500 mill. kroner.
3.2 Rammetilskotet til fylkeskommunane
3.2.1 Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane (kap. 572, post 60)
Auke i lærlingtilskotet (170 mill. kroner)
Det er vedtatt ein ekstraordinær auke i lærlingtilskotet frå hausten 2020 på 4 250 kroner per lærekontrakt. Innbyggjartilskotet til fylkeskommunane er auka med 170 mill. kroner for å kompensere fylkeskommunane for auka utgifter som følgje av dette. Midlane er fordelte til fylkeskommunane etter delkostnadsnøkkelen for vidaregåande opplæring.
Karriererettleiing til deltakarar i introduksjonsprogrammet (10 mill. kroner)
Det er vedtatt ein auke på 10 mill. kroner i løyvinga til karriererettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Midlane er fordelte til fylkeskommunane med eit likt beløp per innbyggjar.
Kompensasjon for bortfall av inntekter i kollektivtrafikken (600 mill. kroner)
Kollektivtrafikken køyrer no i stor grad som vanleg, men gjeldande krav om avstand mellom passasjerane inneber at transportmidlane køyrer med redusert kapasitet. Det er difor forventa at inntektssvikten framleis vil vere betydeleg. Ved handsaminga av Prop. 127 S og Innst. 360 (2019-2020) er det vedtatt å auke løyvinga med ytterlegare 600 mill. kroner, og kompensasjonen for inntektsbortfallet i kollektivtransporten er med det på totalt 3,1 mrd. kroner i 2020. Anslaget for inntektsbortfallet bygger på opplysningar Statens vegvesen har henta inn frå fylkeskommunane: rekneskapstal for perioden mars–mai, og prognose for perioden juni–desember. Anslag på meirkostnader til skoleskyss er ikkje inkludert i tala som er brukt for å rekne ut den relative fordelinga mellom fylkeskommunane.
Samla er løyvinga på kap. 572, post 60 auka med 780 mill. kroner.
4 Vedlikehald og rehabilitering i kommunar (576, post 60)
Det blir innført eit øyremerkt tilskot til kommunesektoren på 2,5 milliardar kroner over kapittel 576, post 60 til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av kommunal infrastruktur. Føremålet med tilskotet er å bidra til auka aktivitet i bygg- og anleggsbransjen, og dessutan å henta inn noko av vedlikehaldsetterslepet i kommunane.
Fordeling og utbetaling
2 mrd. kroner av tilskotet blir fordelt med eit likt beløp per innbyggjar, basert på innbyggjartal per 1. januar 2020, medan 0,5 mrd. kroner blir fordelt etter den einskilde kommune sin del arbeidsledige, basert på tal frå Nav per april 2020, då arbeidsløysa var 9,6 prosent. Tilskotet blir gitt til alle kommunar utan søknad. Tildeling til den einskilde kommune er vist i vedlegg 2.
Heile tilskotet vil bli utbetalt i samband med terminutbetalinga av rammetilskotet i juli.
Kriterium for bruk av tilskotet
Tilskotet er eit eingongstilskot for 2020. Midlane må bli brukte på prosjekt som startar opp i 2020, det vil seie at kontrakt med entreprenør må vere inngått. Midlane skal bli brukt til prosjekt og tiltak som kjem i tillegg til allereie vedtatte prosjekt, i kommunen sitt opphavlege, vedtatte budsjett for 2020. Kommunane må utforme og dimensjonere tiltaka sine i tråd med denne føresetnaden.
Tilskotet skal nyttast til tiltak innan vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av bygg, anlegg og vegar. Dette omfattar infrastruktur som er eigd av organisasjonar som er regulerte i kommunelova eller kommunal særlov, dvs. kommunen, kommunale føretak (KF), interkommunale politiske råd, kommunale oppgåvefellesskap og interkommunale selskap (IKS).
Tilskotet skal gå til kjøp av tenester, og kan ikkje bli brukt på prosjekt som blir utførte av kommunane sine eigne etatar eller av kommunale føretak. Mellombelse tilsetjingar i kommunane av registrerte arbeidsledige vil likevel liggje innanfor tilskotsordninga.
Tilskotet kan òg nyttast til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av kyrkjebygg, dvs. kyrkjer som kommunane etter kirkeloven har eit økonomisk ansvar for.
Tilskotet kan òg nyttast til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av bygg, vegar og anlegg som er eigde av verksemder som får kommunale driftstilskot. Tilskotet kan likevel ikkje gå til verksemder som driv forretningsverksemd eller i dei høva der bygget eller anlegget som nyt godt av tilskotet, blir brukt i forretningsverksemd. Dette inneber at òg barnehagar, skular, sjukeheimar, omsorgsinstitusjonar, museum, idrettsanlegg osb. som er eigde av andre enn kommunen eller fylkeskommunen sjølve, kan vere potensielle mottakarar av tilskotet, så framt dei oppfyller dei nemnde kriteria. For dei kommunane som gjennom tiltakspakka vel å finansiere vedlikehald, rehabilitering eller oppgradering av bygg og anlegg som dei sjølv ikkje eig, vil dette innebere at meirverdiavgiftskompensasjonen blir redusert.
Tilskotet skal ikkje gå til investeringar i nybygg/nyanlegg, bortsett frå mindre investeringar som ikkje i vesentleg grad fortrenger andre vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt.
I enkelte høve vil same prosjekt kunne komme inn under både vedlikehaldstilskotet og andre statlege tilskotsordningar, t.d. investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, eller bustadtilskot til utleigebustader frå Husbanken. Dersom eit prosjekt delvis blir finansiert gjennom andre øyremerkte tilskotsordningar, kan ikkje det same prosjektet bli finansiert med vedlikehaldstilskotet.
Ut over alminnelege vedlikehaldstiltak og innhenting av vedlikehaldsetterslep, kan tilskotet til dømes bli nytta til tiltak for tilrettelegging for besøk i sjukeheim.
Det er ikkje krav om kommunal eigendel for å kunne få tilskotet. Tilskotet skal i utgangspunktet fullfinansiere vedlikehaldsprosjekt i regi av kommunen eller ved kjøp av tenester. Ved tiltak som har høgare kostnadsramme enn tilskotet, kan kommunen supplere med eigne midlar.
Rapportering og kontroll
Kommunane må i etterkant gi ei samla rapportering til fylkesmannen om bruken av tilskotet. Ubrukte midlar som følgje av at tiltak ikkje har blitt sette i gang i 2020, må betalast tilbake. Rapporteringa skal òg angi til kva for eit formål (gruppert etter KOSTRA-funksjoner) og i kva for eit år (utgiftsført i 2020 eller sett av på bundne fond per 1.1.2021, ev. ikkje brukt i tråd med kriteria) tilskotet har blitt brukt.
Revisor skal attestere at midlane har blitt brukte i tråd med dei nemnde kriteria, eventuelt òg oppgi kva for eit beløp som skal betalast tilbake. For kommunar der tilskotet utgjer mindre enn 500 000 kroner, er det likevel ikkje krav om revisorattestasjon.
Fylkesmannen rapporterer vidare til departementet. Rapporteringa frå fylkesmennene treng berre omfatte i kva grad kommunen har brukt midlane i tråd med føresetnadene eller ikkje, og dessutan eventuelle saker der det kan bli snakk om tilbakebetaling, i tillegg til at rapporteringa til kommunane på bruken av tilskotet etter KOSTRA-funksjonar og år må vere inkluderte.
Fristen for rapporteringa frå fylkesmennene til departementet er 26. mars 2021.
Rekneskapsføring
Korleis tilskotet er brukt er styrande for inntekts- og utgiftsføringa og for funksjonsbruken. Den delen av tilskotet som blir brukt på tiltak som etter forskrift og KRS 4 frå Foreningen for god kommunal rekneskapsskikk (GKRS) skal bli utgiftsført i driftsrekneskapen, og blir òg inntektsført i driftsrekneskapen. Den delen av tilskotet som blir brukt på tiltak som i samsvar med forskrift og KRS 4, skal bli ført i investeringsrekneskapen, blir òg inntektsført i investeringsrekneskapen. Tilskotet blir inntektsført på KOSTRA-art 700 Refusjon fra staten under den KOSTRA-funksjonen som dei respektive tiltaka høyrar inn under. Tiltaka blir utgiftsførte på dei KOSTRA-funksjonane som dei respektive tiltaka høyrar inn under.
I dei høva der tiltak har blitt sette i verk, men ikkje er fullførte i 2020, men der tilskotet er bunde opp til konkrete prosjekt, blir ubrukte midlar knytt til tiltaket sette av til eit bunde driftsfond eller eit bunde investeringsfond, avhengig av kva for type tiltak det er snakk om.
5 Statlege overføringar til kommunesektoren
Vedlegg 4 gir ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerkte tilskot og rammeoverføringar) etter Stortinget si handsaming av Prop. 117 S (2019–2020).
6 Utbetaling av rammetilskot
Alle endringane i rammetilskotet som følgje av Stortinget si handsaming av revidert budsjett for 2020 blir utbetalte i terminutbetalinga 3. juli.
Med helsing
Thor Bernstrøm (e.f.)
avdelingsdirektør
Hege Rønning
seniorrådgjevar
Vedlegg
Vedlegg 1 Endringer i rammetilskuddet til kommuner (xlxs)
Vedlegg 2 Vedlikeholdstilskudd (xlxs)
Vedlegg 3 Endringer i rammetilskuddet til fylkeskommuner (xlxs)
Vedlegg 4 60-postliste per RNB 2020 (xlxs)